liten familie med far og to døtrer leikar i hagen ein solskinnsdag

Tips og råd

Forbrukslånet mitt

Her finn du som har forbrukslån hos SpareBank 1 svar på det du kanskje lurer på om lånet ditt – og nokre nyttige tips.

Priseksempel: Effektiv rente 16,6 %. Låner du 70.000 over 5 år, koster lånet 30.848, og du betaler totalt 100.848 kroner.


Korleis betaler eg tilbake lånet?

Forbrukslånet ditt blir betalt ned med månadlege avdrag. Du får faktura frå kredittselskapet på desse delbetalingane.

Med eFaktura får du fakturaen rett i nett- og mobilbanken, og har du i tillegg Avtalegiro blir den automatisk betalt ved forfall.


Kor mykje har eg igjen på forbrukslånet, og når er lånet nedbetalt?

Du finn forbrukslånet ditt under Mine lån i nett- og mobilbanken.

Går du inn på lånet, ser du kor mykje du framleis skyldar og når lånet blir innfridd. Der vil du også finne nedbetalingsplanen som viser alle dei gjenverande betalingane, med fordeling mellom avdrag og renter.


Kan eg betale inn ekstra på forbrukslånet?

Du kan når som helst betale inn meir på forbrukslånet, og det er leikande lett: Gå inn på lånet i nett- eller mobilbanken, og bruk knappen Ekstra innbetaling.

Det er pengar å spare på å betale ned lånet raskare. Jo høgare lån og lengre nedbetalingstid du har, desto meir sparar du på å betale inn ekstra når du kan.

NB: Ekstra innbetalingar gjer at du får kortare nedbetalingstid. Dei månadlege avdraga forblir dei same.


mor og dotter sit i sofaen og pratar om alvorlege ting

Kan eg få betalingsutsetjing på forbrukslånet?

Viss du har problem med å betale ein månad, kan du kontakte bankrådgjevaren din og be om ein avdragsfri månad. Du må framleis betale renter på lånet denne månaden, og nedbetalingsplanen blir forskyvd med éin månad.

Husk at å utsetje betalingar på forbrukslånet gir deg høgare totalkostnadar på lånet.

NB: Blir det meir regelen enn unntaket at du har problem med å betale rekningane dine? Sjå dei beste tipsa våre for deg som treng å ta grep om eigen økonomi.


Kva skjer viss eg ikkje betalar i tide?

Viss du ikkje betaler den månadlege fakturaen innan forfall, vil du få tilsendt ei purring og må betale purregebyr. Betaler du heller ikkje purringa i tide, vil du få eit inkassovarsel. Viss også denne går ut utan at du har betalt, vil saka gå til inkasso.


Kan eg auke forbrukslånet ved behov?

Nei, forbrukslånet er ikkje eit rammelån. Med forbrukslån blir du innvilga ein konkret sum med ein tilhøyrande nedbetalingsplan. Ønsker du å låne meir, må du derfor søke om eit nytt forbrukslån.

Har du behov for ei kredittramme du fritt kan låne innanfor, og ikkje kvalifiserar for flexilån som tar pant i bustaden, kan du vurdere kredittkort.

Merk at renta på kredittkort er høgare enn for forbrukslån. Tar du opp kredittkortgjeld, bør du derfor ha ein plan for å betale ned denne gjelda så raskt som mogleg.


Bør eg refinansiere?

Har du fleire forbrukslån eller kredittkort? Då kan det vere lurt å sjekke om du burde refinansiere. Med eit refinansieringslån samlar du din usikra gjeld i eitt lån for betre oversikt og kontroll, og med lågare totalkostnadar enn i dag. Det tar berre nokre få minutt å søke – resten av jobben tar vi.

Du har dessutan ikkje noko å tape på å sjekke moglegheitane, for du får berre innvilga refinansiering frå oss viss det gir deg lågare totalkostnadar.

Priseksempel: Effektiv rente 14,7 % Låner du 150 000 over 5 år, kostar lånet 58.602 kroner, og du betaler totalt 208.602 kroner.

mor og dotter sit i sofaen og pratar om alvorlege ting
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }