Betaling til og frå utlandet

Skal du sende pengar til utlandet, gjer du det trygt og raskt i mobil- eller nettbank. Du kan òg få ditt IBAN her.
 

Hands holding credit card and using laptop. Online shopping

Skal du få pengar frå utlandet?

Sørg for at personen som skal sende pengar til deg veit følgjande:

  • namnet ditt og adressa di
  • ditt IBAN, du finn det ved å skrive inn kontonummeret ditt i feltet nedanfor
  • vår BIC (SWIFT) er: SOFJNO22
  • valutasort og beløp

Her finn du adressa til banken: 
Postboks 113, 6801 Førde

Finn ditt IBAN

Slik betaler du til utlandet

Rettleiing – sjå steg for steg korleis du betaler til utlandet:

Prisar

  • Betaling i Euro mellom bankar i land som er medlem av EU/EØS. Kostnadar må vere delt mellom avsendar og mottakar. Det må brukast IBAN og SWIFT/BIC ved betaling. 20 kr.
  • Andre overføringar til konto under NOK 2 000 i annan valuta 50 kr
  • Andre overføringar til konto over NOK 2 000 i annan valuta 100 kr

Prisane gjeld ved betaling i nettbank for ordinære betalingsoverføringar utan tilleggstenester (sjå alle prisar), og der betaler berre dekker eigne omkostninger.



Kva lurer andre på?


Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no