Lån til motorsykkel

Fridomskjensla er ikkje langt unna. Søk lån hos oss, så hjelper vi deg med å oppfylle motorsykkeldraumen.

dame med motorsykkelhjelm
Har du god nok inntekt, kan du låne heile kjøpesummen.
Vi tar sikkerheit for lånet berre i motorsykkelen.
Du kan samle lån og forsikring hos oss for å få betre oversikt.

Prisar og vilkår

  • Frå 7,70 % nominell rente
  • Frå 10,27 % effektiv rente
  • Lån inntil 100 % av kjøpesummen.
  • Inntil 10 år nedbetalingstid
  • Motorsykkelen kan ikkje vere eldre enn 15 år før lånet er nedbetalt

Produktselskap: SpareBank 1 Finans Midt-Norge
Prisdøme: Effektiv rente 10,27 %, 150.000 kr over 5 år, kostnad 40.777 kr, totalt 190.777 kr.


Er du medlem i eit LO-forbund?

Klar til kjøp med finansieringsbevis

Vil du vere klar til å kjøpe når draumemotorsykkelen dukkar opp? Skaff deg eit finansieringsbevis, så veit du kor mykje du har å rutta med.

Eige motorsykkellån eller auke bustadlånet?

Har du ein bustad som er verd meir enn du har i lån, kan du vurdere å auke bustadlånet for å kjøpe motorsykkel. For dei fleste vil det vere smart å nytte motorsykkelen som sikkerheit, og du sparer ledig sikkerheit i bustaden til andre viktige formål.

Eit motorsykkellån blir redusert i takt med at motorsykkelen blir mindre verd. Aukar du bustadlånet for å kjøpe motorsykkel, er det smart å betale inn litt ekstra kvar månad.

Kvifor? Bustadlånet er kanskje på 20 eller 30 år. Det er lenge å betale på ein motorsykkel.

Har seljar gjeld på motorsykkelen, kallast dette heftelsar. Med eit motorsykkellån blir gjelda gjort opp, og seljaren får det som blir igjen.

Aukar du bustadlånet for å kjøpe motorsykkel, må du sjølv passe på at seljar betalar det han skuldar.

Med motorsykkellån får du svar på timen.

Vil du auke bustadlånet for å kjøpe motorsykkel, kan det også gå raskt, men det kan ta noko lengre tid dersom nokon har kausjonert for lånet, eller du har fleire eigedommar som sikkerheit for bustadlånet.

Har du ledig sikkerheit i bustaden din, kan det gi deg betre rente enn om berre motorsykkelen er sikkerheit for lånet.

Kva som lønner seg, kjem an på kor mykje du skal låne.

Hugs å forsikre motorsykkelen

Du kan også forsikre motorsykkelen hos oss. Då har du full oversikt over både lån og forsikring i mobil- og nettbank. Samlar du forsikringane dine hos oss kan du få inntil 20 % rabatt.




Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }