Smarte damer fikser pensjonen sin sjølv
Menn har framleis overtaket når det kjem til pensjonssparing, men no er det slutt!
Slik sikrar damene pensjonistdrømmen sin.
Menn har framleis overtaket når det kjem til pensjonssparing, men no er det slutt!
Slik sikrar damene pensjonistdrømmen sin.
– Uansett kva du gjer, jenta mi, så sørg for at du ikkje blir økonomisk avhengig av ein mann.
Denne setninga har mange unge damer høyrt i løpet av oppveksten, men ein skulle kanskje tru den var utdatert no? Stadig fleire kvinner har gode stillingar og tener godt. Vi bur i likestillingslandet Noreg og tener og sparer like mykje som gutta. Eller?
Nei då, menn tener i snitt meir enn kvinner. Ein studie frå 2022 viser at kvinner i Noreg i snitt har 8,6 prosent lågare årslønn enn menn – sjølv om dei er tilsette for å gjere den same jobben. Då blir det mindre å rutte med til andre ting, som for eksempel pensjonssparing.
– Sjølv om det er store forskjellar blant kvinner, har kvinner som gruppe mindre pengar enn menn, seier sosiolog og samfunnsøkonom Margunn Bjørnholt. Lønnsforskjellene mellom kvinner og menn er relativt stabile, men minkar sakte men sikkert. Kvinner som jobbar heiltid har 12,9 % lågare lønn enn menn. Det betyr naturlegvis også at kvinner har mindre pengar, både å bruke og til sparing.
– Mange kvinner jobbar i sektorar som er lågare betalt, som innan omsorg og utdanning. I tillegg gjer ho framleis ein større del av det ulønte arbeidet i heimen. Fleire kvinner jobbar dessutan i periodar deltid på grunn av barn og familie. Eit kvinneliv løner seg mindre enn eit mannsliv, og fleire kvinner vil bli minstepensjonistar i framtida, seier Bjørnholt.
I ei undersøking frå SpareBank 1 går det fram at stadig fleire kvinner sparer til pensjon. Dei siste åra har det vore ein stødig auke av kvinner som opprettar pensjonssparekonto.
Det finst to spareavtalar for pensjonssparing, IPS og pensjonssparekonto. For IPS er fordelinga mellom menn og kvinner relativt lik, medan det for Pensjonssparekonto er ei overvekt av kvinner. At fleire - både kvinner og menn - sparer til pensjon, kan ha noko med fokuset på kor enkelt det faktisk er å spare med dei nye spareprodukta på marknaden.
– Å spare til pensjon er mykje enklare enn folk trur. Alt du treng å vite for å komme i gang, er alderen din, fortel produkteigar sparing i SpareBank 1 SR-Bank, Maren Stangeland Oftedal. – Ved å taste inn alderen din i pensjonskalkulatoren, får du sjå korleis andre på same alder sparer til pensjon. Samtidig kan du sjå korleis sparebeløpet veks fram til du går av med pensjon. Og du kan endre på sparemåten undervegs, viss du føler for det. Smart og enkelt.
– Setter du opp pensjonssparekonto i dag, kan du spare over ein halv million kroner før du går av med pensjon. Men dette er sjølvsagt avhengig av kor gammal du er når du startar sparinga. Mitt beste råd er - sjekk kalkulatoren vår, og start sparinga no. Jo før du kjem i gang, jo meir får du igjen, oppsummerer Maren.
Maren Stangeland Oftedal, produkteigar sparing i SpareBank 1 SR-Bank.