Tips og råd
Lån til elbil
Skal du kjøpe elbil? Vi gir deg endå betre vilkår når du kjøper ein miljøvennleg bil.
Skal du kjøpe elbil? Vi gir deg endå betre vilkår når du kjøper ein miljøvennleg bil.
Produktselskap: SpareBank 1 Finans Midt-Norge
Prisdøme: Effektiv rente 9,14 %, 150.000 kr over 5 år, kostnad 38.083 kr, totalt 186.083 kr.
Gjennom fordelsprogrammet LOfavør får du ekstra gode vilkår på lån til elbil hos oss.
Rådgjevarane våre hjelper deg slik at du får utnytta medlemsfordelane dine best mogleg.
Vil du vere klar til å kjøpe når draumebilen dukkar opp? Skaff deg eit finansieringsbevis, så veit du kor mykje du har å rutte med.
Eit elbillån blir redusert i takt med at elbilen blir mindre verdt. Aukar du huslånet for å kjøpe elbil, er det smart å betale inn litt ekstra kvar månad.
Kvifor? Huslånet er kanskje på 20 eller 30 år. Det er lenge å betale på ein elbil.
Har seljar gjeld på elbilen, kallast dette heftelse. Med eit elbillån blir gjelda gjort opp, og seljaren får det som blir igjen.
Aukar du huslånet for å kjøpe elbil, må du sjølv passe på at seljar betalar det han skulder.
Med elbillån får du svar på timen.
Vil du auke bustadlånet for å kjøpe elbil, kan det også gå raskt, men det kan ta noko lengre tid dersom nokon har kausjonert for lånet, eller du har fleire eigedommar som sikkerheit for bustadlånet.
Har du ledig sikkerheit i bustaden din, kan det gi deg betre rente enn om berre elbilen er sikkerheit for lånet.
Kva som lønner seg, kjem an på kor mykje du skal låne.
Miljøvennlege val gir deg nokre fordelar, også på billån.
Nesten halvparten av alle nye bilar er i dag elbilar, men det er endå noko uvisse knytt til kor mykje, og kor raskt, elbilar fell i verdi. Husk derfor å tenke nøye gjennom nedbetalingstida, slik at du ikkje sit igjen med restgjeld når bilen skal seljast.
Med elbilforsikring slepp du å bekymre deg viss det skulle skje noko med batteriet, elmotoren, ladekabelen eller om du går tom for straum.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium