Mikrosparing

La sparinga gå av seg sjølv. Med mikrosparing kjem du litt nærare sparemålet ditt kvar gong du bruker kortet.

Jente mikrosparer når ho betaler med kort på butikk
Vel beløp
Du vel sjølv kor mykje du vil spare.
Fleksibelt
Du kan enkelt endre eller stoppe sparinga.
Automatisk
Sparinga går heilt av seg sjølv.

Prisar og vilkår

  • Mikrosparing er gratis
  • All sparing er i heile kroner
  • Minste beløp er 2 kroner per gong

Overføring av sparebeløp

Når du bruker kortet kan det ta 1-3 dagar før sparebeløpet blir overført. Då står det "småsparing" på kontooversikta di. Neste dag ser du kor mange korttransaksjonar som er med i den aktuelle sparinga.


Kom i gang med mikrospar på 1-2-3

  1. Logg inn i mobilbanken eller nettbanken.
  2. Vel om du vil spare eit fast beløp, ein prosentdel av det du handlar for, eller eit avrunda beløp kvar gong du bruker kortet.
  3. Du er i gong med sparinga neste gong du drar kortet!

Sjå kor mykje du sparer

I nettbanken og mobilbanken har du oversikt over sparinga di. Her kan du endre beløp og spareform, stoppe sparinga for ein periode eller slette heile spareavtalen.

Spar til buffer

Uventa ting kan fort skje og då er det lurt å ha litt pengar på lur. Opprett ein bufferkonto, og mikrospar til kontoen kvar gong du bruker kortet. Med litt småsparing her og der, har du pengar i reserve den dagen du treng det!


Mikrosparing i fond

No måla dine og draumar raskare! Med mikrosparing kan du spare i fond kvar gong du bruker kortet.

Du må ha ein aksjesparekonto for å mikrospare i fond. Du får moglegheit til å opprette dette når du startar sparinga.

Mikrospar + BSU = Sant

Synest du det er vanskeleg å fylle opp BSUen kvart år? Med mikrospar kan du impulsspare til BSU-kontoen din utan at du merkar det. Plutseleg er du nærare draumen om eigen bustad. 

  

Kva lurer andre på?


Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no