Mastercard Platinum
Mastercard Platinum er vårt eksklusive kredittkort med ei rekke unike fordelar.
Mastercard Platinum er vårt eksklusive kredittkort med ei rekke unike fordelar.
Prisdøme: Effektiv rente 23,9 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.518, og du betaler totalt 16.518 kroner.
Utsteding av Platinum-kort er på vilkår av ei kredittvurdering. Priseksempel ved utsett betaling: Effektiv rente 23,9 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.518, og du betaler totalt 16.518 kroner. Produktet er levert av SpareBank 1 Kreditt ASA.
*Når du nyttar kortet i utlandet eller til uttak av utanlandsk valuta, blir beløpet omrekna til norske kroner. Kursen du får er Mastercard sin kurs på oppgjersdag pluss eit valutapåslag på 2 %.
Kortet er produsert av resirkulert plast.
Flyplasslounger
Med Mastercard Platinum har du ein digital nøkkel, LoungeKey, som gir deg tilgang til lounger på flyplassar over heile verda. Vi gir deg 2 gratis loungebesøk kvart einaste år. Du kan nytte desse anten som enkeltståande besøk eller som eitt besøk med reisefølge. Tilgangar ut over 2 gratis besøk kostar 37,5 USD i Norge og 35 USD i utlandet, og blir belasta kredittkortet ditt. Hugs å registrere deg i LoungeKey-appen eller på loungekey.com/sparebank1 i forkant av loungebesøket.
Om reiseforsikringa
Minst 50 prosent av transportkostnaden til reisa må vere betalt med kredittkortet. Forsikringa gjeld reiser med varigheit innanfor 90 dagar. Inntil fire personar– familie eller andre medreisende– er forsikra.
Du er dekt av eigenandelsforsikringa på leigebil når du har betalt leigebilen eller reisa med kortet.
For å melde skade, tjuveri, forsinka bagasje eller sjukdom, ring Fremtid på +47 915 02 300.
Ved akutt sjukdom og alvorlege ulykker ring: SOS internasjonal +45 38 48 88 35
Du vil få faktura ein gong i månaden så lenge du har brukt kortet. Den inneheld kjøp du har gjort siste periode. Har du til dømes forfall den 15. februar, vil alt du har brukt i januar kome med på fakturaen. Bestiller du eFaktura i nettbanken, unngår du fakturakostnadar.
SpareBank 1 Kreditt (kortutstedar) er behandlingsansvarleg for dei personopplysningane som blir behandla med grunnlag i avtaleforholdet med korthaldar.
Ei nærare skildring av kortutstedar og banken si behandling av personopplysningar finn du under personvern.
Du kan kontakte personvernombodet i SpareBank 1 Kredittkort på personvern.kreditt@sparebank1.no eller på telefon (+47) 73 88 44 26 om du har spørsmål rundt personvern og bruk av personopplysningane dine.
Prisdøme ved utsett betaling: Effektiv rente 23,9 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.518, og du betaler totalt 16.518 kroner.
Få 0,5 % cashback tilbake kvar gong du betaler med Mastercard, og 5 % bonusrente på oppspart beløp. Pengar du kan bruke på kva du vil!
Tenesta kostar 15 kroner per månad.
Med ID-tjuveriforsikring får du
Forsikringa kostar 25 kroner i månaden, og du kan slå den av og på når du vil. Les meir om forsikringa.
Få ekstra service når du er på reise! Med vår nye Concierge Service får du hjelp med mellom anna reisetips, hotellbestilling, skaffe billetter til arrangement og mykje meir.
Kontakt Concierge Service
Telefon Norge: +47 80 03 14 05
Telefon Utland: +45 24 00 46 32
E-post: mastercard.no-eu@tengroup.com
Tenesta er kostnadsfri – du betaler kun for billettar, reservasjonar eller andre utgifter som belastar kredittkortet ditt.
LoungeKey er ein digital nøkkel som gir deg tilgang til over 1.600 lounger på flyplassar, i Norge og over heile verda.
Kredittkortet ditt har same kode som dei vanlege bankkorta dine hos oss. Har du LOfavør Mastercard, er PIN-koden den du valde då du bestilte kortet.
Viss du ikkje hugsar koden, finn du han under menypunktet Kort i mobilbanken din eller nettbank. Vel det aktuelle kortet, klikk på Val og deretter Vis PIN-kode.
Du kan betale inn på kredittkortet når som helst, ikkje berre når du får faktura.
Mobilbanken. Vel kredittkortet ditt i oversiktsbildet. Trykk på knappen Val og deretter Innbetaling til kredittkort.
I nettbanken: Gå til kredittkortet ditt under menypunktet Kort. Klikk på Innbetaling til kredittkort.
Ja, du kan betale fakturaer direkte frå kredittkortet.
Du kan også overføre pengane frå kredittkort til konto. Vêr oppmerksam på at reiseforsikringa i kredittkortet ikkje gjeld dersom du overfører pengar til konto for å betale ei reise.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no