Tips og råd

Flytte saman

Du og kjærasten skal flytte saman. Korleis skal de dele utgiftene og kva er det lurt å tenke på?

 


Unngå 90 prosent av kranglinga

Det er vanskeleg å sjå for seg at forholdet ikkje skal vare når de flyttar saman og blir sambuarar. Tankane er på noko heilt anna enn fordelingar av eigedelar viss det blir brot.

Men det er lurt å ha ein tydeleg avtale på kven som eig kva, uansett om de leiger eller eig. Ein sambuarkontrakt gjer at de må vere opne med kvarandre om økonomi, og den gjer ein vanskeleg situasjon litt lettare viss det ein gong skulle skjere seg mellom de. 

Det er smart å ha ein konto de delar der alle felles rekningar betalast frå, og ein konto der de kjøper felles mat. Viss de sparer til noko de skal kjøpe eller gjere saman, er ein sparekonto greitt å ha.

Jobbar begge eller er den eine student? Skal de dele 50/50 eller skal den eine betale litt meir? Sett opp faste betalingar til felleskonto(ar) kvar månad rundt lønningsdag.

Prøv SIFOs kalkulator for forbruksutgifterog sjå korleis økonomien dykkar kan bli.

De kan spare mykje på å ha forsikringane èin plass. Det kan òg vere behov for nye forsikringar når de flyttar saman, til dømes innbuforsikring. Viss de eig bustad saman er det viktig å ha livsforsikring slik at de er sikra om den eine skulle døy. 

1. Få ei oversikt over kva forsikringar de har. Dette finn du ofte viss du loggar inn i mobilbanken eller hos forsikringsselskapet dykkar. 

2. Snakk med ein rådgjevar for å finne ut kva forsikringar de kan slå saman og kva de kan kvitte dykk med. Sjå våre forsikringar

Spar pengar ved å kvitte dykk med abonnement de ikkje treng. Sjekk kva abonnement begge har. Kva ønsker de å behalde? De kan enkelt få oversikt og si opp dei abonnementa de ikkje vil ha i mobilbanken.

Kva er rettferdig fordeling av bustadlånet?

  • Ha som mål å dele bustadlånet 50/50. 
  • Står bustadlånet på ein person når de flyttar saman, er det lurt å kjøpe seg inn så snart som mogleg.
  • Spør gjerne om hjelp frå rådgjevaren i banken for å sikre ei rettferdig fordeling av bustadlånet. 

Har du lyst til å prate med oss?

Det er mykje å tenke på når de skal flytte saman. Kanskje har de lyst til å kjøpe bustad eller leilegheit saman? Les meir om bustadlån her eller la ein av våre rådgjevarar hjelpe deg. 


{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }