Miljølån

Skal du oppgradere bustaden med miljøvennlege og energisparande tiltak? Hos oss får du betre lånevilkår når du gjer ei god gjerning for miljøet. 

Beskriv kva du søker lån til i slutten av søknaden.

mann på tak med solcellepanel. foto.
Gjer det enklare å velje miljøvennlege løysingar.
Du får lågare rente for å ta betre vare på miljøet.
Lar deg utføre energitiltak med sikkerheit i eigen bustad.

Våre prisar og vilkår

  • Frå 5,49 % nominell rente
  • Frå 5,82 % effektiv rente
  • Lån opp til 90 % av bustaden sin verdi
  • 3 500 kr i etableringskostnader
  • Inntil 15 år nedbetalingstid
  • Enova si liste over kva som kvalifiserer for å få lånet er gjeldane og ein må kunne dokumentere at lånet er brukt til dette formålet i ettertid

Lånar du 1 million kroner over 15 år kostar lånet totalt 1.481.099 kr. Effektiv rente er 5.82 % og månadleg terminbeløp 8.231 kr.

Kva kan eg søke om lån til?


Energiretta tiltak

Søk om lån til energiretta tiltak som bidrar til å redusere energiforbruket i bustaden din. 

Det kan for eksempel vere å byte til meir miljøvennleg oppvarming som solcellepanel eller varmepumpe. 


Rehabilitering eller oppgradering 

Du kan søke om lån til rehabilitering eller oppgradering av eksisterande bustad.

For eksempel kan etterisolering av eldre hus eller hytte vere tiltak som forbetrar energistandarden og gir betre energimerking av bustaden.


Andre forslag?

Har du ein god idé som vil bidra til å gjere bustaden din grønare og meir miljøvennleg? Då vil vil gjerne snakke med deg.

Trykk på knappen nedanfor for å booke eit møte med rådgjevar.

Kvifor miljølån?

Det er mange fordelar med å gjennomføre energitiltak i heimen:

  • Du sparar pengar: Ein meir energieffektiv heim gir deg lågare straumrekning.
  • Det er bra for miljøet: Det at du ikkje brukar meir straum enn nødvendig er godt nytt for miljøet.
  • Du kan få betre rente på bustadlånet: Bustadar med energimerke A eller B gir ekstra god rente med grønt bustadlån hos oss. 
  • Det kan auke verdien på bustaden: Oppdrageringar og oppussing vil som regel alltid vere eit godt tiltak for å auke verdien på bustaden. 

Vi veit at ikkje alle har pengar til å gjere grøne investeringar – derfor vil vi hjelpe folk litt på vegen. Miljølån gir gunstig rente på energibesparande tiltak. Det kallar vi vinn-vinn.

Støtteordningar

Hos Enova kan du få råd om energibesparande tiltak og søke om støtte til å sette dei ut i livet. Mange kommunar tilbyr òg slike støtteordningar.

Ta ein telefon eller sjekk nettsida til heimkommunen din, så kan det hende du får endå meir igjen for den energibesparande investeringa du no gjer i bustaden din.

Er du medlem i eit LO-forbund?

Energimerking av bustad

Energimerking er eit miljøtiltak som skal auke medvitet rundt energieffektivisering. Målet er at fleire bustadeigarar skal gjennomføre tiltak for å få meir energivennlige bustader. 


Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no