Google Pay

Med Google Pay™ kan du enkelt og raskt betale med mobilen (Android) på nett, i appar og i butikken.

Legg til bankkortet ditt eller kredittkort i appen, så er du i gong.

Googe Pay logo
Enkel og rask betaling i butikk og på nett.
Trygg og sikker betaling utan bankkort.
Betal kontaktlaust i alle butikkar.

Slik kjem du i gong

  1. Last ned Google Pay (Google Wallet) i Play-store.
  2. Vel betalingsmåte og legg til kortet ditt.
  3. Godkjenn vilkåra og stadfest med eingongskode på SMS.

Hugs aktivering av NFC-betaling (kontaktlaus betaling) i innstillingane på mobilen din og vel Google Pay som standard betalingsapp.

Kven kan bruke Google Pay?

  • Du treng ein Android mobil, klokke eller nettbrett med støtte for NFC betaling.
  • Du må vere fylt 13 år.
  • Du må ha ei eining med Android 5.0 eller høgare. Du kan også bruke klokke som støttar Google Pay.

Korleis bruker eg Google Pay?

Google Pay er ei digital lommebok på mobilen. Den gir deg moglegheit til å betale med bankkort og kredittkort i butikkar og på nett.


Kontaktlaus betaling i butikk

Aktiver skjermen på mobilen og hald baksida mot betalingsterminalen, på same måte som når du betaler kontaktlaust med eit bankkort. For beløp over 500 kroner må du låse opp mobilen for å godkjenne betalinga.

Har du mobildeksel med kort, bør du brette dette til side slik at betalingsterminalen ikkje plukkar opp feil kort.

Husk å registrere medlemskort når du betaler

Har du medlemskort eller fordelskort må du hugse å scanne strekkoden før du betaler med Google Pay. Du kan legge inn desse i appen slik at dei er lett tilgjengeleg.


Betaling på nett og i apper

Google Pay kan brukast som betalingsmåte på eit stort utval nettstader og appar. På denne måten slepp du å legge inn kortinformasjonen din og opprette betalingsprofilar på fleire stader.

Du kan òg logge inn og administrere din Google Pay konto (https://pay.google.com)

Kva lurer andre på?


Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no