SpareBank 1 Forsikring
Vi er Norges raskast veksande pensjonsselskap med dei mest fornøgde pensjonskundane.
Vi er Norges raskast veksande pensjonsselskap med dei mest fornøgde pensjonskundane.
Administrerande direktør Wenche Seljeseth
I 1929 blei SpareBank 1 Forsikring etablert under namnet Livsforsikringsaktieselskapet Samvirke. SpareBank 1 Forsikring er ein samannslutning av fleire fusjonar og fekk det noverande namnet sitt i 2013.
SpareBank 1 Forsikring vart etablert for å gje folk ei trygg og lokal løysing for pensjon og forsikring. Med solid forankring i lokalsamfunna, har SpareBank 1 Forsikring utvikla seg til å bli ein trygg og påliteleg partner for både verksemder og privatpersonar.
Selskapet kombinerer lang erfaring med moderne løysingar, slik at kundane kan føle seg ivareteke gjennom heile livet.
Saman skapar vi gode dagar er vår visjon. Den handlar om felles samspel mellom våre medarbeidarar, kundar, distributørar og forvaltarar. Vi deler ansvaret for å skape verdi og gode dagar for den enkelte og for fellesskapet – miljøet og samfunnet.
I SpareBank 1 Forsikring jobbar vi for at dagen i dag, morgondagen og dagane langt der framme skal vere gode.
Vi har solide eigarar med eit stort distribusjonsnettverk gjennom SpareBank 1-bankane. Samtidig er vi eit lite og smidig selskap med 150 engasjerte tilsette som brenn for å gje deg best mogleg pensjon på ein berekraftig måte.
Kundane våre er både bedriftskunder og privatkunder. Saman med SpareBank 1 Gruppen understøttar vi LO-forbunda med medlemma og foreiningane deira.
Ønsker du å vite meir om korleis vi jobbar med berekraft og kva initiativ vi støttar?
I SpareBank 1 Forsikring er vi stolte av korleis vi jobbar med likestilling og likelønn. Vi har likelønn blant tilsette som følger lønnsregulativet. Per 31.12.2023 hadde kvinner 101 % av lønna til menn.
Kjønnsfordelinga i selskapet er også jamn, med 55 % kvinner og 45 % menn (per 31.12.2023).
Likelønn er eit av hovudprinsippa i godtgjersleordninga vår.
Her finn du meir informasjon om korleis vi jobbar med lønn og lønnsutvikling (pdf).
Likestilling - andel kvinner |
2023 | 2022 | 2021 | 2020 | 2019 | Mål |
Styre | 43 % | 29 % | 14 % | 14 % | 29 % | 50 % |
Leiargruppe | 50 % | 50 % | 40 % | 44 % | 47 % | 50 % |
Mellomleiarar | 53 % | 58 % | - | - | - | 50 % |
Totalt i selskapet | 55 % | 55 % | 51 % | 52 % | 52 % | 50 % |
Likelønn | 2023 | 2022 | 2021 | 2020 | 2019 | Mål |
Kvinner sin andel av lønna til menn i % |
101 % | 101 % | 104 % | 102 % | 99 % | 100 % |
Forretningsadresse | Calmeyers gate 5, 0183 Oslo |
---|---|
Postadresse | Postboks 340 Sentrum, 0101 Oslo |
Telefonnummer | (+47) 21 02 50 50 |
Føretaksregister | Brønnøysundregistera, Telefon (+47) 75 00 75 00 |
Organisasjonsnummer | 915 651 321 |
Tillating | Selskapa har konsesjon frå Finansdepartmentet til å drive forsikringsverksemd, og Finanstilsynet fører tilsyn med verksemda. |
Adresse til Finansdepartementet | Akersgata 40, 0188 Oslo Postboks 8008 Dep, 0030 Oslo Telefon (+47) 22 24 90 90 |
Det er viktig at du er fornøgd med å vere kunde hos oss. Viss noko ikkje er som det skal, set vi pris på at du fortel det til oss.
Alle klager til selskapet skal behandlast og rapporterast etter Finanstilsynet retningslinjer for klagebehandling i bank-, finans-, forsikrings- og verdipapirverksemd. Formålet med retningslinjene er å sikre tilstrekkeleg forbrukarvern gjennom å sikre:
SpareBank 1 Forsikring har utpeika ansvarlege klagebehandlarar i alle avdelingar med direkte kundekontakt. Desse skal bidra til at selskapet handterer alle kundeklager i tråd med dei retningslinjene vi er pålagt og på best mogleg måte. Som kunde kan du rekne med å få svar innan to veker, som er normal behandlingstid hos oss. Dersom vi treng litt lengre tid, får du beskjed om årsaka og når du kan forvente eit grunngitt svar.