Priseksempel: Effektiv rente 23,9 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.518, og du betaler totalt 16.518 kroner.

Mann brukar kredittkortet til netthandel
0 kroner i årsgebyr
0,5 % cashback på alt du handlar (kostar 15 kr/mnd)
0 kroner i gebyr frå oss ved kontantuttak i lokal valuta i utlandet
Video placeholder image

Kva er kredittkort?

Eit kredittkort er eit betalingskort som ikkje er knytt til nokon av kontoane dine. I staden låner du pengar frå banken kvar gong du bruker kortet. Betaler du heile kortrekninga i tide, slepp du å betale renter på lånet.

I tillegg gir kredittkort deg ei rekke fordelar som tryggare netthandel og kortbruk i utlandet, og reiseforsikring inkludert.


Prisar for SpareBank 1 Mastercard

  • Ingen årsgebyr
  • Inntil 45 dagars rentefri kreditt
  • Varekjøp i Norge og utlandet*: 0 kr
  • Kontantuttak i Norge: 40 kr + 1 % av beløpet
  • Kontantuttak i lokal valuta i utlandet: 0 kr (NB! Nokre minibankar i utlandet krev eige gebyr.)
  • Kontantuttak i utlandet som blir belasta i norske kroner blir prisa som kontantuttak i Norge

Priseksempel ved utsett betaling: Effektiv rente 23,9 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.518, og du betaler totalt 16.518 kroner. Produktet blir levert av Kredittbanken ASA.

*Når du nyttar kortet i utlandet eller til uttak av utanlandsk valuta, blir beløpet omrekna til norske kroner. Kursen du får er Mastercard sin kurs på oppgjersdag pluss eit valutapåslag på 2 %.

Kortet er produsert av resirkulert plast.

Kven kan få kredittkort?

For å få kreditt hos oss må du vere over 18 år og ha norsk fødselsnummer. Du kan ikkje ha betalingsmerknadar.

Om reiseforsikringa

Minst halvparten av transportkostnaden for reisa må vere betalt med kredittkortet. Forsikringa gjeld reiser med varigheit innanfor 90 dagar. Inntil fire personar – familie eller andre medreisande – er forsikra.

Du er dekt av eigenandelsforsikringa på leigebil når du har betalt heile leigeforholdet med kredittkortet.

Du melder skade her. Du kan også ringe Tryg på +47 55 17 19 46.

Ved akutt sjukdom eller ulykkesskade kontakt Tryg Alarm på +47 24 24 07 41 eller trygalarm@tryg.no. Tryg Alarm har eigne legar og kontakt med sjukehus og legekontor over heile verda.

 

Faktura og innbetaling

Du vil få faktura ein gong i månaden så lenge du har brukt kortet. Den inneheld kjøp du har gjort siste periode. Har du til dømes forfall den 15. februar, vil alt du har brukt i januar kome med på fakturaen. Bestiller du eFaktura i nettbanken, unngår du fakturakostnadar.
 

Behandling av personopplysningar

Kredittbanken ASA (kortutstedar) er behandlingsansvarleg for dei personopplysningane som blir behandla med grunnlag i avtaleforholdet med korthaldar. 

  • Kortutstedar vil behandle (innhente, bruke og/eller utlevere) personopplysningar om korthaldar innanfor rammer som er gitt i personopplysningslova. Formålet med behandlinga vil i første rekke vere å gjennomføre avtalen om betalingskort, herunder kundeadministrasjon og fakturering.
  • Etter reglar i finansieringsverksemdslova vil kortutstedar òg behandle kredittopplysningar og andre personopplysningar i samband med system for utrekning av kapitalkrav for kredittrisiko.
  • Vidare vil kortutstedar behandle personopplysningar med sikte på å forhindre misbruk av betalingskortet og dessutan førebygge og avdekke straffbare handlingar. Registrerte personopplysningar kan bli utlevert til offentlege styresmakter og andre utanforståande når dette følger av lovfesta opplysningsplikt eller opplysningsrett.

Ei nærare skildring av kortutstedar og banken si behandling av personopplysningar finn du under personvern.

Du kan kontakte personvernombodet i Kredittbanken på personvern@kredittbanken.no om du har spørsmål rundt personvern og bruk av personopplysningane dine.

5 gode grunnar til å la kredittkortet bli reisekortet


Kortreklamasjon

  • Fekk du ikkje vara du bestilte?
  • Gjekk seljaren konkurs?
  • Blir du framleis belasta for eit abonnement du har sagt opp?
  • Har du blitt svindla eller kjenner ikkje igjen transaksjonen?

Då kan du krevje refusjon og få tilbake pengane dine ved å sende inn ein reklamasjon.




Kva lurer andre på?

Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no