BankID

BankID er ein sikker og enkel måte å identifisere deg på nett. Du kan bruke BankID når du skal handle i nettbutikkar, logge inn i nettbanken og signere dokument.

Bankid på ein mobil

Slik kjem du i gang

1. Vis fram gyldig legitimasjon

Du må møte opp i banken med pass eller norsk nasjonalt ID-kort for å få BankID. Vi hjelper deg med resten! Finn bankkontor.

2. Last ned BankID-appen

Last ned BankID-appen på mobilen din, så slepp du å hugse passord eller tenke på kvar du la frå deg kodebrikka!

3. Då er du klar til å bruke BankID!

No kan du logge inn i banken og på andre nettstader, signere dokument og avtaler, og handle trygt på nett.

Ta testen – går du på svindelen?

Svindlarar blir stadig meir utspekulerte i sine. Her kan du sjekke om du ville avslørt svindelforsøket!

Banken ringer deg

Kompisen din vil dele gevinst

Du får ein pakke i posten

Video placeholder image

BankID på mobil skal fasast ut

Loggar du inn med BankID på mobil? Då kan det vere greitt å vite at BankID-appen tar over for BankID på mobil, som no er i ferd med å bli fasa ut. Det er ikkje lenger mogleg å bestille BankID på mobil.

Video placeholder image

Kva er eigentleg BankID? 

BankID er ein sikker og enkel måte å legitimere seg på nett. Du kan bruke BankID når du skal

  • logge inn i banken og på andre nettstader
  • handle sikkert på nett
  • signere dokument og avtaler

Ofte stilte spørsmål

Avtalevilkår for BankID

Slik oppfyller vi dei europeiske krava til sikker elektronisk identifikasjon:

BankID

BankID på mobil