Smartare økonomi for klubbar, lag og foreiningar

Det er mange fordelar ved å ha alle banktenestene samla på éin stad, og med enkle grep kan klubbar, lag og foreiningar få skreddarsydde økonomiske løysingar tilpassa behova sine.

Forenkla kvardagsøkonomi

– Alt styrearbeid og det meste av vedlikehaldet på bygningar, banar og anna uteareal blir ofte gjord av frivillige eldsjeler i klubben. Dermed kjem arbeidet for foreininga på toppen av ein allereie travel kvardag. Å finne smarte og tidsbesparende løysingar for handteringa av det økonomisk blir veldig viktig, fortel Tove Løkke-Øwre i SpareBank 1.

Smarte løysingar for bedriftskundar – slik fungerer det

Som bedriftskunde har de tilgang til fleire tidsbesparende løysingar, som OCR, eFaktura, Avtalegiro og Vipps rekning, i tillegg til nettbank bedrift. Men kva går dei ulike løysingane ut på?

1. Nettbank bedrift
Med nettbank for bedrift får de kjapt unna rekningar, og enkelt tilgang til ei oversikt over økonomien framover i tid. Her er tre andre fordelar med nettbank bedrift:

  • Nettbank bedrift kan integrerast med rekneskapssystemet de har.
  • Du kan sjå kontoar frå fleire ulike selskap på same stad i nettbanken.
  • Du får òg mobilbank der du kan sjå saldo og godkjenne betalingar. 

2. OCR
OCR er ein innkrevingstjeneste for alle typar av fakturainnbetalingar – altså fakturaer med KID. Med ein OCR-avtale, blir bokført alle innbetalingar med KID automatisk, og klubben, laga eller foreininga di sparer både tid og pengar. Klubben sender då ein faktura der kundeidentifikasjon (KID) er påført. 

– Det gjer det enkelt å følge med på innbetalte og uteståande fakturaer. Dersom nokre medlemmer betaler fakturaen utan KID-nummer, må vi fanga det opp på kontoutskrifta på driftskontoen og registrere den som manuelt. Men alt i alt har det vorte mykje mindre manuelt arbeid, seier Tove. 

3. eFaktura og Avtalegiro
– Klubben betaler ingen fakturaer med desse løysingane, men medlemmene kan opprette det sjølv i banken sin om dei ønsker enklare handtering av fakturaene som vi sender til dei, fortel Tove.

4. Vipps rekning
Som bedriftskunde, har de òg moglegheit til å sende ut rekningar til medlemmene via Vipps Regninger. Då hamnar rekninga direkte i Vipps-appen, og medlemmene kan betale ho med ein gong, heilt utan KID- og kontonummer. Betalaren får full oversikt over kva, når og til kven dei har betalt.

Psst! eFaktura, Avtalegiro og Vipps Regning er meir miljøvennlege og enklare måtar å betale rekningar på. Visste du til dømes at det blir sendt ut heile 164 millionar papirfakturaer i posten kvart år? 

Les meir om økonomi og administrasjon i klubbar, lag og foreiningar

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }