Berekraft i SpareBank 1 Forsikring

For å nå dette målet, må vi heile tida vidareutvikle oss som eit berekraftig selskap som tar samfunnsansvar. FNs berekraftsmål gir tydeleg retning på korleis vi kan bidra til ei meir berekraftig verd. Vi skal vere ein pådrivar for berekraftig utvikling og som kunde kan du vere trygg på at vi forvaltar pensjonen din på ein god og berekraftig måte.

Fokus på fire berekraftsmål

FNs berekraftsmål er verda sin felles arbeidsplanen for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.

Vi jobbar for å støtte alle 17 av FNs berekraftsmål, men har valt ut fire av måla som vi har eit ekstra fokus på for å bidra til ei meir berekraftig verd. 

Initiativ og medlemsskap

sb1-pensjon-baerekraft-un-pri
 
United Nations Principles for Responsible Investments (UN PRI)

UN PRI er det største initiativet for ansvarlege investeringar. Samtidig er UN PRI (med pliktig TCFD rapportering) i dag den beste eigna internasjonale standarden for ESG rapportering. Alle våre eksterne forvaltarar har skrive under på FNs prinsipp for ansvarlege investeringar. 

Les meir om UN PRI.

 
Task force on Climate-Related Financial Disclosures (TCFD)

TCFD er eit rammeverk for klimarisikorapportering. Forbetra forståing av klimarelaterte risikoar og moglegheiter er nøkkelen til å nå 1.5-gradersmålet i Paris-avtalen. Relevant rapportering speler ei avgjerande rolle for å sette finansmarknadene i stand til å prise risiko riktig. TCFD-rapportering har kraft til å auke transparens, noko som gjer marknadane meir effektive.

Les meir om TCFD.

SpareBank 1 Gruppen har signert UN Global Compact

UN Global Compact inspirerer bedrifter til å gjere
berekraftsutfordringar til konkrete forretningsmoglegheiter, og støtter våre
medlemmer i arbeidet sitt med ansvarleg og berekraftig drift.

SpareBank 1 Forsikring er eit dotterselskap av SpareBank 1 Gruppen, som igjen er eigd av Sparebank 1-bankane og LO. 

Les meir om UN Global Compact.

Vi har signert Kvinner i Finans Charter

Målet til Kvinner i Finans Charter er å auke andelen kvinner i leiande posisjonar i finansnæringa i Noreg. 

Likestilling og mangfald er ein viktig del av utviklinga mot eit meir berekraftig samfunn. Sjølv om den positive effekten av auka andel kvinner i leiande posisjonar i næringslivet er godt dokumentert, går utviklinga likevel for sakte.

Vi er derfor stolte av å ha signert Kvinner i Finans Charter. Gjennom å forplikte oss til handling ved konkrete mål og tiltak gjer vi det vi kan for å bidra til at andelen aukar.

Les meir om Kvinner i Finans Charter

 

Vi har signert grønvaskingsplakaten

Grønvasking er kort forklart at bedrifter promoterer varer eller tenester som grøne eller berekraftige, utan å ha tilstrekkeleg grunnlag for å hevde dette. Det bidrar til å forvirre og villeie bedrifter og forbrukarar som ønsker å ta berekraftige val.

Vi stiller oss bak innhaldet i grønvaskingsplakaten og lovar å gjere vårt ytste for å følge desse prinsippa. Vi vil vere med å bidra til at det grøne skiftet skjer raskare! 

Les meir om grønvaskingsplakaten.

Vi støttar Oslokassa

Vi støttar Oslokassa, eit aktiviseringstiltak for menneske med utfordringar knytt til rus og psykisk helse.

Å ha eit meningsfylt innhald i kvardagen er viktig for alle, og Oslokassa gir menneske som har falle utanfor nye moglegheiter og betre livskvalitet. Samtidig er det ei god investering som gir samfunnsmessig avkastning ved å få folk i arbeid og aktivitet. 

Oslokassa tilbyr interiørstyling utanom det vanlege, og har pynta lokala våre med mellom anna fleire Wabi Kusa (innandørs miniatyrhagar), postkasser og akvarium. 

Følg Oslokassa på Instagram.

Ønsker du å vite meir om korleis banken jobbar med berekraft?

Les meir om arbeidet vårt med berekraft

 

Kontakt oss i SpareBank 1 Forsikring

Telefon

21 02 50 50

Linkedin

Følg oss

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }