Vipps
Med Vipps kan du enkelt betale, overføre og få pengar med mobilen.
Med Vipps kan du enkelt betale, overføre og få pengar med mobilen.
Vipps, så kan ungdom sende og få pengar mellom foreldre og venner. Foreldre må godkjenne opprettinga av profil, og om ein kan sende pengar. Dei har òg fullt innsyn i transaksjonar i nettbanken sin.
For å opprette Vipps må ein ha ein bankkonto og eit norsk mobilnummer. Her kan du bestille bankkort for barn eller bankkort for ungdom.
Korleis aktiverer ein Vipps for dei under 15 år?
Så lenge ungdommen har eige bankkort, kan han eller ho opprette ein fullverdig Vipps utan foreldrekontroll. Då kan ein også betale lag, foreiningar og bedrifter, betale på nett, betale rekningar, gjere opp utlegg i ei gruppe og sjekke saldo.
Ungdomar mellom 15 og 18 år som skal bruke Vipps, treng BankID. Dette må bestillast av foreldre, og ungdommen må kome innom oss med gyldig pass.
Lei av å taste inn KID- og kontonummer? Då har vi gode nyheiter. Med Vipps rekningar slepp du det! Samtidig har du framleis like god oversikt over kva, når og til kven du har betalt.
For å betale eFakturaer med Vipps må du legge til ei betalingskjelde og ha identifisert deg med BankID, men dette treng du berre å gjere éin gong.
Under «Mine kjøp» vil du sjå eFakturaer som ligg til godkjenning. For å betale trykk på knappen «Til godkjenning» og deretter «Godkjenn».
Med Vipps kan du enkelt og raskt betale på nett der dette blir støtta.
Med Vipps kan de dele på utgiftene og gjere opp i ein fei!
Driv du butikk, nettbutikk eller restaurant? Eller skal du arrangere ein loppemarknad, idrettsarrangement eller ei innsamling?
Ta betalt med Vipps! Det er enkelt, ingen kontantar, og det blir mindre kø.
Er du uheldig og mistar telefonen, kan du sperre Vipps.
Ring Vippstelefonen på 24 24 05 10.
Lurer du på noko anna? Du får hjelpa du treng på vipps.no.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium