Testament og arv
I eit testament vel du kven du gir bort deler av arven din til. Her finn du kontraktsmal for testament og svar på spørsmål om arv, arvelova, fordeling av arv og skifte av dødsbu.
I eit testament vel du kven du gir bort deler av arven din til. Her finn du kontraktsmal for testament og svar på spørsmål om arv, arvelova, fordeling av arv og skifte av dødsbu.
Tenesta blir levert av Advokatfirmaet Legalis AS.
I eit testament bestemmer du kva som skal skje med det du eig etter at du er død.
Etter arvelova går noko av arven til ektefelle og eigne barn. Behovet for eit testament oppstår viss du ønsker ei anna fordeling av arv. Kanskje ønsker du å sikre ektefellen din i større grad, eller du vil gi bestemte eigedelar til bestemte personar – eller at også barna til ektefellen din skal arve?
Andre moglegheiter er viss du vil gi noko til gode formål, eller setje av middel til vedlikehald av grava. Det kan også vere forhold ved ein arving som gjer at du treng avgjersler om forvaltning. Med eit testament kan alt dette og mykje anna blir bestemt.
Å bestemme kven som skal arve kva, kan også vere med å førebygge seinare krangel mellom arvingane.
Tenesta blir levert saman med Advokatfirmaet Legalis AS. Du blir overført til Legalis sine sider der du vel og fyller ut kontrakt. Denne vil bli kvalitetssikra av Advokatfirmaet Legalis AS før du betaler.
Vurder behovet ditt og ønsker
Vurder behovet ditt for testament og kva eit testament skal innehalde. Les meir om testament i rettleiaren om arverett. Drøft gjerne med pårørande!
Set i gang
Fyll ut testamentet. Les teksten nøye og vurder om dette er i tråd med dine ønsker.
Etter at du har starta utfylling av kontrakten på Legalis sine sider, kan du logge inn, lagre, og kome tilbake seinare for å fullføre.
Signer kontrakten
Etter at den er kvalitetssikra av advokat, må du skrive ut og signere kontrakten.
Eit testament krev to vitner som er tilstades saman med deg når du signerer.
Oppbevaring
Oppbevar det underteikna testamentet på ein sikker stad. Det tryggaste er å la domstolen ta vare på det mot eit gebyr.
Ønsker du å bidra økonomisk til bustadkjøp eller anna formål, er det viktig å gjere dette ryddig og ope. Tenk gjennom om det skal vere lån eller gåve. Viss det skal vere gåve, er forskot på arv ein god moglegheit. Dette vil opplevast meir rettferdig for andre arvingar, sidan forskotet blir trekt frå ved seinare arveoppgjer.
For at ei gåve seinare skal kunne avkortast i arv må den som får gåva vere kjent med slik avkortning før gåva blir ytt, noko som helst bør gjerast skriftleg i eit gåvebrev eller liknande. Forskotet bør òg skrivast ned i eit testament, slik at det ikkje blir tvil om kven som er mottakar og storleiken på beløpet.
Er de gift og har berre felles barn, er de i utgangspunktet godt sikra . Gjennom reglane om uskifte kan gjenlevande ektefelle overta alle eigedelar, inkludert felles bustad. Arveoppgjeret skjer først når gjenlevande ønsker dette.
Viss de er gift og har barn frå tidlegare forhold, gjerne kalla særkullsbarn, blir det litt komplisert. Det er ikkje rett til uskifte med avdødes særkullsbarn. Det kan derfor oppstå situasjonar der gjenlevande ektefelle har problem med å behalde bustaden, sidan det skal utbetalast arv til avdødes barn. Viss de er i situasjonen «mine og dine», er fleire grep aktuelle. Herunder at særkullsbarn samtykker til uskifte, eller at arven til barna blir avgrensa gjennom eit testament og bruk av livsforsikring.
Det hender dessverre at familiar opplever vanskelege konfliktar om arv. Nokre arvingar kan oppleve at oppgjeret er urettferdig, gjerne fordi andre har fått verdiar tidlegare. To nøkkelord for å unngå konflikt er openheit og verdsetting. Openheit rundt fordelinga, og kunnskap om kva verdiar som finst, gjer at det ikkje kjem store overraskingar ved arveoppgjeret. Eit testament som beskriv utdelte forskot på arv, og avgjersler om kva eigedelar dei enkelte arvingane skal ha, er ofte eit godt verktøy.
Kvifor skrive testament?
Om du ikkje skriv eit testament, er det arvelova som avgjer kven som arvar deg etter at du har gått bort.
Vel du å skrive eit testament, kan du i større grad vere med å påverke kven som skal arve etter deg og korleis arven skal fordelast.
I tillegg til hjelp med testamentet kan du få hjelp med andre juridiske problemstillingar. Som kunde får du redusert timepris hos Advokatfirmaet Legalis AS. Timepris: kr 1990,-
ADVOKATFIRMAET LEGALIS AS
Fagleg tyngde og personleg oppfølging.
Legalis skal sørge for at heile Norge har tilgang til ein god advokat. Legalis er opptatt av at det skal vere enkelt å komme i kontakt med advokat, og skal levere god juridisk kvalitet til ein fornuftig pris.
Det er 40 advokatar i Legalis som tilbyr advokatbistand innanfor alle spørsmål
som privatpersonar kjem borti i løpet av livet.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium