SpareBank 1 Kreditt
Ansvarleg vinnar i marknaden for usikra kreditt.
Ansvarleg vinnar i marknaden for usikra kreditt.
7. januar 2025 skifter SpareBank 1 Kreditt ASA namn til Kredittbanken ASA, i samband med at sparebankalliansane SpareBank 1 og Eika samlar si kredittverksemd i eitt selskap.
SpareBank 1 Kreditt er SpareBank 1-bankane sitt felles kredittselskap som tilbyr kredittkort og nedbetalingslån til bankane sine privatkunder. Selskapet vil framleis vere eigd av SpareBank 1 – og vil operere slik du kjenner dei i dag – òg når selskapet får med seg Eika-bankane på eigarsida.
Fakturaene du får frå kredittselskapet (for eksempel for kredittkortet eller nedbetalingslånet) vil etter samanslåinga ikkje lenger ha SpareBank 1 Kreditt ASA som avsendar, men kome frå Kredittbanken ASA. Ellers er det ingen praktiske endringar for deg som kunde, og du treng ikkje sjølv å foreta deg noko i samband med samanslåinga.
Dine samtykker og andre forhold som berører ditt personvern vil bli automatisk overført til det nye selskapet og vil vere gjeldande som tidlegare.
Har du nokre spørsmål, ta kontakt med din bankrådgjevar.
SpareBank 1 Kreditt er eit kredittselskap eigd av bankane i Sparebank 1-alliansen. Vi tilbyr finansiering utan sikkerheit til privatmarknaden. Produkta våre er kredittkort og nedbetalingslån.
SpareBank 1 Kreditt skal vere best på å forstå og løyse kundebehova så vi kan levere høg verdiskaping. Vi skal bidra til at Sparebank 1-alliansen på ein ansvarleg måte aukar marknadsandelane sine.
Produkt som løyser kundebehov for ny kreditt eller refinansiere forbruksgjeld.
Årsmelding 2023
I 2023 tok vi store og viktige steg mot ambisjonen vår om å bli Norges største kredittpartnar. I oktober gjekk søknaden til Finanstilsynet der SpareBank 1 og Eika bad om å få slå kreftene sine saman på kredittområdet. Ved samanslåing vil over ein million nordmenn vere kundar av det nye selskapet.
Årsrapporten for SpareBank 1 Kreditt viser omsetningsrekordar for kredittkorta våre, vi har framleis den gode veksten innanfor nedbetalingslån. Spesielt er refinansiering eit produkt mange etterspør. I året som gjekk sparte kundane våre 182 millionar kroner på å refinansiere den usikra gjelda hos oss.
«Vi ser ein auke i lån som går til inkasso og blir mislegheldt, men det er framleis låge nivå samanlikna med historisk misleghald i selskapet.»
Adm.dir. Ronny Remen Smolan i SpareBank 1 Kreditt
Tilpasningsdyktige kundar i strammare tider
Korleis har norske forbrukarar handtert tida med høgare prisar og stigande renter? Held dei oppe forbruket gjennom betalingsutsettingar, auka kredittgrense på kredittkortet sitt og nye forbrukslån, eller lyttar dei til råda om å bruke mindre og vere meir forsiktig?
Noko av svaret kan vi finne i etterspørselen etter ny kreditt.
På den eine sida har kredittkorta våre sett omsetningsrekordar og opplevd volumvekst. På den andre sida ser vi at søknadsmengda hadde toppen sin på sommaren både for kredittkort og forbrukslån, og har falle noko tilbake sidan.
At kredittkortet har i stadig større grad blitt eit betalingskort for mange, har for oss som jobbar med usikra kreditt blitt meir og meir tydeleg. Aukande omsetning er derfor ikkje eit teikn i seg sjølv på at norske hushald har dårlegare råd. Tvert imot ser vi at fleire av kundane våre tar grep om eigen økonomi og gjer opp for seg i tide, stikk i strid med bildet som av og til blir teikna i media. Vi ser rett nok ein auke i lån som går til inkasso og blir mislegheldt, men det er framleis låge nivå samanlikna med historisk misleghald.
Berre i 2023 hjelpte vi over 30.000 Sparebank 1-kundar med å redusere sine lånekostnadar ved å samle forbruksgjelda deira til betre vilkår. Refinansiering har vore eit satsingsområde for oss, og det ber no frukter, både for oss og kundane.
Likevel må også vi som kredittselskap omstille oss i møte med dyrare tider. Ikkje nokon stad er dette så tydeleg som for kredittkorta. Når kredittkortkundane bruker kortet, får dei som kjent inntil 45 dagar rentefri betalingsutsetting på beløpet dei låner. Vi som må legge ut desse pengane, har likevel ikkje nokon rentefri periode, vi må sjølv låne dei. Desse finansieringskostnadane har blitt mykje høgare det siste året, naturlegvis i tråd med auka rentenivå generelt. Faktisk er dei over 3 gonger nivået for få år sidan. Kombinerer vi dei høgare finansieringskostnadane med at ikkje-renteberande omsetning er på rekordnivå og no òg utgjer ein større del av kredittporteføljen enn før, får du i sum betydeleg lågare lønnsemd for kredittkortet som produkt. Dette treffer både oss og konkurrentane våre.
Nokon av grepa vi tok gjennom året for å auke lønnsemda, var å heve renta for nedbetalingslåna våre i tråd med marknadsutviklinga, og justere vilkåra på Pengar tilbake, cashback-tilbodet i kredittkortet.
Viktigare i det lange perspektivet er nok likevel kva vi i 2023 gjorde for å førebu grunnen til å bli Norges største kredittpartnar innan 2030. I februar kunne vi endeleg ønske Coop velkommen om bord som partnar, og vi tilbyr no kredittkort og refinansieringslån til Coop sine mange medlemmer over heile landet. Vi har også gjort fleire store IKT-løft som gjer oss betre rusta for framtida.
Særleg 27. oktober 2023 verkar for meg som ein merkedag og eit verkeleg høgdepunkt frå året. Då gjekk søknaden til Finanstilsynet der dei to største sparebankalliansane i landet, SpareBank 1 og Eika, ber om å få slå kreftene sine saman på kredittområdet. Går det slik vi håper, vil vi i løpet av 2024 etablere eit felles selskap der vi får utnytta den samla styrken vår og innsikt til det beste for kundane. Ved samanslåing vil over ein million nordmenn vere kundar av det nye selskapet, og vi har tru på at vi gjennom å sameine kreftene våre kan tiltrekke oss endå fleire partnarar som harmonerer med verdigrunnlaget til sparebankane i Norge.
Vi opererer i ein marknad med stor internasjonal konkurranse, og forhåpentlegvis vil vi med dette kunne hente endå fleire kundar «heim» til sparebankane.
Uansett kva framtida bringar, jobbar vi ufortrødent vidare for framleis vekst innan både nedbetalingslån og kredittkort, gjennom å gje både partnarar og kundar førsteklasses opplevingar og god og trygg rådgjeving. Det er slik vi blir ein ansvarleg vinnar i marknaden. Eg vil takke for tilliten i året som gjekk – vi går ei spennande tid i møte.
Ronny Remen Smolan, administrerande direktør
Modig
Vi skal vise stort engasjement, vere nysgjerrige og tora å ta modige val. Vi skal vere ambisiøse, utfordre aksepterte sanningar og våge å begi oss ut i det ukjente.
Ansvarleg
Vi skal ta ansvar for kundar og samarbeidspartnarar på ein slik måte at vi kan vere stolte av eige arbeid. Vi skal vere sannferdige, transparente, gi gode råd og opptre profesjonelt slik at folk og omgjevnader blir trygge på oss.
På lag
Vi skal vere på lag med kundar, samarbeidspartnarar, leverandørar og kollegaer. Vi skal vere imøtekommande, hjelpsomme og gode lagspelarar.
Vi er eit kredittselskap i Sparebank 1-alliansen, og med ressursane til Norges nest største finansgruppering i ryggen. Vi ønsker å tiltrekke oss dei beste hovuda og hjarta på reisa vår til å bli Norges største kredittselskap.
For å nå måla våre ønsker vi til kvar tid å komme i kontakt med dyktige og ambisiøse menneske som tør å utfordre og tenke utanfor boksen.
Ledige stillingar blir fortløpande lagt ut.