Derfor bør ikkje det økonomiske forholdet til idrettslaget knytast til privatpersonar

Dokumentasjon, skatt og auka risiko er berre nokon av ulempene.

Familie ipad

Om ein klubb, eit lag eller ei foreining bruker privatpersonar til å ta hand om økonomien gjennom eigne kontoar, kan det oppstå fleire uheldige situasjonar. Dette gjeld både i perioden personane er knytte til klubben, men også i ettertid.
Her er grunnane til at alle klubbar, lag og foreiningar bør vere bankkundar, og ha eigen bankkonto kor fleire har tilgang.

Manglande oversikt og kontroll

Ifølgje Frode Ressem, rådgivar for cash management i SpareBank 1, kan det å bruke private kontoar til idrettslaget skape fleire utfordringar. Sjølv om alle involverte prøvar etter beste evne å gjere alt riktig, kan det setjast spørsmålsteikn ved handteringa av felles pengar. Då er det vanskeleg dersom det manglar full oversikt og kontroll.

– Dokumentasjon kan bli meir krevjande når kontoen er eigd av ein privatperson, og terskelen for å låne pengar frå laga kan bli lågare fordi pengane står på ein privat konto. Dersom det ikkje er fleire som har tilgang til kontoen, er det større risiko for uklarhet, seier Frode.

Han legg til at slike kontoar kan ha ein høg saldo, og då er det privatpersonen som må skatte for dette beløpet. I tillegg kan det få konsekvensar dersom eigaren av den private kontoen går ut av styret, eller fell frå.

– Når ein person har ein privat konto knytt til eit idrettslag, kan ein ikkje flytte kontoen over til nytt styre. All historikk blir borte, og det må gjerast ein større jobb for å endre kontonummer på krava som blir sende ut, fortel Frode.

Det er òg ein risiko for at innbetalingar held fram å komme inn til det gamle kontonummeret, som framleis er eigd av personen som ikkje lenger sit i styret. Skulle det i tillegg oppstå situasjonar der pengar blir borte, er det lett å mistenkeleggjere den som er ansvarleg for kontoen. 

Les meir om økonomi og administrasjon i klubbar, lag og foreiningar
 

Bli bedriftskunde her

Alle desse problema kan enkelt unngåast ved å bli bedriftskunde i banken. Då kan de opprette ein konto i nettbanken som fleire medlemmer i styret har tilgang til. 

– Når de har bedriftskonto, kan de også sette opp Vipps mot denne kontoen. Då unngår de at det blir vippsa til ein eller fleire privatpersonar med ulike innbetalingar. Vipps sørger då for at dei gamle pengekassene blir borte, fortel Frode.

Ein annan fordel ved å vere bedriftskunde i SpareBank 1, er nettbanken. Den gir leiinga i foreininga eller klubben ei plattform for å handtere og administrere kontoar og tilgangar til dei ulike laga. 

– Dette gir god oversikt og kontroll over transaksjonane i heile foreininga, seier Frode.

Også «dobbel signatur» bidrar til å skape tryggleik. Norges idrettsforbund har i tillegg sett krav om at betalingar frå ein NIF-klubb skal ha dobbel signatur. 
– Det vil seie at to personar i organisasjonen må signere før betalinga går frå nettbanken. Dobbel signatur er ein fordel fordi det er to personar som må godkjenne ei utbetaling, og betalinga er dermed kontrollerte og kvalitetssikra, fortel Frode. 


Her kan du lese meir om korleis ein blir bedriftskunde i SpareBank 1

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }