Gjer kredittkortet til feriekortet

Det er lurt å bruke Mastercardet når du bestiller ferieturen – då får du gratis reise- og avbestillingsforsikring. Bruker du i tillegg kortet på sjølve reisa får du fleire rettar og auka sikkerheit. 

Par på biltur

Mange har med seg kredittkortet på ferie, men berre i reserve. Kortet legg dei i safen på hotellrommet, og der blir det liggande heile ferien medan dei betaler for måltid, opplevingar og shopping med det vanlege bankkortet.

Det smartaste er faktisk å gjere det til ein vane å bruke kredittkortet på ferien, og heller la bankkortet bli reservekortet. Med Mastercardet som brukskort på ferien vil du nemleg

  • unngå at kontoen din blir tappa viss kortet blir stole eller misbrukt. Brukskontoen er pengane dine. Kredittkortet er pengane til banken.
  • ha betre klagemoglegheiter og raskare veg til løysing. Har du blitt lurt eller gjort eit dårleg kjøp, kan det vere vanskeleg å reklamere til forhandlaren etter at du har komme heim. Fordelen med kredittkortet er at du enno ikkje har betalt frå eiga lommebok. Gjennom finansavtalelova har du betre rettar ved kredittkortkjøp.
  • få gratis kontantuttak i utlandet. Bruker du Mastercard når du tar ut kontantar i utlandet, får du ikkje gebyr på uttaket.
  • få null gebyr når du bruker kortet når du handlar.
  • sleppe å betale eigenandel på leigebilforsikringa. Har du uhell med leigebilen, blir eigenandelen dekt med inntil 12.000 kroner.

Alltid to kort på reise 

Om noko skulle skje på ferien, som at du mistar eit kort eller blir fråstolen lommeboka, er det kjekt å ha eit anna kort i bakhand. Det kan fort bli styr å få tak i kontantar til resten av ferien om du plutseleg står der utan kort. Ta med både bankkort og kredittkort, og ta vare på dei på ulike stader, så er du på den sikre sida.

Betal fakturaen til forfall, så slepp du renter 

Ved å betale med Mastercard har du heile tida full oversikt og kontroll i nett- og mobilbanken. Ein av fordelane med Mastercard er at du enkelt kan overføre mellom kort og konto, eller betale inn ekstra når det måtte passe.

Hugs berre at du betaler med pengar du låner. Betal fakturaen til forfall, så slepp du å betale renter. 

Skal du til utlandet? Ikkje reis utan kredittkort – bestill i dag!

Priseksempel ved utsett betaling: