Tips og råd
Tips og råd
Få stålkontroll på økonomien
Her får du våre beste tips til korleis du skaffar deg oversikt over økonomien din. Få kontroll på kva du kan bruke og kor mykje du skal betale.
Tips og råd
Her får du våre beste tips til korleis du skaffar deg oversikt over økonomien din. Få kontroll på kva du kan bruke og kor mykje du skal betale.
Følar du at lønninga tar slutt overraskande fort? Eit budsjett kan hjelpe deg med å planlegge økonomien og få eit meir bevisst forhold til kva du bruker pengar på. Her finn du eit forslag til budsjett du kan bruke.
Med Min økonomi i nettbanken og mobilbanken får du verkeleg oversikt over korleis du bruker pengane dine. Alt du bruker blir delt opp i kategoriar, og det er enkelt å sjå kor mykje du bruker i løpet av ein månad.
Under kvar kategori kan du også sjå kva du har betalt for og kor mykje. Ein gyllen moglegheit til å finne ut om du er fornøgd med pengebruken, eller om du kan spare nokre kroner her og der.
Unner du deg ofte småting som kjøpekaffi, sjokolade, vatn på flaske, mat i kantina og liknande? Til saman utgjer desse lommetjuvane tusenvis av kroner i løpet av eit år. Ved å kutte litt på forbruket kan du få råd til andre ting du drøymer om.
Lag fleire kontoar for å organisere økonomien din. Lønnskonto, brukskonto, bufferkonto, sparekonto og rekningskonto. Kva du treng er opp til deg og det er lett å ordne i nettbanken og mobilbanken.
Då kan det vere lurt med ein felles rekningskonto for alle felles rekningar. Det kan òg vere lurt med ein felles brukskonto for felles mat, og viss de sparer til noko de skal kjøpe eller gjere saman, er ein felles sparekonto greitt å ha.
Du kan gi andre tilgang til kontoen din viss du vil, til dømes sambuar eller ektefelle. Du legg sjølv til disponentar til kontoane dine i nettbanken.
Du kan òg invitere nokon som bruker ein annan bank til å sjå kontoane dine hos oss. Du vel sjølvsagt sjølv kva kontoar du ønsker å dele, og med kven. Den du ønsker å dele konto med vil berre få sjå saldo og bevegelsane på konto. Denne moglegheita gjeld berre på bruks- og sparekontoar.
Er du ein av dei som har studielån i Lånekassen, men ikkje har heilt oversikt over kor mykje du har igjen å betale? No kan du sjå studielånet ditt i nettbanken og mobilbanken, og få oversikt over samla gjeld, renter og gebyr. Smart kva?
Du kan skjule kontoen frå oversikta di under kontoinnstillingar i nettbank og mobilbank. Då er det lettare å ikkje bli freista til å overføre frå sparepengane dine.
Kontoar i fleire bankar? Ikkje noko problem! No kan du enkelt legge til og betale med kontoar frå andre bankar i mobilbanken og nettbanken. På denne måten slepp du å logge inn fleire stader for å få full oversikt.
Har du fleire forbrukslån eller kredittkortgjeld kan det lønne seg å samle desse. Det gir færre gebyr og betre oversikt.
Set opp ein plan for å kvitte deg med eksisterande kredittkortgjeld og dyre forbrukslån. Du betaler mindre kvar månad når du samlar alt i eitt lån og du ser lånet ditt i nettbanken og mobilbanken, då veit du alltid kor mykje du skuldar.
Det er heilt uforpliktande å søke om refinansiering. Når du får tilbod frå banken, kan du samanlikne og sjekke kor mykje du sparer opp mot det du har i dag, og på bakgrunn av dette vurdere om du vil akseptere tilbodet.
Treng du hjelp til å skaffe deg betre oversikt over kvardagsøkonomien? Ta ein prat med ein av dei dyktige rådgjevarane våre.
Mobilbanken er lett å bruke, og den raskaste måten å gjere dei mest vanlege banktinga på. Med mobilbanken har du alltid full kontroll og oversikt.
PST! Visste du at du kan sjekke saldo på 3 sekund frå mobilen, med fingeravtrykk? Du treng ikkje passord, kodar eller dingsar når du berre skal ha ei kjapp oversikt over økonomien!
Med mobilbanken har du både full oversikt og kontroll over ditt Mastercard – kvar enn du er i verda.
Her kan du mellom anna:
Nokre gonger skjer det uventa ting; bilen må på reparasjon eller vaskemaskina sluttar å verke. Derfor er det viktig med ein bufferkonto til uventa utgifter. Vi anbefaler at du har buffer på ein til to månadslønner.
Spar til dømes 1000 kroner i månaden. Pengane blir overførte til sparekonto på same tid kvar månad.
Spar til dømes alt over 1000 kroner på lønnskontoen dagen før du får ny lønn. Beløpet blir flytta automatisk til sparekontoen.
Spar eit bestemt beløp, ein prosentdel av det du handlar for eller eit avrunda beløp kvar gong du bruker kortet.