Sambuarkontrakt

Bur du saman med nokon? Eller skal du bli sambuar? Skriv sambuarkontrakt, såg blir det mindre kluss om det skulle gå skeis.

Tenesta blir levert av Advokatfirmaet Legalis AS.

Sambuarkontrakt - juridisk hjelp

Kva er ein sambuarkontrakt?

Ein sambuarkontrakt, eller sambuaravtale, er ein avtale mellom sambuarar som vernar begge partane, og bidrar til at oppgjer ved eit brot blir enklare og rettferdig. Les meir om sambuarkontrakten i rettleiaren for å flytte saman (pdf)

Det er òg viktig at avtalen seier noko om kva som skjer om ein av partane døyr. Ein sambuarkontrakt inneheld område som: 

  • Økonomisk ansvar og felles utgifter
  • Kven som eig kva og fordeling av lån og gjeld
  • Korleis fordeling skal gjerast ved eit brot eller dødsfall
  • Vurdering av bustad og hytte ved eit samlivsbrot

Har du allereie oppretta ein kontrakt hos Legalis? 
Finn kontrakten din her.

Sambuarkontrakt

899 kroner
  • Enkel standard kontrakt som passar for sambuarforhold.
  • Ein advokat frå Advokatfirmaet Legalis AS ser over og kvalitetssikrar sambuarkontrakten.
  • Prisen dekker begge partane i forholdet. Kontrakten må skrivast ut og signerast av begge partane, då det ikkje er moglegheit til å signere digitalt.
  • Ønsker de å tilpasse innhald og treng meir hjelp frå advokat, tilbyr Legalis ein redusert timespris på kr 1990,-. 

Tenesta blir levert saman med Advokatfirmaet Legalis AS. Du blir overført til Legalis sine sider der du vel og fyller ut kontrakt. Denne vil bli kvalitetssikra av Advokatfirmaet Legalis AS før du betaler.

Slik kjem du i gong

Snakk om det!

Eit godt tips er at de har oversikt over eigedelar, formue og gjeld når de fyller ut skjemaet. Dette er viktig for å unngå misforståingar seinare.

Set i gong

Fyll ut kontrakten saman, slik at de begge veit kva avtalen inneheld og betyr. 

Etter at du har starta utfylling av kontrakten på Legalis sine sider, kan du logge inn, lagre, og komme tilbake seinare for å fullføre.

Signer kontrakten

Etter at han er kvalitetssikret av advokat, må de skrive ut og signere kontrakten.

Ein sambuarkontrakt treng ingen vitnar, og treng berre å signeres av dei to involverte partane. 

Oppbevaring

Ein sambuaravtale kan ikkje tinglysast eller blir registrert nokon stad. Det er derfor viktig at sambuaravtalen blir tatt vare på på ein trygg stad. 

Spørsmål om sambuarskap og sambuarkontrakt

Alle sambuarar treng ein sambuarkontrakt. Eit godt råd er å tenke gjennom korleis inntekt blir brukt i samlivet, til dømes om den eine betaler ned lån og den andre betaler for forbruksvarer som mjølk og brød. I tillegg til kva konsekvensar dette kan få. Ein sambuarkontrakt kan bidra til å forhindra konflikt ved eit brot, sidan mykje allereie er avklart.

Det viktigaste er ofte å tenke ordentleg gjennom eigarskap til bustaden. For sambuarar er det ikkje noko felleseie, slik det er ved ekteskap. Viss den eine eig bustaden når de blir sambuarar, er eigarskapet slik òg om det blir slutt mellom dykk. Den som flytta inn kan derfor stå på bar bakke etter eit langvarig forhold, samtidig som bustadprisane har auka i løpet av sambuarskapet. Dette kan vere dramatisk, og de bør ta sikte på at begge får del av bustad og verdistigning i marknaden.

Du står ikkje ansvarleg for gjeldsopptaket til sambuaren din, bortsett frå viss du er medlåntaker eller kausjonist. Kreditorane kan derfor ikkje gå etter formuen din. Likevel kan den økonomiske framferda til sambuaren din påverka deg. Dersom de eig bustad saman, kan kreditorane gå etter delen hans av bustaden, og dette kan medføre at de må flytta. Det er derfor viktig med openheit i sambuarskapet rundt gjeld.

Om de vil vere sambuar eller gifte dykk er noko de må finne ut av sjølv. Rettsleg har sambuarar no fått nokre betre rettar når den eine døyr, og har i mange tilfelle rett til ein minstearv og avgrensa uskifte. Vernet for gjenlevende ektefelle er likevel sterkare, og det same gjeld ved skilsmisse.

Den største forskjellen er at ektefellar som utgangspunkt har felleseie med likedeling av all formue. For sambuarar finst det ikkje felleseie – her er utgangspunktet at ein finn ut kven som eig kvar ting. Det kan gi ei langt meir ujamn fordeling, og nokon gonger med nokså urettferdig resultat. Ein god sambuarkontrakt, eventuelt kombinert med testament, kan løysa mykje.

Vakse par på kjøkken føre PC

Smarte sambuarar har kontrakt

Sambuarar som gjerne har levd litt lenger har ofte med seg meir inn i eit forhold enn dei som nettopp har fylt 20. Større formue, fleire møblar og eigedelar, og då lønner det seg å få dette ned på papiret.

Fleire tema for juridisk hjelp:

Framtidsfullmakt
Kven skal ta vare på interessene dine, den dagen du ikkje klarer det sjølv?
Testament og arv
Bestem kven du gir bort deler av arven din til.

Juridiske problemstillingar?

I tillegg til hjelp med sambuarkontrakten kan du få hjelp med andre juridiske problemstillingar. Som kunde får du redusert timepris hos Advokatfirmaet Legalis AS. Timepris: kr 1990,-

Telefon Legalis

21 41 67 80

E-post Legalis

sparebank1@legalis.no

Avtal møte med Legalis

Møtebooking

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }