Lov om berekraft
Lova tredde i kraft 1. januar 2023 og innlemmar to EU-forordningar, klassifiserings- og offentleggjeringsforordninga, i norsk rett.
Lova tredde i kraft 1. januar 2023 og innlemmar to EU-forordningar, klassifiserings- og offentleggjeringsforordninga, i norsk rett.
Offentleggjeringsforordninga gir føringar for kva informasjon som skal vere tilgjengeleg på selskapet sine nettsider og ved sal av finansielle produkt.
Hensikta er å gjere det enklare for deg som kunde å samanlikne ulike selskap og hindre «grønvasking» av finansielle produkt. Viss eit produkt blir marknadsført som grønt eller berekraftig, må selskapet ha informasjon tilgjengeleg som viser kvifor investeringane kan sjåast på for å vere berekraftige til dømes ved å vise til rapporteringa knytt til klassifiseringsforordninga.
Lova er eit viktig steg for å sikre transparens i finanssektoren og gje kundar eit felles samanlikningsgrunnlag, men samtidig er det viktig å påpeike at dette ikkje vil vere ei komplett løysing og må bli tilpassa over tid.
Det vil vere utfordringar knytt til blant anna datakvaliteten som inngår i rapportane og rapporteringa viser berre eit augneblinksbilde. Investeringar i selskap som er under omstilling vil derfor kunne få ein negativ karakter, som ikkje nødvendigvis er representativt for korleis selskapet vil gjere det i åra framover.
Klassifiseringsforordninga, også kjent som taksonomiforordninga, skal gje eit felles sett med konkrete kriterium for å avgjere om ein økonomisk aktivitet kan klassifiserast som berekraftig. Den økonomiske aktiviteten må oppfylle minimumsvilkåra for sosiale rettar og bidra vesentleg til minst eitt av dei seks miljø- og klimamåla, utan at aktiviteten påverkar dei andre måla negativt.
Dei seks måla er:
1. Avgrensing av klimaendringar
2. Klimatilpasning
3. Berekraftig bruk og vern av vass- og havressursar.
4. Omstilling til ein sirkulærøkonomi
5. Førebygging og bekjemping av forureining
6. Vern og gjenoppretting av biologisk mangfald og økosystem.
Dette er opplysningar selskap skal rapportere og på sikt bli fastsett som ein prosentvis karakter, som viser kor stor del av investeringane og inntektene til selskapet som blir sett på som berekraftige. Kriteria er fastsette i eit teknisk regelverk som tarf or seg alle seks måla. Rapporteringsplikta for dei to første måla trer i kraft 1.1.2022 i EU og frå 1.1.2023 må europeiske selskap rapportere alle seks måla. Når dette trer i kraft i Norge får vi vite når lovforslaget er ferdig behandla.
Berekraftsvurderingar og identifisering av risikofaktorar knytt til miljø, sosiale forhold og selskapsstyring (ESG) inngår, på lik linje med andre finansielle faktorar, i alle investeringsavgjerder. Framtidsanalysen, herunder berekraftsrisiko er eit sentralt utgangspunkt for forvaltninga.
Korleis ein integrerer og rapporterer ESG og berekraftsrisiko, er ein funksjon av det forvaltingsmessige utgangspunktet. Det er stor forskjell på porteføljekonstruksjon, analyse- og rapporteringsverktøy, eigarskaputøving om ein er ein passiv eller ein aktiv forvaltar.
Selskapet vurderer fortløpande ESG – faktorar og hensyntar eventuelle negative effektar frå investeringsavgjerdene våre på tvers av aktivaklasser og forvaltningsformer. Eit særtrekk ved kapitalforvaltninga vår er at vi bruker eksterne forvaltarar i porteføljekonstruksjonen. Vi hensyntar dermed negative effektar gjennom posisjonen vår som frittståande og uavhengig aktør der vi til ei kvar tid kan velje forvaltarar som blir sett på som best eigna til å levere risikopremiar under skiftande marknadsforhold med berekraft integrert i investeringsprosessen. Gjennom forvaltningsmodellen til selskapet, samarbeider SpareBank 1 Forsikring med sterke internasjonale og nasjonale fagmiljøer innanfor kapitalforvaltning som tilfører selskapet betydeleg kompetanse og ressursar, inkludert på berekraft. Dette er med på å hjelpe oss til å identifisere og prioritere investeringar med minst mogleg negative effektar. Alle våre eksterne forvaltarar vurderer vesentlege negative effektar, utfører risikoanalysen av selskap det skal investerast i.
Les meir her om korleis vi tar omsyn til negative berekraftskonsekvensar (pdf)
I SpareBank 1 Forsikring er vi stolte av korleis vi jobbar med likestilling og likelønn. Vi har likelønn blant tilsette som følger lønnsregulativet. Per 30. september 2021 hadde kvinner 105 % av lønna til menn.
Kjønnsfordelinga i selskapet er også jamn, med 51 % kvinner og 49 % menn.
Likelønn er eit av hovudprinsippa i godtgjersleordninga vår.
Her finn du meir informasjon om korleis vi jobbar med lønn og lønnsutvikling (pdf).