Tips og råd
Depositumskonto
Skal du leige bustad, eller leige ut bustad? Då er det vanleg at utleigar og leigetakar opprettar ein depositumskonto saman.
Skal du leige bustad, eller leige ut bustad? Då er det vanleg at utleigar og leigetakar opprettar ein depositumskonto saman.
Viss husleiga ikkje blir betalt kan huseigar krevje at depositumet går til å dekke husleiga.
Skade utover uhell og vanleg slitasje kan dekkast av depositumet.
Pengane blir ikkje betalte ut utan at det er avtalt eller einigheit om det.
Sånn! Då er det berre å laste opp flyttebilen.
Då kan det vere lurt å ha utleigeforsikring knytt til husforsikringa din. Dette vel du når du kjøper husforsikring.
Dersom de er fleire leigetakarar av same bufellesskap eller leilegheit må kvar enkelt leigetakar opprette eigen depositumkonto med utleigar. Det er berre tillate med éin leigetakar per depositumkonto.
Leigetakar er eigar av depositumkontoen saman med utleigar som disponerer kontoen.
Det raskaste er å opprette ein depositumskonto i nettbanken eller mobilbanken. Den som skal leige ut startar prosessen i nettbanken sin eller mobilbank. Leigetakaren får ei melding på SMS og e-post når avtalen kan signerast. Som leigetakar kan du registrere deg hos oss med BankID viss du ikkje er kunde frå før.
Viss du som leigetakar skal signere ein avtale om depositumskonto, men manglar BankID, må både du og utleigar kome innom eit bankkontor. Ta med gyldig legitimasjon og leigekontrakten.
Viss leigetakar er under 18 år, må dei ta kontakt med banken for å få signert avtalen. Ofte er det føresette som signerer avtalen på vegner av leigetakarar under 18 år.
Både utleigar og leigetakar må vere samde om beløpet som skal takast ut eller at kontoen skal avsluttast. Viss alle pengane skal bli betalt tilbake til den som leiger, må utleigar gi oss beskjed om det. Viss det er utleigar som skal ha pengane, må leigetakar seie ifrå. Viss beløpet skal fordelast mellom dykk, må begge gi beskjed om kva de har blitt samde om, så fiksar vi resten. Viss leigetakar ikkje har nettbank hos oss, må de komme innom eit bankkontor.
Sjølv om det er utleigaren som opprettar kontoen, er det leigetakaren som eig den og skal ha renteinntektene. Leigetakaren må derfor ha ein konto hos oss. Det kostar ikkje noko å bli kunde og du treng ikkje å ha andre ting enn depositumskontoen her.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium