Vennebetaling

Med vennebetaling på mobilen, kan barna trygt betale tilbake det dei har lånt av vener og familie.

to barn med mobiltelefon

- Akkurat som oss vaksne, treng barna nokre gonger låner pengar. Med vennebetaling i Spink kan dei trygt betale tilbake det dei har lånt av vener og familie, utan å vere avhengige av kontantar, seier Anne Gundersen, konseptansvarleg for familie i SpareBank 1.

Korleis få vennebetaling i Spink?

  1. For å bruke vennebetaling må barnet ha appen Spink og eit bankkort i SpareBank 1. Dersom vennebetaling ikkje er aktivert frå før, må ein forelder gjere det på "Min side" i barnet sin Spink-app. 
  2. For å kunne betale pengar til vener og familie må mottakaren vere førehandsgodkjent av ein forelder. Mottakarar blir lagt til i lista over betalingsmottakarar i Spink-appen med namn, kontonummer og godkjennast deretter med BankID. 
  3. Når mottakarane er godkjent kan barnet sjølv betale til personar som er førehandsgodkjent av ein forelder. Maksgrense på vennebetaling er 1000 kroner på 4 dagar.


Ein av fem seier at barna låner pengar

I ei undersøking gjennomført av Kantar TNS for SpareBank 1, seier ein av fem foreldre at det hender at barna deira låner pengar. Det dei i stor grad låner til er småting som mat, godteri, leikar og spel.

- Vi vaksne veit jo sjølv kor lett det har blitt å Vippse, og vi ser at barna har same behov for enkelt å kunne overføre pengar til vener og familie. Ei slik teneste har vore etterspurt av kundane våre lenge, seier Gundersen.

Les også: Lær barna å spare

Sikkert å betale til vener

For at barnet skal kunne betale og motta pengar frå vener, må ein forelder godkjenne kvar enkelt mottakar. Dette gir foreldre kontroll på barna sitt forbruk, samt kven barna betaler til og får pengar frå.

- Vennebetalingsfunksjonen er ein trygg og lærerik måte for barna å gjere opp for seg på. Den er utvikla i dialog med både foreldre og Forbrukartilsynet, og målet har heile tida vore å gjere den mest mogleg sikker og brukarvennleg, seier Gundersen.

Tenesta har ei maksgrense på 1000 kroner for fire dagar. Dette kjem i tillegg til maksgrensa som ligg i barnebankkortet, som er på same beløp.

Les også: Kvifor skal barnet mitt tenke på pengar?

Dette er Spink

Spink er SpareBank 1 sin mobilbank for barn mellom 6 og 15 år. Appen lar barnet sjå saldo på kortet, få vekes- og månadsoppsummering av forbruket sitt, sjå sparekontoen sin og lære seg å spare ved bruk av sparemål. Barnet kan overføre pengar mellom kortkonto og sparekonto, be foreldre om pengar, og betale til vener og familie gjennom funksjonen vennebetaling.

Andre sider for deg

Når bør barnet få bankkort?
Ingen barn er like. Derfor finst det heller ikkje noko fasitsvar.
Snakk med barna om pengar
3 tips til korleis lære barn om økonomi.
Kor kjem pengane frå?
Mange barn trur at bankkort er ei utømmeleg kjelde til pengar.
God læring i lommepengar
Barn lærer gjennom praktisk øving. Kva med å innføre lommepengar?
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }