Tips og råd
Tips og råd
Tips og råd
Om du ønsker å få tilgang til ein annan sin konto kan du ikkje bestille dette sjølv. Det er eigar av kontoen som må bestemme kva kontoar som skal delast og korleis.
Som kontoeeigar kan du velje om det berre gjeld å gi nokon tilgang til kontoutskrifta frå kontoen, eller om den du deler med skal vere ein disponent og kunne betale rekningar og ha same tilgang som deg.
Den du vil dele konto med må vere kunde hos oss og kunne logge seg inn i nettbanken vår og mobilbank.
Oppgi aldri personlege passord, PIN-kodar eller annan BankID-informasjon, uansett kven det er som spør. Løysinga er å dele konto eller å legge til disponent.
Om du er disponent, vil du - som ordet tilseier - kunne disponere kontoen og betale rekningar, opprette AvtaleGiro, ha oversikt over saldo og sjå kontobevegelser på vegne av den du disponer for.
Dette gjer du enkelt i mobilbanken eller nettbanken.
Du vel her samtidig kor mykje kontrol personen skal ha over den delte kontoen:
Disponentar må til info også vere kundar i banken.
Dersom du som disponent skal motta og godkjenne eFaktura for den som eig kontoen, må kontoeigaren gi deg tilgang frå mobilbank eller nettbank. Den som eig konto kan anten dele alle eFakturaene med deg, eller velje ut enkelte eFakturaer du skal få tilgang til.
Disponenten kan ikkje styre utbetalingar frå andre kontoar enn det han eller ho er gitt tilgang til.
Nei, du må ikkje låne bort din BankID - fordi BankID er den digitale legitimasjonen din og underskrifta di.
Dette er veldig viktig å tenke litt over, for det betyr at i staden for kulepenn, papir og pass, kan du bruke BankID som legitimasjon og signering på nett.
BankID er deg, og det er derfor vi er så strenge med kven som bruker den. Akkurat som passkontrollen ikkje slepp deg gjennom viss du held opp passet til ein annan person.
Og sidan du kan bruke BankID til viktige ting som både signering av dokument, pantsetje bustad, få tilgong til helseopplysningar, fond og ei rekke andre tenester, kan du ikkje låne den bort.
Oppdagar vi at du har lånt han bort, vil vi av sikkerheitsårsaker sperre kontoen og BankID'en din. Dette gjeld dessverre uansett om du treng hjelp til innlogging eller viss du låner BankID'en til ektefellen din for å kunne styre utbetalingar.
Du kan enkelt dele tilgong til ein konto i mobilbanken eller nettbanken.
Du vel her samtidig kor mykje kontroll personen
skal ha over den delte kontoen:
Den du vil dele konto med må vere kunde hos oss og kunne logge seg inn i nettbanken vår og mobilbank.
Les meir: Bli disponent
Utgangspunktet er at du kan legge til alle kontoar du kan betale frå, altså alle brukskontoar som du eig eller disponerer. Men enkelte bankar har valt å berre dele konto der du står som eigar.
Sjå også
I utgangspunktet er det berre betalingskontoar du kan legge til, men nokre bankar tilbyr deg å legge til sparekonto og kredittkort i annan bank.
Sjå også
For å gi andre moglegheit til å sjå dine fond, må du bestille tilgang til personen du vil dele med. Dette gjer du ved å sende oss ei melding frå innlogga nettbank eller mobilbank. Skriv namnet til den som skal ha innsyn på dine fond i meldinga.
Kravet for å få innsyn er at den personen det gjeld har fond, porteføljekonto eller aksjesparekonto hos oss. Personen får ikkje moglegheit til å kjøpe, bytte eller selje dine fond i si nettbank eller mobilbank, kun innsyn.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium