Kredittkort og leigebil

Skal du leige bil i ferien? Då kan det vere smart å betale med kredittkort. Her er 3 gode grunnar til å bruke kredittkortet når du leiger bil.

Trygg betaling av leigebilen

Kredittkort er den tryggaste måten å betale på når du er ute og reiser. Kredittkortet er ikkje knytt opp til brukskontoen din, så kontoen din blir ikkje tømt om du skulle bli svindla ved leige av bil. 

Viss du har betalt for leigebilen på nettet, kan du reklamere enten du har betalt med bankkort eller kredittkort. Med kredittkort er du verne også når du har betalt fysisk hos leigebilselskapet.

par som køyrer leigebil i utlandet

Få rabatt på leigebilen

Bruker du kredittkort frå SpareBank 1, får du opptil 20 prosent rabatt på leigebil frå AVIS, både i utlandet og i Norge. I tillegg får du dekt eigenandelen med inntil 12.000 kroner. Gi deg sjølv tryggleik ved å bruke kredittkort når du leiger ein bil!

Slik får du rabatt når du leiger bil

  1. Gå inn på avis.no
  2. Meld deg inn i AVIS Preferred og legg inn kredittkortet ditt frå Sparebank 1
  3. Før du søker etter ledige bilar, huker du av for at du har ein rabattkode (AVIS Worldwide Discount – AWD) og legg inn koden S099701

I utlandet kan det nokre gonger vere billegare utan rabattkode, fordi det blir køyrt lokale spesialkampanjar. Søk derfor alltid både med og utan AWD-nummer, då veit du at du får den beste prisen.

Få eigenandelsforsikring inkludert

Bruker du kredittkortet, kan du sleppe å betale for unødvendige forsikringar som leigebilselskapa tilbyr. Eigenandelen på leigebilforsikringa er ofte svært høg. Leigebilselskapa sel derfor ein ekstra eigenandelsforsikring som reduserer eigenandelen, eller fjernar han heilt dersom uhellet skulle vere ute.  Bruker du kredittkortet får du dekka eigenandelen med inntil 12.000 kroner.

Tips til deg som skal kjøpe bil

  • Bestill i god tid, og sjekk prisen og kontrakten nøye. 
  • Sett deg grundig inn i avtalevilkåra før du bestiller, slik at slik at du slepp å ta avgjerder om tilleggsutstyr og forsikringar når du hentar bilen. 
  • Ha med både kredittkort og førarkort. Viss fleire skal køyre bilen, krev ofte leigebilselskapet at alle sjåførar er til stades når han blir henta. 
  • Sjekk bilen nøye både ved ut- og innlevering for eventuelle skader . Ta bilde og sørg for at alle skader er notert på skadeskjemaet før du dreg av stad. 
  • Fyll opp tanken før du leverer tilbake bilen. Leigebilselskapa tar normalt eit gebyr for å gjere denne jobben.  

 

God tur og god ferie! Les gjerne ferietipsa våre før du reiser. 

Betal rekningane dine med Mastercard

La kredittkortet bli feriekortet

Bruker du kredittkortet frå SpareBank 1 når du bestiller ferieturen, får du gratis reise- og avbestillingsforsikring.  Det er rett og slett tryggare å bruke dersom noko skulle skje når du er på reise. Du får i tillegg cashback på alt du handlar på reisa!

Har du ikkje kredittkort frå SpareBank 1 endå?

Med SpareBank 1 Mastercard har du pengar i bakhand til gode tilbod eller utgifter som kjem brått på. Kortet er òg smart å ha på reise og til netthandel.

Betaler du rekninga ved forfall, kjem det ingen ekstra kostnader. Priseksempel ved utsett betaling:

Produktet leverast av SpareBank 1 Kreditt ASA.

*Når du nyttar kortet i utlandet eller til uttak av utanlandsk valuta, blir beløpet omrekna til norske kroner. Kursen du får er Mastercard sin kurs på oppgjersdag pluss eit valutapåslag på 2 %.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }