Tips og råd
Båtlån
Funne draumebåten? Søk lån hos oss, og gjer deg klar til å nyte båtlivet.
Funne draumebåten? Søk lån hos oss, og gjer deg klar til å nyte båtlivet.
Vi gir lån utan skipspant til båtar under 7 meter. Båtar over 7 meter kan registrerast i Norsk Ordinært Skibsregister (NOR), medan båtar over 15 meter må registrerast i NOR. Skal du kjøpe båt over 7 meter, må han registrerast i NOR for at vi skal kunne finansiere den.
Prisdøme:
Effektiv rente 11,11 %, 350.000 kr over 7 år, kostnad 146.938 kr, totalt 496.938 kr.
Prisdøme:
Effektiv rente 8,60 %, 500.000 kr over 10 år, kostnad 238.204 kr, totalt 738.204 kr.
Produktselskap: SpareBank 1 Finans Midt-Norge.
Gjennom fordelsprogrammet LOfavør får du ekstra god rente på båtlån hos oss.
Rådgjevarane våre hjelper deg slik at du får utnytta medlemsfordelane dine best mogleg.
Vil du vere klar til å kjøpe når draumebåten dukkar opp?
Skaff deg eit finansieringsbevis, så veit du kor mykje du har å rutte med.
Eit båtlån blir redusert i takt med at båten blir mindre verd. Aukar du huslånet for å kjøpe båt, er det smart å betale inn litt ekstra kvar månad.
Kvifor? Huslånet er kanskje på 20 eller 30 år. Det er lenge å betale på ein båt.
Har seljar gjeld på båten, kallast dette heftelsar. Med eit båtlån blir gjelda gjort opp, og seljaren får det som blir igjen.
Aukar du bustadlånet for å kjøpe båt, må du sjølv passe på at seljar betaler det han skuldar.
Viss du vil ta opp båtlån, får du svar på timen.
Vil du auke bustadlånet for å kjøpe båtlån, kan det også gå raskt, men det kan ta noko lengre tid dersom nokon har kausjonert for lånet, eller du har fleire eigedommar som sikkerheit for bustadlånet.
Har du ledig sikkerheit i bustaden din, kan det gi deg betre rente enn om berre båten er sikkerheit for lånet.
Kva som lønner seg, kjem an på kor mykje du skal låne, og kor stor båten er.
Det er mykje å tenke på når du skal kjøpe båt. Lån, forsikring, båtkontrakt, båtplass, vinterlagring og meir. Vi har samla nokre tips og råd som kan vere greitt å ha med seg for deg som skal kjøpe båt.
Ting skjer. Ikkje minst på sjøen. Heldigvis kan du forsikre deg både mot uhell og ubudne gjestar. Samlar du forsikringane dine hos oss, kan du få inntil 20 % rabatt.
I tillegg får du full oversikt over både lån og forsikring i mobil- og nettbanken.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium