Du har sannsynlegvis mange forskjellige filter i bustaden din. Anten det er filter i vasskran, vaskemaskin, kjøkkenvifte, tørketrommel eller avtrekksventilar, så bør det reinsast med jamne mellomrom.
Reinse filter i kjøkkenvifte
Kvifor?
Betre inneklima og tryggare matlaging.
Dersom kjøkkenvifta er full av feitt, vil den vere i dårlegare stand til å ta opp osen av damp og feitt frå matlaging. Det vil føre til at matos, feitt og røyk legg seg rundt i huset i staden for. Vifta kan også bli øydelagt av for mykje feitt, og i aller verste konsekvens kan feitt renne ned frå vifta og skape brann dersom fettet treff ein varm kokeplate og flammane rekk opp til filteret. Heldigvis kan du forhindre at dette skjer ved å vedlikehalde kjøkkenfilteret.
Kva treng ein? Oppvaskbørste, oppvaskmiddel eller tilsvande feittløsande middel, mikrofiberklut, kjøkkenspray
Korleis?
- Ta ut støpselet på kjøkkenvifta.
- Fyll kjøkkenvasken med varmt vatn blanda med oppvaskmiddel og rør rundt.
- Ta av fettfilteret i kjøkkenvifta og legg filteret i vasken i minst to timar, kanskje over natta viss filtera er veldig skitne.
NB! Enkelte fettfilter er kun tynne tøy- eller stoffmatter. Desse kan ikkje vaskast, og må bytast. Sjekk gjerne i bruksanvisninga om ditt filter toler maskinoppvask. - Bruk ein gamal oppvaskbørste for å løyse så mykje fett som mogleg.
- Når filteret verkar relativt reint, kan dei fleste fettfilter vaskast i oppvaskmaskin. Køyr filteret åleine i maskina, slik at det ikkje set seg fett på andre ting som vaskast samtidig.
- Viss du reinsar filteret ofte (kvar 3. veke) kan du byrja direkte på steg 5 med å putte filteret i oppvaskmaskina. - Ta ut viftehjul og luftinntaksring og vask dei med oppvaskmiddel og -børste.
- Tørk godt både på undersida av ventilatoren og på kanten mot innsida der filteret skal stå med ein mikrofiberklut med kjøkkenspray.
- Sørg for at filter, viftehjul og luftinntaksring og der du har vaska på vifta er tørre.
- Monter viftehjul, luftinntaksring og filter tilbake på plass.
- Test at vifta fungerer ved å putte eit A4-ark på vifta og sjå om vifta kan halde det oppe.
Har du kullfilter – sjå her
- Sjekk bruksanvising eller søk opp på nett for å sjå om ditt kullfilter held til vask. Om kullfilteret ikkje held til vask må du byte til eit nytt kullfilter, men viss du kan vaske det, følg stega under.
- Kor ofte ein må byte eller vaske kullfilter avheng av kor mykje du lagar mat, då hovudoppgåva til kullfilteret er å fjerne lukt frå matosen før lufta blir blåst ut i rommet igjen. Ein pekepinn kan vere mellom eit halvt og eit heilt år. - Vask kullfilteret på same måte som vanlege filter anten med oppvaskmiddel og varmt vatn i vasken eller i oppvaskmaskina. Sørg for at kullfilteret blir heilt tørt etter vask.
- Sett omnen til 150 grader.
- Legg kullfilteret i omnen i ca. to timar.
- Kullet i kullfilteret blir nemleg inaktivt etter vask og må aktiverast i omnen. - Plasser kullfilteret tilbake i kjøkenvifta når det er heilt avkjølt.
Reinse filter i vasskraner
Kvifor?
Godt trykk i vasskrana og reint vatn.
Før vatnet renn ut av ei kran går det gjennom eit filter som kallast perlatoren. Her blir smuss stoppa slik at det ikkje renn ut med vatnet. Etter oppussing knytt til rør kan det også hamne partiklar frå rørarbeidet her. Dette kan føre til at trykket i vasskrana blir dårlegare sidan vatnet må kjempe seg igjennom ein del skitt. Etter rørarbeid er det spesielt viktig å reinse filteret for å halde vatnet reint. Det er heldigvis lett å vedlikehalde vasskrana.
Kva treng ein? Moglegvis skiftenøkkel
Korleis?
- Skru av den ytterste tuppen på vasskrana der vatnet renn ut (perlatoren).
- På nyare kraner med plastperlator held det å skru med fingrane, mens på eldre kraner med perlator i metall kan du bruke skiftenøkkel.
- Skru mot venstre når du ser rett på tuppen av vasskrana for å løyse perlatoren.
i.) Hugseregel for å skru noko lausare/fastere: «righty tighty, lefty loosy». - La det renne litt vatn frå krana etter at perlatoren er skrudd av.
- Skyll perlatoren og sørg for at alt smuss er fjerna
- Skru perlatoren tilbake på plass.
Reinse filter i oppvaskmaskin
Kvifor?
Rein oppvask.
Dersom tinga du vaskar i oppvaskmaskina ikkje blir heilt reine, kan det tyde på at sjølve oppvaskmaskina ikkje er heilt rein. Matrestar, smuss og kalk samlar seg i heile oppvaskmaskina, spesielt i filtera, som gjer at vaskeresultatet ikkje blir optimalt. I verste fall kan det føre til at vannet i maskina renn utover kjøkkengolvet. Det er heldigvis enkelt å vedlikehalde oppvaskmaskina så du får skinande reine tallerkener etter vasking og unngår vasslekkasje.
Kva treng ein? Oppvaskbørste, kjøkkenspray, mikrofiberklut, oppvaskmaskinreins
Korleis?
- Sørg for at oppvaskmaskina er tom før du byrjar reingjeringa.
- Ta ut filtera i botnen av oppvaskmaskina.
- Vask filtera i rennande varmt vatn med ein oppvaskbørste.
- Legg filtera tilbake i oppvaskmaskina og sørg for at dei «klikkar» seg på plass.
- Spray kjøkkenspray på ein tørr mikrofiberklut og tørk over sidene på oppvaskmaskindøra.
- Hell ein heil pose oppvaskmaskinreins i hovudkammeret for å vaske inne i oppvaskmaskina.
- Det du ikkje får plass til i hovudkammeret kan du helle nederst i sjølv maskinen. - Vel eit vanleg vaskeprogram og sett på oppvaskmaskinen med maskinreins i.
Reinse filter i vaskemaskin
Kvifor?
Ei velfungerande vaskemaskin som er mindre utsett for framtidige problem.
Mange mindre feil med vaskemaskiner kan sporast tilbake til filteret. Dersom vaskemaskinen vibrerar, lagar høg lyd, brukar lengre tid på eit program, stoppar vilkårleg under eit program eller kleda kjem ut rennande våte, kan det skuldast eit tett filter. Små framandelement som knappar og myntar kan òg feste seg i filteret og i verste fall kome ut til pumpa og hindre at pumpehjulet roterer. Heldigvis kan alle desse problema løysast raskt og enkelt med reingjering og vedlikehald av filteret. Om du reingjer vaskemaskinfilteret regelmessig, vil det òg førebygge framtidige problem med vaskemaskinen.
Kva treng ein? Mikrofiberklut, flat skrutrekkar eller noko anna flatt for å opne serviceluka
Korleis?
Viktig! La vatnet kjøle seg ned før du byrjar på denne oppgåva. Dersom du vaskar med høge temperaturar, kan vatnet bli veldig varmt. Dersom du kjem borti det varme vatnet, kan du bli skålda.
- Steng vasskrana slik at det ikkje kan strøyme inn vatn.
- Sørg for at vaskemaskina er av og dra ut kontakta.
- Opne og ta av serviceluka og legg eit handkle på golvet.
- Ta av pumpedekselet.
- Merk at steg 5 til 7 ikkje er relevant for alle, sjekk di vaskemaskin og bruksanvisning. - Før dreneringsslanga over til ein behaldar og ta av hetta slik at restevatnet kan renne ut i behaldaren.
- Det kan hende du må drenere vatnet i behaldaren fleire gonger.
- Merk at vatnet kan vere varmt rett etter klesvask, så ver forsiktig! - Sett på hetta og legg dreneringsslangen tilbake etter at alt vatnet er drenert.
- Skru forsiktig av pumpedekselet.
- Merk at det kan kome ut restvatn. - Skru av filterlokket, og skyv det ut.
- No vil det kome vatn på handkleet du har lagt ned, og det kan hende du finn framandelement i filteret, slik som myntar, knappar eller lo-ansamling - Fjern framandelement i filteret, slik som myntar, knappar eller lo-ansamling og reinse filteret ved å skylje det med varmt vatn.
- Reinse innsida, gjengene på pumpedekselet og pumpehuset med ein mikrofiberklut.
- Sjekk om pumpehjulet bevege seg fritt og kan rotere med ei skje eller pinne.
- Skru filterlokket godt på i vertikal posisjon.
- Sett på pumpelokket igjen, og skru det godt fast. Handtaket må vere i vertikal posisjon.
- Sette på serviceluka igjen, og lås den på plass.
- Kople til straum og vasstilførsel.
Merk: For å unngå at det renn ubrukt vaskemiddel rett ned i avløpet under den neste vaskesyklusen, kan du helle 1 liter vatn i rommet “flytande vaskemiddel” og starte dreneringsprogrammet.
Reinse filter i tørketrommel
Kvifor?
Ein tørketrommel som tørker kle effektivt og som er mindre utsett for framtidige problem.
I ein tørketrommel samlar både filteret og kondensatoren opp lo, hår og annet smuss. Når desse to elementa er fulle og tette, fungerar tørketrommelen mindre effektivt, noko som kan føre til at kle ikkje blir tørre eller at tørketrommelen brukar lenger tid. I verste konsekvens kan det oppstå brann dersom filteret og kondensatoren er tette, men dette er svært sjeldan. Heldigvis er det raskt og enkelt å vedlikehalde tørketrommelen så kleda dine alltid blir tørre.
Kva treng ein? Mikrofiberklut
Korleis?
- Kople frå straumen til tørketrommelen før du byrjar med reingjeringa.
- Ta ut filter og vask dei med ein klut eller legg dei i blaut i varmt vatn.
- Filter er ofte plassert i døra eller døropninga. - Tørke over filterhusa med ein tørr mikrofiberklut.
- Ta ut kondensatoren på tørketrommelen for å reinse den.
NB! Nokre tørketromlar har sjølvreinsande kondensatorar, og då er ikkje dette steget nødvendig. - Ta av alt støv og skyll kondensatoren i vasken til alt smuss er borte.
- Vask døra og andre stader det kan samle seg lo og smuss med ein mikrofiberklut.
- Fjern den øvste delen og sidene på tørketrommelen og støvsuge grundig innvendig.
- Dette forlengar tørketrommelens levetid. - Sjekk at drivreima er heil og trekk jamt
- Monter tilbake den øvste delen og sidene på tørketrommelen.
Reinse filter i avtrekksventilar
Kvifor?
Betre ventilasjon og luftkvalitet.
Over tid blir avtrekkskanalen i baderomsvifta tilsmussa og skitna til av insekt, pollen, vegstøv, sot og anna som finst i lufta. Dette gir dårleg ventilasjon og luftkvalitet, i tillegg til at det kan skape kondensproblem. Dersom det blir for mykje støv, kan det vere brannfarleg. Det er heldigvis raskt og enkelt å reingjere vifta, så gjer det til ein vane.
Kva treng du? Mikrofiberklut, støvsugar, skrutrekkar dersom du vil demontere, vaskemiddel, evt. muggdrepande middel
Korleis?
- Sørg for at vifta er av før du byrjar arbeidet.
- Støvsug eller tørk utsida og opninga av avtrekksventilen med ein tørr mikrofiberklut.
- Dersom vifta er veldig skitten kan du vaske utsida og opninga med vatn og såpe.
- Om det har komme mugg på vifta må du bruke muggdrepande middel. - (Dersom ventilen kan demonterast kan du ta av dekselet for å vaske innsida med vatn og klut og vaske dekselet i oppvaskmaskina. Sørg for å tørke dekselet godt før du set det på plass).
- Test at vifta fungerer ved å putte litt dopapir på vifta og sjå om vifta kan halde det oppe.
Reinse filter i dusjhovud
Kvifor?
Godt trykk i dusjen og reint vatn.
Før vatnet renn ut av dusjen går det gjennom eit slags filter. Her blir smuss stoppa slik at det ikkje renn ut med vatnet. Dette kan føre til at trykket i dusjen blir dårlegare sidan vatnet må kjempe seg igjennom ein del skitt. Det er heldigvis enkelt å vedlikehalde dusjhovudet og sørgje for godt trykk på vatnet.
Kva treng ein? Q-tips, såpe, nål, bøtte, klorin
Korleis?
- Skru av dusjhovudet frå slangen.
- Stikk ein q-tips eller liknande inn i bakrøret til dusjhodet for å sjekke om det er eit slimbelegg der.
- Spyle og reingjere innsida av dusjhovudet med såpevann.
- På dusjar med antikalkfunksjonen QuickClean kan du gni silikondysene med ein finger for å fjerne smuss og kalk. Eventuelt kan du stikke ein nål opp i silikondysene for å løyse opp dette.
- Legg dusjhåret og slangen i ein bøtte med 10 liter vatn og to korker klorin i ca. 1 time.
- Skyll både slangen og dusjhovudet godt.
- Fest dusjhovudet tilbake på slangen.
Reinse filter i vifteomnar
Kvifor?
Rask og trygg tilleggsvarme!
Over tid kan støv og skitt samle seg i filteret til vifteomnen. Ved bruk vil då omnen faktisk brenne støvet, noko som gir eit dårleg inneklima. Om det er mykje støv i filteret og omnen står på over lang tid, kan det vere fare for overoppheting og i verst fall fare for brann - spesielt i eldre modellar. Støv i filteret kan også slite på vifteomnen. Heldigvis er det raskt og enkelt å reinse filteret for å unngå at slike skader skjer.
Kva treng ein? Støvsugar, mikrofiberklut
Korleis?
- Sørg for at vifta er av og at støpselet er draget ut.
- Om vifteovnen er varm, bør du vente med å reinse filteret til omnen er avkjølt. - Bruk ein støvsugar for å få ut støv og skitt som har sett seg i filteret på vifteovnen.
- Gå over med ein mikrofiberklut for å få vekk dei minste støvkorna.
- Sjekk at leiarar og koplingar ser heile ut når du fyrst er i gang med vifteomnen.
Reinse filter i varmepumpe
Kvifor?
Betre inneklima.
Over tid kan støv og skitt samle seg i filtera til innedelen av varmepumpa. I praksis betyr det at varmepumpa vil bruke meir energi på å trekke inn luft, i tillegg til at meir støv vil kome inn i sjølve maskina og påverke viftetrommelen. Ein konsekvens av det er at varmepumpa kan få problem med å avgi riktig varme, og den bruker meir straum. I tillegg kan gammalt støv sirkulere ut i rommet igjen. Det er heldigvis raskt og enkelt å reingjere filtera i varmepumpa for å oppnå eit godt inneklima og ikkje redusere levetid til pumpa.
Kva treng ein? Støvsugar med eit munnstykke med børste, mikrofiberklut
Korleis?
- Kople ut straumen ved å dra ut støpselet eller ta sikringa.
- Ta av dekselet til varmepumpa for å få tilgang til filtera.
- Støvsug grovfiltera med eit munnstykke med børste. Du kan også skylje dei i reint, lunkent vatn.
- Ikkje ha filtera i oppvaskmaskina! - Støvsug luftfilteret med eit munnstykke med børste. Du kan eventuelt legge dei i lunkent vatn og skylje med reint vatn etterpå viss dei er veldig skitne.
- Støvsug finfilter med eit munnstykke med børste.
- Vaske utsida og alle overflater med ein fuktig mikrofiberklut for å bli kvitt støv og smuss.
- Rist filtera eller bruke ein tørr klut for å tørke filtera.
- Sett alle filtera tilbake på plass når dei er heilt tørre. Ver sikker på at alle filtera sitt riktig før du set på dekselet.
Kva lurer andre på?
Dersom det skjer ei skade på huset eller hytta som fører til vasslekkasje og vasskade, er sjølve huset eller bygninga dekka av husforsikring. Det vil seie tak, veggar, golv og alt som sit fast i bustaden (parkett, peis, varmtvannsberedar, varmepumpe, kjøkkeninnreiing osv.). Det same gjeld for hytta dersom du har hytteforsikring.
Blir møblar eller frittståande kvitevarer øydelagt, er det innbuforsikring som vil dekke dette.
Ved vasslekkasje frå tak
Forsikringa di skal dekke det som skjer plutseleg og tilfeldig. Viss til dømes taket ditt sakte, men sikkert blir øydelagt fordi du ikkje held det ved like, er det ein skade som skjer over tid. Då dekkast den heller ikkje av forsikring. For å vere dekka mot følgeskader som kjem av tak (inntil 50 år gammalt) som ikkje er tett, må du ha topp husforsikring.
Kva gjer eg ved vasslekkasje?
- Stopp vatnet og redd eigendelar
Ved vasslekkasje frå vassrøyr, finn hovudstoppekrana og steng av vatnet. Hvis du ikkje får stoppa vatnet og det er behov for rørleggjar, så tilrår vi at du sjølv engasjerer ein rørleggjar. Fjern mest mogleg av vatnet, for å avgrense skaden. Flytt gjenstandar bort eller opp frå vatnet. - Dokumenter skaden
For å hjelpe deg er dette relevant: Liste over øydelagte ting. Kvitteringar for eventuelle utgifter i samband med hendinga. For at Fremtind skal finne ut om dei kan få reparert tinga dine, må du behalde dei til dei har sett på saka.
- Kontakt oss
Meld skaden til Fremtind. Dei bistår deg òg dersom du treng akutt hjelp og gir praktiske råd gjennom heile prosessen. Ikkje begynn med reparasjonar før du har kontakta Fremtind – dei vil hjelpe deg med det.
Er det skade på bygninga og du i burettslag må du òg melde ifrå til styret. Dei melder saka til sameiget/burettslaget sitt forsikringsselskap. - Kva skjer etterpå?
Ved små skader, kan vi som oftast behandle saka ganske raskt. Det er mogleg vi ber deg om å sende bilete av skadene. Ved større skader sender vi ein takstinspektør eller håndverkar til deg for å få betre oversikt. Dei takserer skaden og kan gje deg informasjon om prosessen rundt reparasjonen.
Har du både innbu- og husforsikringane hos oss, får du éin eigenandel, eitt kontaktpunkt og eit samla oppgjer ved skade.
Sjå også
Dekker husforsikring at varmepumpe?
kva dekker innbuforsikring?
Er eg dekka for maten i fryseboksen min?