FOND FORKLART

Fond – det beste valet!

Når du har valt å investere i fond, har du tatt det beste valet for pengane dine når du skal spare langsiktig. 

Men kva er eigentleg eit fond?

Eit fond er ei samling verdipapir, som for eksempel aksjar i børsnoterte selskap

Marihøne

Du kan sjå på fond som eit spleiselag. Når du sparer i eit fond, kjøper du ein liten del av fondet. Dette betyr at du eig ein liten del av alle investeringane fondet gjer. 

Eit fond er investert i mange selskap, ofte innanfor forskjellige bransjar og med ulik geografisk fordeling.

Fondssparing er for alle

Skal du spare i meir enn to år, og ønsker at pengane dine veks over tid, er fond den beste måten å spare på. 

Video placeholder image
  • Du treng ikkje å vere ein ekspert for å spare i fond. Profesjonelle forvaltarar tek seg av investeringane for deg.
  • Spreier investeringa i mange ulike selskap, som reduserer risikoen, samtidig som du tek del i verdiskaping.
  • Moglegheit for høgare avkasting samanlikna med ein vanleg sparekonto. Gjennom historia har dette vist seg å vere lønnsamt.
  • Full uttelling av  utan å skatte av mogleg gevinst undervegs. 

Kva er forskjellen på fond og aksjar?

Enkelt forklart, når du sparer i fond, spreier du investeringa di på mange ulike selskap. Kjøper du ei aksje i eit selskap, får du altså ein liten eigardel i dette selskapet. 

Blomsterpottene nedanfor representerer ulike aksjar, kvar i si eiga potte. Vel du å investere i fond, får du ein variert bukett sett saman i ei kurv.

Sprei investeringane dine

Diversifisering er å spreie investeringane dine for å redusere risiko.

korg

Diversifisering betyr å spreie investeringane på tvers av ulike typar fond, bransjar og land for å redusere risiko. Tanken er at om éi investering går dårleg, kan andre investeringar gå bra og balansere ut tapa.

Målet er å ha ein balansert

, som toler forskjellige marknadsforhold og gir ulike svingingar.

Forskjellige typar fond

Eit fond er ei kollektiv investering, der mange spararar går saman om å plassere pengane sine i finansmarknaden.
Det finst tre hovudtypar fond: aksjefond, rentefond og kombinasjonsfond

Video placeholder image

Aksjefond passar for deg med lang sparehorisont, gjerne 10 år eller meir, som ønsker høg avkasting og toler verdisvingingar. Fondet investerer i mange børsnoterte selskap på tvers av bransjar og geografiske område, som gir brei risikospreiing.

Rentefond er eit tryggare val for kortare sparehorisontar eller for deg som ønsker mindre svingingar. Rentefond investerer i ulike typar

. Når du sparar i rentefond, låner du i praksis bort pengane dine og tener på rentene som selskapa betaler. 

Kombinasjonsfond er ein blanding mellom aksje- og rentefond, der du basert på din eigen tidshorisont, toleranse for svingingar og avkastingsforventing kan velje den spareprofilen som passar deg best. 

Valet av fondtype avhenger i stor grad av kor lenge du skal spare og kor store svingingar du toler. Uansett er fond ei god løysing for langsiktig sparing. 

Aktiv og passiv forvaltning

Aksjefond kan i hovudsak delast inn i to kategoriar – indeksfond og aktivt forvalta fond.

Fond kan vere aktivt eller passivt forvalta.

  • Aktivt forvalta fond har ein forvaltar eller eit team av forvaltarar som bestemmer kva aksjar eller verdipapir som skal kjøpast og seljast. Målet er å plukke vinnarar, og gi deg som eig fond høgere avkasting enn referanseindeksen fondet målast mot.
  • Indeksfond er ei form for aksjefond som følger  , som hovudindeksen på Oslo Børs eller verdsindeksen. Målet er å gjenskape avkastinga i den delen av aksjemarknaden som fondet følger.  

Kort om avkasting
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnader ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.

For deg som handlar fond og verdipapir

Sjå avtalar og retningslinjer