OTP-lova
Her kan du lese om reglane for obligatorisk tenestepensjon.
Her kan du lese om reglane for obligatorisk tenestepensjon.
Obligatorisk tenestepensjon har vore lovpålagt sidan 2006. Arbeidsgjevarar pliktar å betale eit beløp tilsvarande minst to prosent av lønna til tilsette til pensjonssparing.
Du må opprette pensjonsordning for dine tilsette når du oppfyller minst eitt av desse vilkåra:
Det blir fort dyrt dersom du ikkje har obligatorisk tenestepensjon for dine tilsette. Bedrifta risikerer ei bot på 250 kroner per dag per tilsett for ikkje å ha pensjonsordning i samsvar med lova.
Hugs at du kvar månad må rapportere at du har OTP på stell. Dette blir gjort i a-meldinga.
Minimum 2 % av løn opp til 12 G skal setjast av til pensjonssparing. 1G = 124.028 kroner.
OTP-ordninga inkluderer betalingsfritak viss den tilsette blir arbeidsufør.
I tillegg kan arbeidsgjevar velje å knyte til uførepensjon, ektefellepensjon eller sambuarpensjon og barnepensjon.
Prisen avheng av talet på tilsette og løna deira. I tillegg til månadlege innskot, må bedrifta betale omkostninger. For å kunne rekne ut prisen treng vi litt informasjon om bedrifta di og dine tilsette.
Du registrerer SpareBank 1 Forsikring som pensjonsleverandøren din i a-meldinga. Dette kan gjerast i lønssystemet ditt.
Organisasjonsnummeret vårt er 915 651 321.
Korrekt rapportering i a-meldinga er nødvendig for å unngå bøter, og for å sikre at dine tilsette får riktig pensjon.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium