Sparekonto barn

Ein sparekonto for deg som vil spare pengar til barna dine. Med sparekonto for barn gir du barnet ein god økonomisk start.

Gut med pengar og sparegris
Praktisk om barnet får pengar i gåve.
Lag gode sparevaner saman med barnet.
Du får ei god rente frå første krone.

Rente på sparekonto til barn

3,40 %
  • Barnet får beste rente frå første krone
  • For deg mellom 0 og 18 år

Oppretting

Begge foreldre (eller verjer) må godkjenne oppretting av konto til mindreårige. Er du einsleg forsørgar eller ønsker å disponere kontoen åleine, må dette dokumenterast. Sparekonto til barn opprettar du i nettbanken din.

Rente

Barnet får god rente frå første krone. Det er inga bindingstid.

Uttak

Overføring mellom kontoar eller anna belastning i nettbanken og mobilbanken blir rekna som uttak.

Illustrasjon. Barn og pappa

Start tidleg!

Vil du gi barna dine økonomisk sikkerheit og litt pengar tilgjengeleg seinare i livet? Då er det lurt å starte sparinga såg tidleg som mogleg. 

Startar du å spare tidleg vil sjølv små beløp vekse seg store når du sparer jamt over mange år. Snakk med barnet om å spare pengar. Gode sparevaner kjem godt med når barnet blir større!

Spar regelmessig

Den enklaste måten å spare pengar, er å gjere sparing til noko som går av seg sjølv. Ei mogleg løysing er å sette av delar av barnetrygda på sparekontoen til barnet.

I nettbanken og mobilbanken kan du enkelt setje opp ein fast avtale for sparinga, du kan også endre og stoppe sparinga som du sjølv vil.

familie-dame-barn-pc

  




Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no