Kundeservice
BankID på mobil
Spør den digitale assistenten din! Viss du ikkje får svaret du treng, koplar vi deg vidare til ein rådgjevar.
Kundeservice
Spør den digitale assistenten din! Viss du ikkje får svaret du treng, koplar vi deg vidare til ein rådgjevar.
Lurer du på noko om den nye BankID-appen? Her kan du finne svar.
Viss du har gløymt BankID-passordet ditt må du ringe oss.
Sjå korleis du enkelt kan ordne mobilbank til barnet ditt.
Med nokre få trykk kan du rydde litt, få betre oversikt, og kanskje spare litt.
Viss innloggingsbilete heng utan at du kjem vidare, har du sannsynlegvis ikkje skrudd på varsling på mobilen. Mobilen din må godta varslar frå BankID-appen. For å skru på varslar må du gjere følgjande:
Gå til Innstillingar på mobilen din:
Har du iPhone?
Vel Varslingar – BankID – Tillat varslingar
Har du Android?
Vel Appvarsler – BankID – Tillat varslar
Når du no har skrudd på varslar skal BankID-appen fungere!
Enkelte gonger kan det ta litt tid før varslinga slår inn, så viss du framleis ikkje får varsel frå appen på mobiltelefonen opnar du berre BankID-appen manuelt.
Vel «Gløymt PIN» øvst i høgre hjørne i innloggingsbilete. Her kan du
lage PIN på nytt med eingongspassordet. Har du ikkje eingongspassordet tilgjengeleg, kontakt oss så sender vi deg eit nytt. Frå nettbanken kan du chatte eller sende oss ei melding, eller du kan ringe oss på 57 82 97 00.
Mobilbank kan du få frå du fyller 13 år dersom du har BankID. Er du 12-14 år må BankID bestillast av foreldre eller føresette. Dersom du er 15 år eller eldre kan du komme innom eit av bankkontora våre for å få BankID. Hugs å ta med gyldig pass eller norsk nasjonalt ID-kort.
For barn over 6 år har vi Spink - mobilbanken for barn.
Du må laste ned appen på den nye mobilen din, og aktivere den på nytt. Når BankID-appen er aktivert på ein ny telefon eller nettbrett vil den slutte å fungere på den gamle.
Det kostar ikkje noko å laste ned eller bruke Spink – mobilbanken for barn. Det kostar heller ikkje noko å ha bankkort for barn frå SpareBank 1.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium