FOND FORKLART

Aksjesparekonto – ditt personlege bankkvelv

Sjå for deg aksjesparekontoen som eit bankkvelv der du kan samle verdifulle eigendomar, byte dei ut fritt, og la dei vekse utan at skatten aktiverast før du opnar bankkvelvet og tek ut gevinstane.

Kva er ein aksjesparekonto?

Video placeholder image

Aksjesparekontoen gjer det enkelt å investere i aksjar og fond, og er ein konto for deg som vil spare i:

  • fond med minimum 80 % aksjeandel
  • aksjar
  • eigenkapitalbevis

Fordelar med aksjesparekonto

Aksjesparekonto gir deg fridom til å kjøpe, selje og byte verdipapir utan å betale skatt undervegs.

pengesekk

Aksjesparekontoen er skattegunstig, noko som gir deg skattemessige fordelar. Du betaler ikkje skatt på gevinst frå sal eller byte av aksjar og aksjefond så lenge pengane er på aksjesparekontoen. Dette gir deg ein utsett skattefordel, som betyr at du kan reinvestere gevinsten din utan å skatte undervegs. Skatt blir først utløyst når du tek ut meir pengar enn du har sett inn. 

Aksjesparekonto – ditt personlege bankkvelv

Slik fungerer det

  1. Aksjesparekontoen er som eit bankkvelv:​​
    Aksjesparekontoen er som ditt personlege bankkvelv fylt av aksjar og aksjefond. Så lenge aksjane og fonda dine befinner seg inne i bankkvelvet (på aksjesparekontoen) kan dei vekse i verdi utan at du må betale skatt. Det er først når du tek ut pengar frå kontoen du kan måtte skatte av gevinst. 
  2. Innskotet – og skattefritt uttak:
    Når du set inn pengar på aksjesparekonto, får du moglegheit til å ta ut pengane du har sett inn, skattefritt. Innskotet er difor grunnlaget for kor mykje du kan ta ut skattefritt seinare.​​
  3. Verdistiging:​
    Over tid kan aksjane og fonda du har oppbevart på aksjesparekontoen auke i verdi. Denne auka i verdi (gevinsten) må beskattast, men ikkje før du har teke ut meir enn innskotet ditt.​
  4. Kjøp, selje eller byte utan å måtte skatte:​
    Du kan fritt kjøpe, selje eller byte ut det du oppbevarar på aksjesparekontoen din, for eksempel selje nokre aksjar for å kjøpe nye fond. Så lenge du ikkje tek ut pengar frå aksjesparekontoen, er det ingen som bryr seg om skatten.
  5. Når du ønsker å ta ut pengar:​
    Tar du ut mindre enn, eller det same som innskotet ditt, utløyser det ingen skatt. Tar du ut meir enn det, må du betale skatt på gevinsten du tar ut.

Kort om avkasting
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnader ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.

For deg som handlar fond og verdipapir

Sjå avtalar og retningslinjer