Bli aksjemeklar frå sofakroken

Med aksjesparekonto har det aldri vore enklare å spare i aksjar og aksjefond.

Illustrasjonsfoto av ei kvinne og ein mann som sit i sofaen og diskuterer.

Korleis kan eg få mest ut av sparinga mi?

Det er mange måtar å spare på, og du kan mellom anna velje å

  • spare på konto
  • spare til bustad i BSU
  • mikrospare
  • spare til pensjon i pensjonssparekonto
  • spare i fond og aksjar

Dette er aksjesparekonto

Å spare i fond og aksjar høyrest kanskje skummelt ut, og noko som berre gjeld aksjemeklarar. Med ein aksjesparekonto er aksjar og fond meir tilgjengeleg og enklare for alle.

Aksjesparekonto er ein konto der du kan samle aksjar og fond. Målet er å gjere det lettare for folk flest å eige, byte, kjøpe og selje aksjar og fond, og ikkje minst at du enkelt får oversikt når alt samlast på ein stad.

Skattefordelen i aksjesparekonto

Oppnår du gevinst, det vil seie at verdien på fond og aksjar har stige og gitt deg avkasting, slepp du å skatte av den så lenge den blir ståande på aksjesparekontoen din. Du kan altså investere gevinsten på nytt utan å måtte betale skatt. 

Tidlegare har det vore slik at om du ønsker å selje aksjar og fondsandelar, har du måtte skatte av gevinsten du har oppnådd før du kunne investere pengane på nytt ein annan stad.

Med aksjesparekonto gjeld ikkje dette lenger. Du kan bruke det du har tent til å kjøpe fleire aksjar. Det er først når du tar ut gevinsten frå aksjesparekontoen din at du må betale skatt.

Spare på konto eller kjøpe fond?

Fondssparing er eit smart val når du skal spare langsiktig. Sparer du i fond kan du forvente høgare avkasting enn om du sparer på ein konto. Med andre ord kan sparepengane dine vekse raskt!

Når du sparer i fond er det viktig å hugse at god tid er nøkkelen til trygg sparing. Held du deg til planen, også i dårlege tider, vil du sannsynlegvis oppnå større avkasting enn ved andre spareformer.

Ofte stilte spørsmål

Kort om avkasting
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnadar ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.

For deg som handlar fond og verdipapir
Sjå avtalar og retningslinjer

Sjå også

Aksjehandel

Kjøp og sel aksjar.

Spare i fond

Få hjelp til å komme i gang.

Spare til pensjon

Spar til framtida.