FOND FORKLART
Spareavtale
La sparinga gå av seg sjølv. Sett opp automatiske trekk – så treng du ikkje tenke på sparinga!
FOND FORKLART
La sparinga gå av seg sjølv. Sett opp automatiske trekk – så treng du ikkje tenke på sparinga!
Ein spareavtale i fond inneber at du regelmessig investerer eit fast beløp.
Det er nesten umogleg å time marknaden, derfor er spareavtalar genialt. Med ein spareavtale sparer du automatisk kvar månad, både når markedet er dyrt og når det er billeg.
Det er viktig å halde seg roleg sjølv om marknaden svingar litt i periodar. Tida er din venn når du sparer i fond.
1. Du sparer jamt og trutt
Med ein spareavtale set du av pengar jamleg, som oftast kvar månad. Dette hjelper deg å bygge gode sparevanar som varer.
2. Du kjøper fond når marknaden svingar
Marknaden går opp og ned, og med ein spareavtale kjøper du nye fondsandelar både når prisane er lave og høge. Når prisane er lave, får du fleire andelar for pengane – det er som å kjøpe på salg. Dette kan gi deg betre avkasting på sikt.
3. Alt skjer automatisk og du sparer tid
Når du har sett opp spareavtalen, går alt av seg sjølv. Pengane blir trekt automatisk frå kontoen din kvar månad, slik at du held spareplanen.
4. Pengar du ikkje har på konto kan du ikkje bruke
Når sparinga skjer automatisk, blir det ein del av kvardagsøkonomien din. Mange vel å setje opp trekket rundt lønningsdag, slik at du sparer litt pengar før du rekker å bruke dei på noko anna.
5. Du tenker meir langsiktig
Når du sparer fast, er det lettare å fokusere på målet ditt i staden for å bekymre deg for små svingingar i marknaden. Det hjelper deg å unngå impulsive avgjerder som kan skade avkastinga di.
6. Du har full kontroll og fleksibilitet
Du kan enkelt starte, endre eller stoppe spareavtalen din når du vil – direkte i nettbanken eller mobilbanken. Hugs at om du tar ein pause i sparinga kan det gå utover avkastinga di, og du kan gå glipp av gode periodar.
EKSEMPEL
Oslo Børs gjennom pandemien
Eksempelet viser korleis ein spareavtale på 1000 kroner per månad ville utvikla seg under børsfallet som oppstod då Covid-pandemien braut ut i 2020. Den 1. januar 2020 stod Oslo Børs i 930 poeng, noko som betyr at du ville fått (1000/930) 1,08 andelar for pengane dine. I februar og mars 2020 fall Oslo Børs relativt kraftig, og nådde 719 poeng i byrjinga av april. På dette tidspunket ville du fått 1,4 andelar for tusenlappen du sparer.
I desember 2020 var børsen tilbake til same nivå som den var ved året start. Det vil seie at du verken hadde tent eller tapt pengar om du hadde sett inn eit eingangsbeløp. Gjennom spareavtalen hadde du derimot spart 1000 kroner kvar månad, både når børsen fall og steig, og du hadde i sum opparbeida deg 14,42 andelar i løpet av perioden. Når børsen deretter var tilbake til utgangspunktet hadde du ein marknadsverdi på 13.410 kroner. Ettersom du kun hadde sett inn 12.000 kroner i løpet av perioden var avkastinga di 1410 kroner, noko som tilsvarar ca. 12 prosent.
Kilde: ODIN, Oslo Børs
Kva er ein fondsandel?
Ein fondsandel er ein eigardel i eit fond. Når du plasserer pengar i eit fond kjøper du andelar i fondet, og desse kallast fondsandelar. Kor mange aksjar du får avheng av kor mykje pengar du investerer, og kva prisen på aksjane er når du plasserer pengane.
Rentes rente oppstår når du får renter, ikkje berre på beløpet du starta sparinga med, men også på rentene som kvart år blir lagt til det opprinnelege sparebeløpet.
Med rentes rente-effekten meinar ein at du får renter (gevinst) både på sparepengane du har sett inn og på allereie oppnådd gevinst.
Rentes rente-effekten kan gjerne samanliknast med måten ein snøball veks når den vert rulla i kram snø. Jo lenger han vert rulla, jo fortare veks han. Eit beløp som blir spart i aksjefond kan ein forvente at vil doble seg omtrent kvart tolvte år (før skatt og prisstigning).
I slike turbulente tider kan det vere lett å ta impulsive avgjerder, som å selje seg ut i panikk når verdien har falle.
Sjølv om det kan vere ubehageleg å sjå verdien på sparepengane dine svinge, er det viktig å ikkje la turbulensar påvirke deg og spareplanen din. – Å selje når verdien har falle er ofte ei dårleg avgjerd.
Det er dei lange linjene som gjeld når du sparer i fond, og ikkje dei kortsiktige svingingane som kan oppstå undervegs. Tida er din venn!
Kort om avkasting
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnader ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.
For deg som handlar fond og verdipapir