Derfor bør idrettslaget ha eigedelsforsikring

Er uhellet ute, er det nemleg mykje som ikkje blir dekt av ei vanleg medlemsforsikring.

Eigedelsforsikring

Ei eigedelsforsikring dekker kostnadene viss du får skader på utstyr som klubben, laget eller foreininga eig. Utan ei slik forsikring kan det bety store økonomiske konsekvensar dersom uhellet skulle vere ute. 

– Eigedelar dreier seg om alt frå utstyr som blir brukte i samband med trening til ting som er nødvendig for dagleg drift. Det kan vere skranke, bom, ulike type matter, tidtakarutstyr, telt, høgtalaranlegg eller datautstyr – mykje ulikt som det er veldig lurt å forsikre, fortel Stein Erik Halck, dagleg leier i Drøbak-Frogn Idrettslag (DFI). 

DFI er eit stort fleridrettslag med over 2500 medlemmer og 12 ulike særidretter. I tillegg driv dei aktivitetar som seniortrim og barneidrettsskular. 
 

Sikrar kontinuerleg drift

Sjølv om idrettslaget har medlemsforsikring, vil han ikkje dekke skader på utstyr, eller såkalla eigedelar. 

– Dersom utstyret blir øydelagt er vi avhengige av at det aller meste blir erstatta for at vi skal kunne klare å halde oppe alle aktivitetane våre for barn, unge og vaksne. Dessutan er det meste av utstyret kjøpt inn for dugnadspengar og andre frivillige bidrag, fortel Stein Erik og held fram: 

– Då er det plikta vår å sørge for at medlemmene framleis skal kunne vere med på dei ulike aktivitetane sjølv om utstyr blir borte. Derfor er det viktig at vi har forsikringsordningar som sørger for kontinuerleg drift. 
 

Tre ulike eigedelsforsikringar

Som klubb, lag eller foreining kan de velje mellom tre ulike typar eigedelsforsikringar: 

Brannforsikring
Den lågaste dekningsgrada dekker skader ved:

  • Brann
  • Naturskade 

Standardforsikring
Ei dekningsgrad som passar dei fleste behov. Han dekker:

  • Brann
  • Naturskade
  • Vasskade
  • Tjuveri og hærverk
  • Ran og overfall
  • Brotskade på glas og skilt
  • Inventar, maskiner og varer: som inventar og maskiner gjeld installasjonar som er monterte for eller er eit ledd i næringsverksemd. Herunder maskinfundament, tilknytta røyr og leidningar, ventilasjonsanlegget til maskiner, m.v.

Toppforsikring

Ei eigedelsforsikring for dei som treng ekstra tryggleik. Han dekker:

  • Alle dei same dekningane som standardforsikringa.
  •  I tillegg blir andre skader på eigedelane til bedrifta, og installasjonar som er ledd i næringsverksemd dekt. 

Her kan du lese meir om eigedelsforsikring
 

Skal skape idrettsglede heile året

Drøbak-Frogn har vore heldige så langt, og har førebels ikkje hamna i situasjonar der dei har fått bruk for eigedelsforsikringa si. 

– Vi lever av å tilby aktivitetar til befolkninga – aktivitetar som er attraktive for folk i alle aldrar. Eit stort idrettslag som oss er ein svært viktig bidragsytar når det gjeld å betre folkehelse, seier Stein Erik og legg til: 

– Visjonen vår er at DFI skal skape idrettsglede for alle, heile året. For å nærma seg ein slik visjon må vi vere trygge på at vi til kvar tid har det utstyret vi treng! 

Her kan du lese meir om pensjon og forsikring for klubbar, lag og foreiningar

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }