Mange ønsker å løyse banktenestene sine sjølve elektronisk, men vi veit at det ikkje passar for alle å ha nettbank, mobilbank eller rett og slett vere på internett.
Vi har tenester for alle – anten du ønsker å vere digital, eller gå i banken. Her finn du ei oversikt over fleire alternativ som kanskje passar for deg.
AvtaleGiro er ei teneste for automatisk betaling av dine faste rekningar. Straum, telefon og husleige er typiske rekningar som mange betaler med AvtaleGiro.
Du inngår ei avtale med banken som gir rett til automatisk trekk innanfor eit angitt beløp. Rekninga blir trekt direkte frå din bankkonto. Du slepp derfor å legge inn konto- og KID-nummer kvar gong rekningane skal betalast – og dei blir betalt i tide.
Du har moglegheit for å stoppe betalinga når du sjølv ønsker det. Bekrefting på betalinga finn du på kontoutskrifta di.
Har du AvtaleGiro slepp du oftast å betale fakturagebyr.
Med BrevGiro kan du enkelt betale alle rekningane dine per post.
Du signerer og sender rekningane dine saman med ein følgeseddel i ein førehandadressert konvolutt. Rekningane blir deretter kontrollert før dei blir betalt.
Konvoluttane er ferdig frankerte, og kontoen din blir belasta for porto i slutten av månaden. Leverer du konvoluttane direkte i banken, unngår du å betale porto.
Ring 57 82 97 00, eller kom innom banken for å opprette BrevGiro.
Du får ein avtale om BrevGiro som må signerast og evt returnerast i frankert og adressert konvolutt. Denne signaturen vil brukast for å godkjenne framtidige innsendte giroar som skal vere signerert.
Etter 2-3 veker mottar du følgesedlar og konvoluttar i posten.
Du kan ta ut kontantar i samband med varekjøp i dei fleste daglegvarebutikkar. I tillegg er det mogleg å setje inn kontantar i ein del butikkar (Meny, Kiwi, Spar og Joker). Banken har også ein del minibanker og innskotsautomatar.
Med bankkort har du alltid tilgong til pengane dine. Kvar gong du bruker bankkortet, blir kontoen din belasta direkte.
Fint å vite:
Du kan betale kontaktlaust. Det betyr at du ikkje treng å bruke pin-kode for beløp under 500 kroner.
Du kan bruke kortet som pengekilde i Vipps og i andre appar som f.eks. Vy og Entur.
Du kan sjølv velje kva land kortet skal virke i med regionsperre.
Vipps
Med Vipps kan du kjapt og enkelt betale, overføre og få pengar med mobilen. Du slepp å ha kontantar og du har alltid pengane med deg.
Treng du
Ein smarttelefon med norsk mobilnummer.
BankID - har du ikkje dette, tar du kontakt med banken.
Norsk personnummer eller D-nummer.
Folkeregistrert adresse.
Norsk Visa-kort eller Mastercard, samt konto i ein norsk bank.
Postadresse
Men korleis komme i gang?
Last ned appen
Du lastar ned appen på mobilen din, enten det er foriPhoneellerAndroid.
Legg til kort eller bankkonto
Legg inn kort og kontonummer. Du kan også legge til ein bankkonto som betalingsmåte viss du ønsker dette.
Du er i gang med Vipps!
No kan du sende og få pengar med mobilen din - uavhengig av kva bank mottakar bruker.
Pass opp for svindel – unngå å bli lurt
Dei nye svindelmetodane blir meir og meir utspekulert, og prøver å få deg til å oppgje sensitive opplysningar. Målet er enten å svindle kundar for pengar eller å stele identiteten deira.
Hugs:
Ikkje oppgje BankID-informasjon eller passord via mail eller telefon, uansett kven som ber om det – anten det er bank, familie, ven eller andre.
Banken vil aldri be deg om å gi opp kodar og passord via e-post eller telefon. Får du ein slik førespurnad, er det sannsynlegvis svindel.
Dersom du oppretter ei framtidsfullmakt, kan du bestemme at nokon du stolar på skal ta vare på dine interesser dersom du ein dag ikkje sjølv er i stand til å handtere eigen økonomi.
Fullmakta kan omfatte både økonomiske og personlege forhold, eller ho kan avgrensast til nærare spesifiserte forhold, som sal av bustad, betaling av rekningar og utdeling av gåver.
Viss du treng hjelp til å få betalt rekningar og halde oversikt over økonomien din, kan du utnemne ein disponent for kontoane dine.
Dette er ofte eit nært familiemedlem, og må vere ein person du stolar på.
Ein disponent har tilgang til kontoen på same måte som deg sjølv. Disponenten vil kunne gjere banktransaksjonar for deg i sin eigen nettbank, og logge inn med sin eigen BankID.
Kontoane dine blir lagt til i oversikten til disponenten, og ein kan betale og overføre, samt sjå alle kontooverføringar. Ein disponent kan også opprette AvtaleGiro og andre betalingsavtalar knytt til kontoen.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}