Tips og råd
BankID
BankID er ein sikker og enkel måte å identifisere deg på nett. Du kan bruke BankID når du skal handle i nettbutikkar, logge inn i nettbanken og signere dokument.
BankID er ein sikker og enkel måte å identifisere deg på nett. Du kan bruke BankID når du skal handle i nettbutikkar, logge inn i nettbanken og signere dokument.
Du må møte opp i banken og identifisere deg med pass m/RFID, reisebevis m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort for å få BankID. Finn bankkontor. Vi hjelper deg med resten!
Last ned BankID-appen på mobiltelefonen din, så slepp du å hugse passord eller tenke på kor du la frå deg kodebrikka!
No kan du logge inn i banken og på andre nettstader, signere dokument og avtaler, og handle trygt på nett.
Svindlarar blir stadig meir utspekulerte i metodane sine. Her kan du sjekke om du ville avslørt svindelforsøket!
BankID er ein sikker og enkel måte å legitimere seg på nett. Du kan bruke BankID når du skal logge inn i banken og på andre nettstader, når du skal handle på nett, og når du må signere dokument og avtalar.
Derfor kan du ikkje låne bort din BankID
Har du ein forelder som synest at teknologien begynner å bli vanskeleg og som treng hjelp til å logge inn i banken? Eller er du kanskje økonomiansvarleg i familien?
Då har vi løysinga for deg! Ta med gyldig legitimasjon og d-nummeret ditt til oss, så får du tilgang til mobil- og nettbanken.
De som er foreldre kan bestille BankID for barn og unge mellom 12 og 18 år.
Når alle med foreldreansvar har signert avtalen, sender vi ein SMS med beskjed om at BankID er klar.
Då kan ungdommen kome innom banken med pass m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort og få BankID.
Det kan vere fleire grunnar til at du ikkje får brukt BankID. Dette kan skuldast nettlesaren, BankID-appen, eller at nettbanken er mellombels utilgjengeleg.
Viss du får ei feilmelding som startar med BID, så handlar feilen om BankID.
Nei, det må du ikkje, og du kan bli kunde hos oss med BankID frå annan bank.
Men når BankID med annan bank opphøyrer, og du må få ny BankID, kan du få det ved å møte hos din næraste SpareBank 1 med pass m/RFID, reisebevis m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort.
Er du over 18 år og har norsk pass eller norsk ID-kort kan du bestille nytt passord sjølv i BankID-appen.
Slik gjer du:
Du kan også gå inn på denne sida hos bankid.no og skanne QR-koden som så opnar BankID-appen for deg.
Viss du er under 18 år eller ikkje har norsk pass/norsk ID-kort, kan du ringe oss på 57 82 97 00, så hjelper vi deg vidare.
Sjå også:
Sperre kort
Sperre BankID
Opne sperra BankID
Viss du er over 18 år og har eit norsk fødselsnummer, kan du møte opp i banken med legitimasjon for å få BankID.
Gyldig legitimasjon for å få BankID er pass m/RFID, reisebevis m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort. Vi ber om å sjå legitimasjonen din fordi det er eit lovpålagt krav.
Barn og ungdommar mellom 12 og 18 år må også komme innom banken med pass m/RFID eller norsk nasjonalt ID-kort for å få BankID.
Som forelder kan du bestille BankID til barnet ditt nettbanken. Når alle med foreldreansvar har signert avtalen sender vi ein SMS med beskjed om at BankID er klar, slik at ungdommen sjølv kan møte opp i banken og få BankID.
Er du over 18 år og har norsk pass eller norsk ID-kort kan du bestille nytt passord sjølv i BankID-appen.
Slik gjer du:
Du kan også gå inn på denne sida hos bankid.no og skanne QR-koden som så opnar BankID-appen for deg.
Viss du er under 18 år eller ikkje har norsk pass/norsk ID-kort, kan du ringe oss på 57 82 97 00, så hjelper vi deg vidare.
Last ned avtalevilkåra for BankID
Slik oppfyller vi dei europeiske krava til sikker elektronisk identifikasjon:
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium