Tips og råd
Grønt bustadlån
Du kan få grønt bustadlån med ekstra gode vilkår om du har eller skal kjøpe deg ein energieffektiv bustad.
Du kan få grønt bustadlån med ekstra gode vilkår om du har eller skal kjøpe deg ein energieffektiv bustad.
Skriv i kommentarfeltet på slutten at du ønsker grønt lån og kva som gjer at du kan få det.
Rådgjevarane våre hjelper deg slik at du får utnytta medlemsfordelane dine best mogleg.
Grønt bustadlån er lån til miljøvennlege og energisparande tiltak i nye og gamle bustader, fritidsbustader og hytter.
Lånet gir deg svært gunstig rente på å velje miljøvennlege løysingar, anten du skal bygge nytt, pusse opp eller berre byte til energikjelder med mindre belastning på miljøet.
Energimerkinga finn du i prospektet og i annonsa.
Har bustaden du ønsker å kjøpe energimerking A eller B kan du søke om grønt bustadlån.
Du kan få grønt byggelån, til ei lågare rente, viss utbyggar eller ein godkjent energirådgjevar kan gi ei stadfesting på at huset skal byggast etter standard som vil gi energimerke A eller B etter at huset er ferdigstilt.
Dokumentasjon frå ein energirådgjevar vil då kvalifisere for at byggelånet blir endra til eit grønt bustadlån.
Kva som krevst for å få innvilga eit byggelån kan du lese meir om her.
Dersom du oppgraderer den eksisterande bustaden din til energimerking A eller B, så kan du søke om grønt bustadlån.
Ei slik oppgradering inneber ei betring av varmeisolasjon i ytterveggar, tak, vindauge, ytterdører og grunnmur. Ei ny energimerking etter utbedring krevst for å endre lånet til grønt bustadlån.
Det er anbefalt og kontakte ein godkjent energirådgjevar som kartlegg bustaden din og gir råd om oppgraderingar. Energirådgjevaren vil også gi ein energiplan for bygginga. For oppgraderingar inntil 1.000.000 kroner i kostnad kan du søke om miljølån.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium