mann og kone på bryllupsdagen. foto.

Tips og råd

Smarte tips til bryllaupsplanlegging

Bryllaupsplanlegging kan kjennest overveldande, spesielt når det kjem til kostnadar. Her finn de gode tips til å sette opp bryllaupsbudsjettet.

Korleis spare til bryllaupet?

Først må de finne ut kor mykje de ønsker å bruke på bryllaupet. Når de har sett ei budsjettramme bør de finne ut kva som er viktig for dykk på den store dagen. Då veit de også kva de skal prioritere å bruke pengar på. 

Lag ein plan over kor mykje de kan spare kvar månad. Har de god tid og ønsker å spare mest mogleg til den store dagen, er det fleire måtar å gjere dette på.

  • Sett opp eit månadsbudsjett med faste utgifter, finn ut kor mykje de kan avsjå og legg inn automatisk trekk på lønnsdagen.
  • Sett av ein del av ferie- og skattepengane når dei kjem.
  • Sjå om de kan gjere nokre harde prioriteringar og spare ekstra intensivt i ein periode, for eksempel 6 månader.

Tips!Set opp bryllaup som eit eige sparemål i mobilbanken, og lag ein konto de kallar «Bryllaup». Då har de full oversikt over kor mykje de har spart og kor langt unna målet de er. 

Slik kan eit bryllaupsbudsjett sjå ut

Her er nokre tips til kva eit bryllaupsbudsjett kan innehalde og forslag til kor de kan spare dyrebare kroner.

Først må de bli einige om kor mange de skal invitere. Gjestelista kan fort bli lang, spesielt om de har mykje familie.

Kor langt ut i slekta ønsker de å invitere? Kor mange vener skal de ha? Er det nokon de kan luke bort, som de ikkje har kontakt med lenger? 

Nokre velger å invitere nærmaste familie og forloverar til middag, og vener til kaffi/fest. 

Etter de har fått landa kor mange de ønsker å invitere, er neste på lista å finne ut kor bryllaupsfesten skal haldast. Det å leige lokale er ein av dei største utgiftspostane for eit bryllaup. Denne kostnaden varierer veldig ut frå kva ein ønsker.

Éin moglegheit er å leige eit rimeleg lokale, ordne med pynt sjølv og leige inn kjente for å servere og lage maten. Eventuelt kan de bestille catering eller folk til å lage maten.

Eit anna alternativ er å leige ein restaurant eller annet festlokale med servitørar og matservering. Då vil kostnadene bli vesentleg høgare.

Det er lurt å sjekke ut aktuelle lokale i god tid med tanke på både pris og tilgjengelegheit.

Kjenner de nokon som har plass til bryllaupet heime, eller finst det eit hyggeleg grendehus/låve de kan leige? Eller kanskje samfunnshuset driv med utleige? Det er også mykje å spare på å kunne kjøpe inn og lage maten sjølv.

Mat

Kven skal lage maten? Viss lokalet også skal levere maten, må du antakeleg berekne ein kuvertpris på minimum 1.000 kroner. Då må de typisk òg betale faste summar for alkohol. Har de eit privat lokale kan de kjøpe inn mat og drikke/alkohol sjølv.

Drikke

Det er òg lurt å gjere seg nokre tankar om det skal vere fri bar etter middagen. Mange går for ein variant der gjestene tar med eiga drikke eller betaler for drikka sjølv utover kvelden. Nokre deler òg ut eit visst tal bongar. Det kan vere lurt å ha ei oversikt over kven som ønsker alkoholfri drikke, slik at de har eit alternativ til dei.

Bryllaupskake

Er det mange gjester, blir kaka ofte stor. Ei tradisjonell bryllaupskake på fem etasjar held til ca. 70 personar og kostar fort mellom 5.000 og 6.000 kroner. Kjenner du nokon hobbybakarar som kan bake bryllaupskaka, eller er de flinke til å bake sjølv? Eller kva med å gå for favorittsjokoladekaka i staden for den meir tradisjonelle varianten?

Bruda

Prisane på brudekjolar varierer frå ein tusenlapp på amerikanske nettsider til skreddarsydde kjolar til over 20.000 kroner.  Eit god tips er å sjå om du finn draumekjolen brukt på Finn eller Tise. 

Hår og styling varierer frå stad til stad, men kan koste nærmare 5.000 kroner. Har du ei god venninne som likar å ordne hår og sminke? Du kan også la deg inspirere på YouTube, øve godt på førehand og gjere jobben sjølv. 

Brudgommen

Kostnadar til dress eller smoking kan variere enormt. Hugs å inkludere sko, belte, skjorte, slips/sløyfe i budsjettet. Også her er det mykje å spare på å handle brukt.  

Brudepike eller brudesvenn

Her er det store variasjonar frå 200 til 1.200 kroner. Heller ikkje her er det så dumt å gå på leiting etter brukte skattar. Penklær til barn er ofte i veldig god stand. 

Når det kjem til ringane, er det store variasjonar.

  • Skal det vere tradisjonelle gullringar, eller noko meir individuelt tilpassa? 
  • Skal det vere diamant eller andre edelsteinar i? 

Her kan de få alt frå 400 kroner til 15-20.000 kroner. Viss de kjøper ringar i det dyre sjiktet kan det vere lurt å vurdere verdisakforsikring

Nokre ønsker bilder frå kyrkja og festen. Andre ønsker ein fotograf som er med heile dagen og følger bruda frå sminke og påkledning, til vielse og fest. I tillegg er det meir og meir vanleg at noko av vigsla og festen blir filma. Prisar her kan ligge mellom 25–35.000 kroner. 

Moglegheiter for å spare pengar finst også her. Kanskje du har ein ven eller eit familiemedlem som liker å ta bilder og gir ein betre pris? Kanskje eingangskameraer på borda held på festen? De kan eventuelt be alle gjestane vere flittige med kameraet den kvelden, så har de mange bilete og minne for livet.

Ønsker de eit band eller ein trubadur som kan underhalde på festen? Her må de nok ut med mellom 7.000–13.000 kroner, alt ettersom kor mange som spelar. 

Er ein god fest det viktigaste for de? Lag ein speleliste som garanterer god stemning! Kanskje de kjenner ei DJ-spire? Spør om vedkomande eller nokon av gjestene kan ta seg av å lage speleliste og ta ansvar for musikken på festen. 

Her varierer prisen ut ifrå kor ekstravagant de ønsker det. På fleire stadar kan de lage invitasjonen på nett og få den trykt. Rekn med ein pris på om lag 10 kroner per stk.

Eit litt rimelegare og meir personleg alternativ er å lage invitasjonar og bordkort sjølve. Kjøp inn fint papir og dekorer dei akkurat som de sjølv ønsker. 

Hugs frimerke dersom invitasjonane skal sendast i posten. Bordkort og eventuelt kyrkjeprogram ligg på omtrent det same som invitasjonane. 

Kor mykje vigsla kostar vil variere veldig basert på kva slags type vigsle de skal ha. Det vil òg kunne variere basert på kor i landet du bur. 

Kyrkjevigsle

Det er hovudsakleg gratis å gifte seg i kyrkja ein soknar til. Skal ein gifte seg i ei anna kyrkje vil du måtte betale for leige av kyrkja, prest, kyrkjetenar og organist. Det kostar som regel mellom 2.500 og 6.000 kroner. Nokre kyrkjer, som til dømes Ishavskatedralen og Nidarosdomen, har eigne prisar. Er ikkje brud eller brudgom medlem i Den norske kyrkja kan prisen auke enda meir.

Borgarleg vigsle

Viss de ønsker å gifte dykk i rådhuset vil dette ofte vere gratis. I nokre kommunar vil de derimot vere nøydde til å betale for vigsle på bestemte dagar. 

Humanistisk vigsle

Ein humanistisk vigsle kostar 4000,- for medlemmar i Human-Etisk Forbund og 5000,- for ikkje-medlemmar (2023).

Pris på blomstrar varierer naturleg nok basert på kva slags blomstrar du vel, sesong og kor mykje du skal ha. Ein brudebukett kan koste rundt 1.500–3.000 kroner. Hugs å inkludere blomstar til lokale og vigsle i budsjettet. 

Ein måte å spare pengar på i budsjettet er å få hjelp av familie og venner til å plukke blomstrar i skog eller hage dersom det er sesong for det. 

Ønsker de å leige ein fin bil med sjåfør til bryllaupet kan dette fort koste 5.000 kroner. Det er mykje å spare på å bruke eigen bil eller spørje om å låne av nokon de kjenner. 

Skal de sove på hotell på bryllaupsnatta kan de berekne mellom 2.000 og 7.000 kroner for ein natt, avhengig av kor fancy de skal gjere det. 

Etter festen kan det vere godt å lande litt og fordøye alle inntrykka med ein bryllaupsreise. Prisen her avhenger av kor langt de ønsker å reise og kor lenge de blir borte.

Ofte vil det vere utgifter de har gløymt, eller som blir høgare enn de hadde planlagt. Det kan vere lurt å legge inn ein buffer for uventa kostnadar inn i budsjettet. 


Treng de å låne pengar til bryllaupet?

Kanskje sparepengane ikkje strekker til, eller de har lyst til å gifte dykk før de har fått spart opp til draumebryllaupet.

Forbrukslån

Eit forbrukslån kan vere eit alternativ for lån til bryllaup. Eit forbrukslån er eit lån utan sikkerheit. Det betyr at de ikkje treng pant i bustad eller annan eigedom.

Forbrukslån har etableringsgebyr, så sørg for å ha ei totaloversikt før de søker om lån, så de slepp å låne opp fleire gonger.

Og hugs, ikkje lån meir enn de veit de kan betale tilbake.

Auk bustadlånet

Eig de bustad og har eit bustadlån frå før, kan de søke om å auke det eksisterande lånet. Lånet må framleis vere innanfor ramma på 85 prosent av verdien på huset.

Dersom de vel dette, anbefalar vi å justere nedbetalingstida slik at de blir kvitt det ekstra lånet raskare. De bør òg prioritere å betale ned ekstra på lånet når de kan, elles risikerer de at bryllaupet blir unødig dyrt.

Flexilån (rammelån)

Er bustadlånet dykkar godt under 60 prosent av verdien på bustaden? Då kan eit flexilån, eller rammelån, vere løysinga.

Har de betalt ned mykje på bustadlånet kan de med sikkerheit i bustaden låne ei ramme de kan bruke som de vil når de treng det. Du vel sjølv når og kor mykje du vil betale ned på lånet. De betaler berre for det de bruker av lånet. 

Bryllaup treng ikkje vere dyrt for å vere romantisk

Når alt kjem til alt, er det ikkje kor flott lokale de leigde eller kor fancy mat de åt som betyr noko. Eit bryllaup kan vere minst like vakkert med heimelaga bordkort og blomster frå hagen. Det er mange gode tips på nettet til å lage dykk ein draumedag med eit avgrensa budsjett. 

Hugs at dette er ein dag de skal minnast med glede, ikkje bekymring. Ikkje starte livet som ektepar med økonomiske problem fordi de arrangerte eit bryllaup de ikkje hadde råd til. Arranger eit bryllaup de har råd til, kos dykk med prosessen og nyt tida fram til den store dagen. Dagen er dykkar og størst av alt er kjærleiken.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }