Framtidsfullmakt

Med ei framtidsfullmakt sikrar du at nokon du stoler på tar vare på interessene dine, og hjelper den dagen du ikkje lenger er i stand til det sjølv. 

Tenesta blir levert av Advokatfirmaet Legalis AS.

Framtidsfullmakt  - juridisk hjelp

Kva er ei framtidsfullmakt?

Med ei framtidsfullmakt gir du éin eller fleire personar moglegheit til å ta vare på interessene dine den dagen du ikkje lenger er i stand til det sjølv.

Demens, sinnsliding, eller alvorleg sjukdom kan vere tilstandar som gjer at du treng denne hjelpa.

Ei framtidsfullmakt kan heilt eller delvis erstatte verjemål. I ei framtidsfullmakt blir den som gis fullmakt omtalt som ein fullmektig. Du som gir fullmakt kallast fullmaktsgiver. 

Les rettleier for Fremtidsfullmakt før du startar (pdf).

Har du allereie oppretta ein kontrakt hos Legalis? 
Finn kontrakten din her.

Framtidsfullmakt

1499 kroner
  • Framtidsfullmakta er ein standard kontrakt, som omfattar dei fleste forhold som er aktuelle.
  • Ein advokat frå Advokatfirmaet Legalis AS ser over og kvalitetssikrer framtidsfullmakta.
  • Framtidsfullmakta må skrivast ut og signerast av deg og to vitnar saman, då det ikkje er moglegheit til å signere digitalt. 
  • Ønsker du å tilpasse innhald og treng meir hjelp frå advokat, tilbyr Legalis ein redusert timespris på kr 1990,-.

Tenesta blir levert saman med Advokatfirmaet Legalis AS. Du blir overført til Legalis sine sider der du vel og fyller ut kontrakt. Denne vil bli kvalitetssikra av Advokatfirmaet Legalis AS før du betaler.

Slik kjem du i gong

Vurder behovet ditt og ønsker

For å få ei god framtidsfullmakt er det viktig å gjere seg opp ei meining om kva du vil skal inngå i fullmakta. 

Set i gang

Fyll ut kontrakten saman, slik at de veit kva avtalen inneheld og betyr. Les teksten nøye og vurder om dette er i tråd med dine ønsker.

Etter at du har starta utfylling av kontrakten på Legalis sine sider, kan du logge inn, lagre, og komma tilbake seinare for å fullføre.

Signar kontrakten

Etter at ho er kvalitetssikret av advokat, må de skrive ut og signere kontrakten saman.

Ei framtidsfullmakt krev to vitnar, som er til stades når signeringa skjer. 

Oppbevaring

Ta vare på signert framtidsfullmakt på ein sikker stad etter avtale med den som blir gitt fullmakt i dokumentet. Då veit han eller ho kor framtidsfullmakta er når den skal takast i bruk.

Spørsmål om framtidsfullmakt

For å opprette ei framtidsfullmakt må du ha fylt 18 år, og du må ha evne til å forstå tydinga til fullmakta. Det betyr at du må skrive fullmakt før du har blitt så sjuk at du ikkje lenger er i stand til å ta eigne avgjerder. Så lenge du er frisk kan du òg trekka tilbake ei oppretta framtidsfullmakt, eller velje å skrive ei ny framtidsfullmakt.

I kva grad du kan oppretta framtidsfullmakt når du eksempelvis har ein påbyrjande demenssjukdom, vil bero på kor langt i sjukdomsforløpet du er. Dersom du er på eit tidleg stadium og du framleis er samtykkekompetent, kan du framleis opprette ei framtidsfullmakt. Vi anbefaler likevel i slike tilfelle at du innhentar ei legeerklæring som bekreftar at du ved underskrivelsestidspunktet er samtykkekompetent. Dette for å vere på den sikre sida, då fullmakta kan bli avslått dersom det går kort tid mellom skiping og ikrafttredelse. 

Framtidsfullmakta skal signerast av fullmaktsgiver (den som opprettar framtidsfullmakta) for hand. Fullmakta skal òg signerast for hand av to vitne som er til stades samtidig som fullmaktsgiver. Dette inneber at du ikkje først kan innhenta ei vitneunderskrift den eine dagen, for deretter å innhenta vitneunderskrift nr. 2 den neste dagen. Det er viktig at vitna er til stades samtidig.  

Vitna må vidare vere myndige, vite at det er ei framtidsfullmakt, og forstå tydinga av vitneunderskrifta. Vitna kan heller ikkje ha ei eigeninteresse i at det blir oppretta ei framtidsfullmakt. Vitna kan heller ikkje vere i nær slekt med fullmaktsgiver eller nokon av fullmektigane. Vel derfor venner, naboar el. 

Det fulle namnet til vitna, adresse og fødselsdato må fyllast inn i feltet under underskrifta til kvart enkelt vitne. 

Nei, fullmektigen skal ikkje signere på framtidsfullmakta. Det er berre fullmaktsgiver og to vitner som skal signere. Fullmaktsgiver kan og skal ikkje signere som vitne. Sjå punktet om signering. 

Ja, det gjer ikkje noko om vitna er gift med kvarandre, så lenge dei ikkje er gift med fullmaktsgiver eller nokon av dens nærstående. Det inneber at eit gift vennepar kan signere som vitne, så lenge dei ikkje har ei familiær tilknyting til nokon i fullmakta, eller har ei eigeninteresse i at framtidsfullmakta blir oppretta. 

Han du gir fullmakta til må ha fylt 18 år og kan ikkje sjølv ha verje. 

Døme på dei du kan gi fullmakt til:

  • ektefelle
  • sambuar 
  • barn
  • søsken
  • barnebarn
  • venn eller ein annan person du føretrekker.

Du som fullmaktsgiver står fritt til å velje, men det er viktig å velje nokon du har særleg tillit til. Fullmakta kan givast til ein eller fleire personar.

Ja, så lenge du framleis er samtykkekompetant og framtidsfullmakta ikkje har tredd i kraft, kan du endre og tilbakekalla framtidsfullmakta. 

Dersom du ønsker å endre ho, blir det tilrådd å opprette ei heilt ny framtidsfullmakt, som blir signert på nytt av fullmaktsgiver og to vitner. Dersom du byrjar å stryka eller kladda for hand i fullmakta, kan det oppstå tvil om når og kven som har gjort dette, som gjer at Statsforvalteren kanskje vil avslå fullmakta. Det beste er derfor å oppretta ei ny framtidsfullmakt med ønska endringar. 

Dersom du ønsker å tilbakekalla heile framtidsfullmakta, må du sørga for at avtalen blir kasta/blir destruert. Det er derfor viktig at du tilbakekallar originalar som eventuelt er delt ut til fullmektigane dine. 

Det finst ikkje noko offentleg oppbevaring av framtidsfullmakta. Dette inneber at du sjølv må sørga for ein trygg oppbevaring av framtidsfullmakta. Dersom framtidsfullmakta skal takast i bruk, må denne bli stadfesta hos din lokale statsforvalter. Statsforvalteren godtar berre den originale signerte framtidsfullmakta, kopiar blir ikkje akseptert. Det er derfor den originale framtidsfullmakta med fysiske underskrift du må ta vare på. Mange ønsker derfor å oppretta framtidsfullmakta i fleire originalar, slik at både du og fullmektigen din tar vare på ein original kvar. 

Fullmakta trer i kraft når ei legeerklæring bekreftar at du som fullmaktsgiver er i ein tilstand som gjer at du ikkje lenger kan ta vare på eigne interesser.

Det er ei heilskapleg vurdering av helsetilstanden din, og behova dine for hjelp innanfor dei områda fullmakta omfattar, som avgjer det. Altså kan framtidsfullmakta tre i kraft sjølv om du er i stand til å handtere visse daglegdagse ting. 

Den som er fullmektigen har rett til å innhente legeerklæring om helsetilstanden din for å dokumentere at du er ute av stand til å ta vare på eigne interesser. For å unngå mistanke om interessekonflikt bør ikkje fullmektig ha personleg tilknyting til legen som utskriv denne legeerklæringa.

Når legeerklæringa finst skal fullmektigen umiddelbart gi deg og ektefellen eller sambuaren din ein skriftleg beskjed om fullmaktas gyldighet og om innhaldet dens. Har du ikkje ektefelle eller sambuar, skal andre nære slektningar av deg få beskjed. Når dette er gjort skal fullmektigen be om Statsforvalterens stadfestelse av framtidsfullmakta, jf. verjemålslova § 84. 

SpareBank 1 Sogn og Fjordane krev at Statsforvalteren i fylket godkjenner fullmakta før fullmektigen får tilgang til fullmaktsgiverens konto, kontoar eller eventuelt andre banktenester. Det same krev tinglysingsstyresmakta (Kartverket) før fullmektigen kan disponere eigedom på vegne av fullmaktsgiveren.

Her kan du lese meir om stadfesting

Dersom det hender forhold ved fullmaktsgivers sinnsliding som gjer at fullmakta må tre i kraft, må det først og fremst innhentast ein legeattest som bekreftar at det er nødvendig at nokon overtar ansvaret for fullmaktsgivers interesser. 

Deretter skal den originale framtidsfullmakta med fysiske underskrifter og legeerklæringa bli send til din lokale Statsforvalter for stadfestelse. Statsforvalteren kontrollerer deretter om vilkåra for framtidsfullmakt er oppfylt. 

Dersom framtidsfullmakta oppfyller vilkåra, vil Statsforvalteren senda stadfesta framtidsfullmakt i retur. For det tilfellet at Statsforvalteren ikkje godkjenner framtidsfullmakta, vil du ikkje ha noko klagemoglegheit. Det vil då vere ordinært verjemål som er alternativet. Det er derfor veldig viktig at formkrava er oppfylte, og at fullmakta er signert riktig med vitne.

SpareBank 1 Sogn og Fjordane krev at Statsforvalteren i fylket stadfestar fullmakta før fullmektigen får tilgang til fullmaktsgiverens konto, kontoar eller eventuelt andre banktenester. Det same krev tinglysingsstyresmakta (Kartverket) før fullmektigen kan disponere eigedom på vegne av fullmaktsgiveren.

Banken vil deretter gjere fullmektig til disponent av fullmaktsgivers konto, slik at fullmektig får tilgang til konto i eigen nettbank og mobilbank (fullmektig må vere, eller bli kunde i same bank som fullmaktsgiver).

Fullmektig kan ikkje overta eller bruke fullmaktsgivers BankID, då BankID er personleg og skal berre brukast av eigar.

Framtidsfullmakt – tryggleik for heile familien

For å sikre at framtida skal bli god, skreiv Alfon og Gerd-May framtidsfullmakt saman med barna.

Fleire tema for juridisk hjelp:

Sambuarkontrakt
Alle sambuarar treng ein sambuarkontrakt.
Testament og arv
Bestem kven du gir bort deler av arven din til.

Juridiske problemstillingar?

I tillegg til hjelp med framtidsfullmakta kan du få hjelp med andre juridiske problemstillingar. Som kunde får du redusert timepris hos Advokatfirmaet Legalis AS. Timepris: kr 1990,-

Telefon Legalis

21 41 67 80

E-post Legalis

sparebank1@legalis.no

Avtal møte med Legalis

Møtebooking

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }