Kva kostar eit bryllaup?

Planlegg du bryllaup? Her finn du gode tips og råd til kva du bør tenke på når du planlegg og skal finansiere eit bryllaup.

Skal du gifte deg?

Gratulerer! Så hyggeleg at du og din kjære har bestemt dykk for å vie livet til kvarandre og love kvarandre evig truskap. Det kiler kanskje litt i magen? Det å gifte seg er ei fin markering av kjærleiken mellom to menneske, men samtidig er det ei stor og viktig avgjerd. Ikkje berre kjenslemessig, men også økonomisk. 

null

Bryllaupsplanlegging – set opp eit bryllaupsbudsjett

Eit bryllaup er for mange den største og viktigaste festen i løpet av livet – og kanskje òg den mest påkosta. Eit bryllaup treng ikkje bli så dyrt, men utan ein plan kan det kan bli dyrare enn du trur. Derfor kan det vere smart at de tidleg får ei oversikt over kva bryllaupet de ser for dykk kostar, og set opp eit budsjett tidleg i planleggingsfasen.

Tre spørsmål de bør avklare tidleg i bryllaupsplanlegginga:

  1. Når ønsker de å gifte dykk? Er det lenge til, har de betre tid til å spare.
  2. Kor mange gjestar ønsker de å invitere?
  3. Har de nokon oppsparte middel å bruke på bryllaupet?

 

Kor mykje kostar eit bryllaup?

For mange brudepar er sjølve bryllupsdagen ein av dei største dagane i livet. Det å kunna invitere alle ein ønsker til ein uforgløymeleg feiring av kjærleiken utan å tenke økonomi er freistande. 

Kor stort og kostbart bryllaupet blir, er heilt opp til dykk sjølv. Ifølgje Ditt Bryllup bruker norske par typisk mellom 100.000 og 130.000 kroner på bryllaup og bryllaupsreise. Dei fleste av oss har ikkje slike middel tilgjengeleg, så finansieringa blir eit viktig spørsmål i planleggingsfasen.

Det byrjar å bli nokre år sidan det var vanleg at brudens foreldre betalte for heile gildet. I dag tar brudeparet vanlegvis kostnaden med bryllaupet sjølv, eventuelt med eit lite bidrag frå foreldra.

Sparing til bryllaup – kor mykje kan de spara?

Lag ein plan over kor mykje de kan spara kvar månad. Har de god tid og ønsker å spare mest mogleg til den store dagen, er det fleire måtar å gjere dette på.

  • Kan de setja av ferie- og skattepengar eit par år før?
  • Kor mykje har de moglegheit til å spare kvar månad?
  • Kan de spara intensivt i periodar? 

Litt er betre enn ikkje noko, og alt de kan spara tar de eit lite stykke nærare drømmebryllupet. Set opp bryllaup som eit eige sparemål i mobilbanken, og lag ein konto de kallar «Bryllaup». Då har de har full oversikt over kva de har tilgjengeleg. 

Forbrukslån til bryllaup

Kanskje sparepengane ikkje strekker til, eller de har lyst til å gifta dykk før de har fått spara opp til drømmebryllupet. Då kan forbrukslån vera eit alternativ som eit bryllupslån.

Eit forbrukslån er eit lån utan sikkerheit. Det betyr at de ikkje treng pant i bustad eller annan eigedom. Forbrukslån har etableringsgebyr, såg sørg for å ha ei totaloversikt før de søker om lån, såg de slepp å låne opp fleire gonger.

Eit forbrukslån har ei nedbetalingstid på maks fem år. Sjekk vår forbrukslånskalkulator for kor mykje du må betala på eit kortsiktig lån hos oss. Og hugs, ikkje lån meir enn de veit de kan betala tilbake.

Prisdøme: Effektiv rente 16,6 %. Låner du 70.000 over 5 år, koster lånet 30.848, og du betaler totalt 100.848 kroner.

Forbrukslån blir levert av SpareBank 1 Kreditt.

Ta opp forbrukslån i eigen bank

Dersom de får behov for å ta opp eit forbrukslån, er det lurt å søke om eit slikt lån i eigen bank. Då får de god hjelp til å finne ut kor mykje de totalt kan ha i gjeld, og samtidig få skreddarsydd ein plan for nedbetaling som passar de. Og husk at det er sjølvsagt mogleg å betala ned raskare, dersom de har moglegheit til det. 

I SpareBank 1 kjenner vi kundane våre godt, og har eit grundig bilde av den samla økonomiske situasjonen.  Det gjer at vi kan sjå moglegheiter og løysingar som verken du som kunde eller forbrukslånsbankane klarer å sjå. Får du ikkje innvilga forbrukslån hos oss, bør du heller ikkje ha det andre stader.

Du har god oversikt over lånet og avdraga i nett- og mobilbanken. Det gjer at det blir vanskelegare å gløyme rekningar, og enklare å sjå moglegheiter for å redusere gjelda raskare enn planlagt.

Greitt å vite

  • Ei høgare samla inntekt vil gi ein høgare kredittscore. Dermed kan renta bli lågare.
  • Nedbetalingstida er maks 5 år, så pass på å ha ein god nedbetalingsplan.
  • Sørg for å ha oversikt over korleis de skal finansiere bryllaupet før dykk set i gang med planlegginga. Då veit de kva de har å forhalde dykk til. 

Eit rimelegare bryllaup kan vere like romantisk

Viss planlegginga og finansieringa av bryllaupet blir for overveldande, husk at dette skal vere ein dag de minnast med glede og ikkje med stress og bekymring. Ikkje lag økonomiske problem for dykk sjølve ved å arrangere eit bryllaup som er for stort og for kostbart. Du finn mange gode tips på nettet om korleis de kan skape ein drømmedag òg med eit begrensa budsjett. Rimelege løysingar som heimelaga bordkort og blomstrar frå hagen kan dessutan setje eit meir personleg preg på bryllaupet og gjere opplevinga meir unik.

Arranger eit bryllaup de har råd til, kos de med prosessen og nyt tida fram til den store dagen. Dagen er dykkar!

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }