Bankkort for bedrifter
Med bankkort for bedrift, eller Visa bedrift, slepp du utlegg og får betre oversikt over innkjøp.
Bankkort for bedrifter
Med bankkort for bedrift, eller Visa bedrift, slepp du utlegg og får betre oversikt over innkjøp.
Ikkje kunde endå? Bli bedriftskunde og få konto og kort her.
Kortet er produsert av resirkulert plast.
Med bankkortet kan du både ta ut og setje inn pengar på konto i alle Meny- og Kiwi-butikkar, dei fleste Spar-butikkane og enkelte Joker-butikkar.
Handle trygt på nett
Ha banken med deg i lomma
Få oversikta du treng
Har du bankkort for bedrift sperrar du kortet i nettbank bedrift. Logg inn i nettbanken, gå til Min oversikt, Kort, vel det kortet det gjeld og klikk Sperre kort.
Har du ikkje nettbank bedrift, men er privatkunde med mobil- eller nettbank privat, kan du lese meir om korleis du sperrar kortet her.
Kredittkort for bedrift kan du sperre Eurocard-appen, eller ringe 21 01 50 40. Kredittkortet er ei teneste frå Eurocard.
Logg inn i nettbank bedrift. I menyen går du til Kort, og vel det kortet du vil sjå PIN-koden på. Trykk på Vis PIN-kode for å sjå koden.
Når du får eit nytt bankkort må kortet aktiverast. Det kan du gjere enten ved å bruke det i ein betalingsterminal, eller ved å aktivere det i nettbank bedrift under Kort. Det er korteigar eller administrator som kan aktivere kortet i nettbank bedrift.
Er du korteigar og privatkunde i banken kan du også aktivere kortet i den private nettbanken din under fana Kort.
Regionsperre set du ved å logge inn i nettbank bedrift. I menyen går du til Kort, vel det kortet det gjeld, og trykk på Regionsperre. Her kan du velje kva område som skal sperrast, og kva som skal vere opne.
Har du mista eller øydelagt bedriftskortet, kan du erstatte det. Logg inn i nettbank bedrift, gå til Kort i menyen og vel det kortet det gjeld. Trykk på Rebestill eller Erstatt kort for å få tilsendt eit nytt bedriftskort.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium