Tips og råd
Brukskonto
Brukskonto er kontoen din til dagleg bruk. Det er vanlegvis her lønna di kjem inn og rekningane blir trekt frå.
Brukskonto er kontoen din til dagleg bruk. Det er vanlegvis her lønna di kjem inn og rekningane blir trekt frå.
Er du mellom 18 og 34 år betaler du berre halv årspris på bankkort.
For å få denne fordelen må du ha ein LOfavør Brukskonto Ung. Bankkortet bestiller du i mobilbanken eller nettbanken etter at du har oppretta deg denne brukskontoen.
Rådgjevarane våre hjelper deg slik at du får utnytte medlemsfordelane dine best mogleg.
Følar du at lønninga tar slutt overraskande fort? Eit budsjett kan hjelpe deg med å planlegge økonomien og få eit meir bevisst forhold til kva du bruker pengar på. Her finn du eit forslag til budsjett du kan bruke.
Med Min økonomi i nettbanken og mobilbanken får du verkeleg oversikt over korleis du bruker pengane dine. Alt du bruker blir delt opp i kategoriar, og det er enkelt å sjå kor mykje du bruker i løpet av ein månad.
Under kvar kategori kan du også sjå kva du har betalt for og kor mykje. Ein gyllen moglegheit til å finne ut om du er fornøgd med pengebruken, eller om du kan spare nokre kroner her og der.
Unner du deg ofte småting som kjøpekaffi, sjokolade, vatn på flaske, mat i kantina og liknande? Til saman utgjer desse lommetjuvane tusenvis av kroner i løpet av eit år. Ved å kutte litt på forbruket kan du få råd til andre ting du drøymer om.
Lag fleire kontoar for å organisere økonomien din. Lønnskonto, brukskonto, bufferkonto, sparekonto og rekningskonto. Kva du treng er opp til deg og det er lett å ordne i nettbanken og mobilbanken.
Då kan det vere lurt med ein felles rekningskonto for alle felles rekningar. Det kan òg vere lurt med ein felles brukskonto for felles mat, og viss de sparer til noko de skal kjøpe eller gjere saman, er ein felles sparekonto greitt å ha.
Du kan gi andre tilgang til kontoen din viss du vil, til dømes sambuar eller ektefelle. Du legg sjølv til disponentar til kontoane dine i nettbanken.
Du kan òg invitere nokon som bruker ein annan bank til å sjå kontoane dine hos oss. Du vel sjølvsagt sjølv kva kontoar du ønsker å dele, og med kven. Den du ønsker å dele konto med vil berre få sjå saldo og bevegelsane på konto. Denne moglegheita gjeld berre på bruks- og sparekontoar.
Same bank som deg
Er mottakar kunde i same bank som deg, kjem pengane på konto med ein gong.
Annan bank enn deg
Er mottakar kunde i ein annan bank enn deg, blir det utført betalingar fem gonger i døgnet.
Betal før | Mottakar får pengane ca. |
00.05 | 05.50 |
08.15 | 09.50 |
10.05 | 11.50 |
11.40 | 13.50 |
15.00 | 15.50 |
I helgene er det ingen overføringar mellom bankane.
Hastar det?
Har du det travelt og vil vere sikker på at pengane kjem fram med ein gong, kan du aktivere straksbetaling i mobilbanken. I mobilbanken finn du straksbetaling under Meir og Betaling.
Med Vipps vil også pengane komme fram med ein gong viss du vippsar frå konto og ikkje frå kort. (Dersom du bruker kortet til å vippse vener kan det ta tre virkedagar før mottakaren får pengane.)
Skal du betale eller overføre pengar til utlandet?
Her ser du kor lang tid det tar før mottakar i utlandet får pengane på konto.
Beløpsgrense er maksbeløpet du kan betale rekningar for kvar kalendermånad. Du kan sjølv velje eller endre beløpsgrensa under Innstillingar – Betaling – Beløpsgrense.
Du kan avslutte ein konto inne i mobilbanken eller nettbanken. Gå til Innstillingar og Konto. Vel den kontoen du ønsker å avslutte, der finn du Avslutt konto nedst på sida.
Ei fast betaling er når du på faste dagar eller datoar betaler til kontoar i andre bankar. Ei fast overføring er når du regelmessig overfører pengar mellom kontoar du disponerer hos oss.
I mobilbanken og nettbanken kan du enkelt opprette, endre eller slette faste betalingar og overføringar.
Skal du endre eller slette ei fast betaling eller overføring? Trykk på den aktuelle betalinga/overføringa, då får du opp to knappar – ein for å endre og ein for å slette.
Du finn alle betalte rekningar i nettbanken og mobilbanken. I oversikta vel du konto og trykker på den betalinga det gjeld, så får du opp detaljar om transaksjonen. Du kan òg nytte søkefeltet i kontoen for å finne transaksjonar. I nettbanken kan du også skrive ut betalingsdetaljane. NB: Betalingsdetaljar er ikkje gyldig som kvittering.
Du kan også finne oversikt over alle utførte betalingar og overføringar i historikk:
Mobilbank: Meir - Betaling - Historikk
Nettbank Betaling - Historikk
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium