Kva kostar det å ta ut pengar med kredittkort?

Om det kostar noko som helst, avheng av om du tar ut pengane i Norge eller utlandet, og om du tar ut i lokal valuta eller ikkje:

  • Kontantuttak i Norge: 40 kr + 1 % av beløpet
  • Kontantuttak i lokal valuta i utlandet: 0 kr (NB! Nokre minibankar i utlandet krev eige gebyr.)

Kontantuttak i utlandet som blir belasta i norske kroner blir prisa som kontantuttak i Norge, og kostar med andre ord 40 kr + 1 % av beløpet. Ta derfor alltid ut i lokal valuta, så slepp du gebyr frå oss.