Dagleg drift
Nettbank for lag og foreining
Med nettbank bedrift kan de styre økonomien i klubben på ein profesjonell måte. Passar alle lag og foreiningar uavhengig av storleik.
Smarte betalingsløysingar for lag og foreiningar
eFaktura
- Passar for lag og foreiningar som sender mange fakturaer.
- KID og annan informasjon følger med betalinga, så de veit kven som har betalt, og for kva.
- Innfrir kravet frå offentlege kundar om å få eFaktura i elektronisk handelsformat (EHF).
- Etter godkjenning, blir fakturaen automatisk betalt på forfallsdato.
AvtaleGiro
- Passar for lag og foreiningar som har faste kundar som skal betale jamleg, t.d. abonnement.
- KID og annan informasjon følger med betalinga, så de veit kven som har betalt, og for kva.
- Fleire betaler rekningane, og de slepp å sende purringer.
- Fakturaer blir betalte automatisk på forfallsdato.
Faktura med KID (OCR)
- Passar for både små og store lag og foreiningar, og kan brukast ved fakturering av faste og enkle rekningar.
- Med OCR kan de fakturera med KID-nummer.
- Mindre manuelt arbeid fører til færre feil.
- Gjer bankavstemming og purringar enklare.
Pensjon og forsikring
Hugs å forsikre bygningar, utstyr og maskiner de eig. Har de tilsette som får lønn, er det lovpålagt med pensjonsavtale. Ansvarsforsikring kan òg vere smart.
Eigedelsforsikring
- Dei fleste lag og foreiningar har bygningar og gjenstandar som er verdifulle og bør forsikrast, slik som idretts- og administrasjonsbygg og ulike køyretøy.
- Eigedelsforsikringa dekker kostnadene viss de får skadar på maskiner, varer eller anna utstyr de eig.
Pensjon
- Har de tilsette som får lønn, er det lovpålagt med pensjonsavtale. Det heiter obligatorisk tenestepensjon, og kallast òg OTP.
- Ei god pensjonsordning kan vere eit konkurransefortrinn i kampen om dei gode hovuda.
Ansvarsforsikring
- Ansvarsforsikringa dekker økonomiske tap viss klubben, laget eller foreininga kjem opp i erstatningsansvar.
- Eit erstatningsansvar kan i verste fall føre til konkurs. Ansvarsforsikring er deira "livsforsikring", og kan hjelpe dykk med å dekke tapte slik at de kan drive vidare.
Medlemshandtering
Spond Club
Ønsker du direkte dialog med medlemmene dine? Ønsker du å spare tid? Spond Club er eit enkelt verktøy for medlemshandtering i lag og foreiningar - integrert med den populære Spond appen.
Sparebank 1-alliansen og Spond har inngått eit samarbeid. Saman skal vi utvikle løysingar som gjer kvardagen litt enklare.
Andre tema
LOfavør Forening
Er laget eller foreininga di knytte til eit LO-forbund? Då får de ekstra fordeler hos oss.