Tips og råd
TIPS OG RÅD
Sparebanden
Møt Sparebanden! Dei har ein viktig jobb, nemleg å lære barn og vaksne om noko enormt viktig – pengar og økonomi for barn.
TIPS OG RÅD
Møt Sparebanden! Dei har ein viktig jobb, nemleg å lære barn og vaksne om noko enormt viktig – pengar og økonomi for barn.
Pengar kan vere vanskeleg å forstå, sjølv for vaksne. Korleis kan det då vere enkelt for barn? Å involvere barna i økonomien i familien gjer at dei føler større ansvar og får auka forståing for kva ting kostar. Det vil dei tene på seinare i livet.
Sparebanden skal gi familiar støtte og hjelp til å danne gode pengevanar. Vi lovar ikkje eit liv fullt av rikdom, men hjelp til å forstå meir om pengar og økonomi i ei verd i stadig endring.
Saman skal vi hjelpe barna med å få gode pengevanar.
«Viss eg sparer litt og litt, så får eg til slutt råd til det eg ønsker meg!»
Du kan seie at eg er roleg og fornuftig. Ein ryddig og ordentleg type.
Eg er god til å planlegge og legge gode spareplanar.
Eg synest det er viktig å vente med å kjøpe til eg har tenkt meg litt om. Gjerrig? Nei, men eg liker å ha ein plan for det eg gjer.
«Å, den var fin! Kan vi ver så snill kjøpe den? Då blir eg kjempeglad!»
Her er eg! Hoppande glad, impulsiv og med glimt i auget.
Eg er kanskje ikkje den mest seriøse av oss, men elskar å motivere, spreie glede og finne gode grunner til å bruke litt pengar.
Å bruke er vanskelegare enn det ser ut som. Derfor søker eg ofte råd hos dei andre for korleis eg kan få det eg ønsker meg.
«Å dele gjer meg superglad! Det kjennest så mykje betre enn å kjøpe noko til meg sjølv.»
Det viktigaste for meg er ikkje å ha mykje pengar sjølv, men å gjere ting saman.
Eg er opptatt av rettferd og er veldig omsorgsfull. Eg blir glad av å både tenke på og dele med andre.
Eg vil gjerne ha pengar og ting sjølv, men eg treng ikkje å ha meir enn andre.
«Å bruke pengar på ein idé synest eg er spennande? Ja, gjerne!»
Eg er oppfinnsom, leiken, nysgjerrig og energisk.
Eg ser alltid etter moglegheiter og løysingar, og hjelper Spare, Bruke og Dele. Saman kan vi få til kva som helst.
Gode idéar får meg til å slå hjul og eg elskar å tene pengar på noko ingen har tent pengar på før.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium