Lovpålagte produkt
Har du tilsette blir det sett fleire krav til deg som arbeidsgivar. Her finn du produkta du må ha som arbeidsgivar.
Skattetrekkskonto
- Alle bedrifter som betaler ut lønn eller pensjon må ha skattetrekkskonto.
- Kontoen kan berre brukast til førehandstrekk av skatt, som deretter blir innbetalt av bedrifta di til skattestyresmaktene.
Yrkesskadeforsikring
- Alle bedrifter som har tilsette er lovpålagt å ha yrkesskadeforsikring.
- Yrkesskadeforsikring dekker tap, utgifter og eventuell erstatning i fobindelse med sjukdom eller skade som oppstår i arbeidssamanheng.
Pensjon
- Med nokre få unntak er alle bedrifter som har tilsette lovpålagt å spare til pensjon for sine tilsette. Dette kallast obligatorisk tenestepensjon, ofte forkorta til OTP.
- Det finst to hovudtypar pensjon; innskotpensjon og hybridpensjon.
Melde tilsette inn og ut av pensjon og forsikringar?
På innlogga sider kan du enkelt melde tilsette inn og ut av bedrifta sine pensjons- og forsikringsordningar. Der har du òg oversikt over kva forsikringar kvar enkelt tilsett har, og kan administrere samtykker og rollar for eiga bedrift eller tredjepart, til dømes eit rekneskapsbyrå.
Kostnader ved tilsetting
Når du tilset må du rekne med fleire kostnader i tillegg til lønn:
- Pensjon tilsvarande minst 2 % av årslønn
- Arbeidsgivaravgift: 0 - 14,1 % av årslønn + 12 % av pensjonskostnad
- Feriepengar på 12 % av årslønn
- Yrkesskadeforsikring (lovpålagt)
Døme på reknestykke:
Årslønn | 500.000 kr |
Pensjon, 2 % av årslønn | 10.000 kr |
Arbeidsgivaravgift = 12 % av årslønn + 12 % av pensjonskostnad |
61.200 kr |
Feriepengar, 12 % av lønn | 60.000 kr |
Yrkesskadeforsikring | 2.000 kr |
Total | 633.200 kr |