Sjekke inne

Det er mykje du kan gjere inne i bustaden din for å førebygge skader. Det kan vere å sjekke slangane til vaskemaskina, batteria i røykvarslarar, det elektriske og om det er fukt på loftet eller i kjellaren. Dette bør sjekkast med jamne mellomrom.

 

Photo: Jan Khür - www.jankhur.com


Sjekk slangar til oppvaskmaskin og vaskemaskin

Kvifor?

Unngå lekkasje og unødvendige vasskader.

Slangane til oppvaskmaskina og vaskemaskina kan over tid bli slitte, og dette kan føre til lekkasje frå slangane og vatn utover golvet. Heldigvis er det enkelt og raskt å sjekke korleis det står til med slangane og bytte dei viss det er behov for det.

Kva treng ein? Tørkepapir, pakning

Dersom du ikkje har elektronisk lekkasjestopp kan du setje ein plastbehaldar under oppvaskmaskina.


Korleis?

  1. Sjå etter skadar og slitasje på slangen, spesielt rundt slangefestet.
  2. Sjekk om slangane sit godt til ved å kjenne med handa om røret er godt stramma.
  3. Sjå etter teikn til lekkasje rundt slangefestet og på golvet og bruk tørkepapir for å sjå om papiret blir vått når du tørkar rundt koplinga mellom slanga og maskina.
    - Dette kan vere lurt å gjere rett etter at maskina har køyrt ferdig. Dersom papiret blir våtare enn ved minimal kondens på røra kan det vere lurt å bytte pakningar (ein pakning er eit væske- og gasstett element mellom maskindelar).
  4. Vurder å bytte slange eller pakning dersom du finn slitasje eller teikn til lekkasje.
  5. Slå av vasstilførsla og ta ut støpselet til maskina før du byttar pakning eller slange.
    - Vi anbefaler å følgje bruksanvisninga for di maskin, anten fysisk eller elektronisk.
    - For å bytte pakning kan du skru av slangen, legge den nye pakninga i munnstykket til slangen og skru pakninga på slangen.


Har du vasskade?

Om du oppdagar vasskaderkjøkkenet, tilrår vi å kontakte fagfolk og følgje råda til Direktoratet for Byggkvalitet for å sikre ein miljøvenleg og effektiv oppussing.



Kartlegg kvar hovudstoppekranen er

Kvifor?

Reduser skadeomfanget ved vasskader.

Dersom uhellet er ute og vatnet fossar, kan du førebyggje eller avgrense skadeomfanget ved å raskt kunne skru av hovudstoppekrana, altså vasstilførsla i heimen. Om du veit kvar stoppekrana er i forkant av ei eventuell skade, vil du raskare kunne skru av vatnet. Ein slik gjennomgang med alle i husstanden kan altså avverge store skader.

Steng hovudstoppekrana dersom heile husstanden skal vere vekke i over én månad.


Korleis?

  1. Ta med alle i husstanden til der hovudstoppekrana er.
    - Hovudstoppekrana er som oftast i vaskerom, teknisk rom eller eit stad i kjellaren, like ved der vatnet kjem inn i bustaden.
    - Hovudstoppekrana under kjøkkenbenken er ofte berre kopla til oppvaskmaskina.
  2. Sørg for at stoppekrana er lett tilgjengeleg og utan hinder framfor.


Sjekk trykk i reduksjonsventil

Kvifor?

Godt trykk i vassutløp.

Dersom du opplever dårleg trykk i vasskranar eller dusjen, kan det vere at vassfilteret i reduksjonsventilen er skitent og tett. Reins av filteret i reduksjonsventilen bør overlatast til fagfolk dersom du ikkje har kompetanse eller erfaring med det frå før av.

Kva treng ein? Kanskje fagfolk

Korleis?

  1. Finn reduksjonsventilen like i nærleiken av hovudstoppekrana.
  2. Sjekk om trykket er på 4 bar (tilrådd trykk).
  3. Skru på ein vasskran for å sjekke trykket. Trykket vil synke når du opnar vasken, men det skal ikkje bli lågare enn 2,5 bar. Blir det lågare enn 2,5 bar, kan ein årsak vere tett filter.
    - Dersom trykket blir lågare enn 2,5 bar når du skrur på vatnet, kan du rense filteret i vasskraner og dusjhode for å sjå om det hjelper på trykket. Det kan vere at dei filtra er tette, og dei er heldigvis lette for deg å vedlikehalde sjølv.

Mange blokkleilegheiter har ikkje reduksjonsventil. Her tilrår vi jamleg reins av filter på vask og dusjhode. Om ikkje dette løyser problemet, tilrår vi å kontakte fagfolk som kan reinse filteret.




Sjekk loft for fukt

Kvifor?

Jo før du oppdagar fuktskader, jo lågare blir skadeomfanget.

Fuktskader oppstår gjerne over tid, og kan i starten vere vanskelege å få auge på. Difor er det lurt å jamleg sjekke utsette stader slik at du tidleg kan oppdage teikn på fukt. Det tar heldigvis ikkje så lang tid å sjekke dette sjølv, men oppdagar du fuktskader, må det som oftast ein fagperson til for å fikse skaden.

Kva treng ein? Molegvis fagfolk

Sjekk undertaket ein kald vinterdag etter rimfrost. Ser du rimfrost er det tegn på at fuktig luft frå huset trengjer inn på loftet.


Korleis?

  1. Sjekk at taket er tett og at eventuelle loftsvindauge er tette og lukka.
  2. Sjå etter misfarging, fuktflekkar og muggvekst på undertaket og veggar.
  3. Undersøk at golvet ikkje er fuktig.
  4. Sjekk at rør er tette og isolerte og tett gjennomføringar av rør og andre sprekker som kan gjere at varm luft kjem inn.
  5. Sjekk at loftsgolv/loftsluke er tett slik at varm fuktig luft ikkje stig opp mot kaldt loft.
    - Dersom varm luft stig opp på loftet, kan det føre til kondens som skapar fukt og grobotn for sopp.
  6. Sjekk at ventilar eller luftspalter er i god stand og at det ikkje er noko som forhindrar god lufting av yttertaket.

Har du fuktskade?

Dersom du oppdagar fuktskader på loftet, anbefalar vi å kontakte fagfolk og følge råda til Direktoratet for Byggkvalitet for å sikre ei miljøvenleg og effektiv oppussing.



Sjekk kjellar for fukt

Kvifor?

Jo fortare du oppdagar fuktskader, jo lågare blir skadeomfanget.

Fuktskader oppstår gjerne over tid og kan i starten vere vanskeleg å få auge på. Difor er det lurt å jamleg sjekke utsette stader slik at du tidleg kan oppdage teikn på fukt. Det tar heldigvis ikkje så lang tid å sjekke dette sjølv, men oppdagar du fuktskader må det som oftast ein fagperson til for å fikse skaden.

Kva treng ein? Moglegvis fagfolk

Sjekk om det har kome inn vatn frå kjellervindauge etter mykje nedbør.


Korleis?

  1. Sjekk om du kjenner den karakteristiske kjellarlukta.
  2. Sjå etter misfarging eller kvitt saltutslag på veggar og golv.
    - Kondensskadar og lekkasje gjennom vegg kan tyde på at dreneringa er dårleg. Å byte dreneringssystemet må fagfolk ta seg av.
  3. Sjekk at dører og vindauge er tette.
    - Ver merksam på at kalde kjellarar er spesielt utsett for overflatekondens når ein slepp inn varm og fuktig uteluft i sommarhalvåret.
  4. Sørg for tilstrekkeleg lufting i kjellaren gjennom ventilar eller bruk av ein avfuktar.
  5. Bruk ein fuktmålar for å måle fukt.
    - Fuktigheten i rommet bør ikkje vere over 60 %.
  6. Sjekk ved vindauge og dører om det har kome vatn inn etter kraftig nedbør.
    - Følg også vedlikehaldsråda om å leie vatn vekk frå huset.

Tips!

Sjekk med fagfolk før du innreier kjellaren slik at du ikkje byggjer over eller innreier fuktutsette stader.
Ikkje oppbevar ting i kjellaren på gulvet! Dersom det oppstår ein vasskade vil ting som oppbevarast i høgd være mindre utsett for skade.

Har du fuktskade?

Dersom du oppdagar fuktskader i kjellaren, anbefaler vi å kontakte fagfolk og følgje råda til Direktoratet for Byggkvalitet for å sikre ein miljøvenleg og effektiv oppussing.



Sjekk ytterdør og vindauge for trekk.

Kvifor?

Unngå kulde og trekk.

Mange heim har gamle vindauger og opplever at det ikkje er helt tett rundt vindauger og dører. Dette slepp kald luft inn i heimen, og varm luft ut. På sikt kan det føre til kondens og fuktskadar, og i verste fall kan sopp og råte setje seg i treverk eller muren rundt vindauget eller døra. Mykje energi går med på å varme opp ein heim, men med utette vindauge og dører vil mykje av den varme lufta gå ut og den kalde blir trekt inn. Varmen vil dermed gå tapt. Heldigvis er det enkelt å sjekke tilstanden til vindauger og gjere enkle tettegrep sjølv. Ei anna moglegheit er å oppgradere vindauger til betre kvalitet.

Kva treng ein? Fyrstikk eller lighter, ark, lærartyggis eller plastelina, måleband, tetningslister 

Det kan vere lettare å oppdage trekk på ein vindfull dag


Korleis?

  1. Sjå etter mugg, kondens, misfarging og avflassa maling på innsida av vindauge.
  2. Leit etter utette stader rundt vindauge og dører. Det finst mange måtar å finne ut kvar det trekk på:
    - Ha litt vatn på handa og før handa rundt vinduet for å kjenne om det trekk kald luft inn gjennom vindauget eller døra.
    - Tenn ei fyrstikk eller lighter og før den forsiktig rundt vindauge eller døra for å sjå om den blafrar.
    - Lukk vindauge eller døra med eit ark mellom karmen og vindauge eller døra. Prøv å forsiktig dra ut arket. Hugs å gjere dette på alle fire sider av vindauge.
  3. Fjern eventuelt eksisterande tetningslister. 
  4. Plasser ein bit lærartyggis eller plastelina mellom vindauge eller dør og karm, og lukk vinduet eller døra for å finne ut kor tjukke tetningslister du treng.
  5. Mål tjukkelsen på lærartyggisen eller plastelinabiten.
  6. Kjøp tetningslister som passar best mogleg til måla.
  7. Fjern eventuelt eksisterande tetningslister.
  8. Reingjer vindaugskarmen der tetningslistene skal sitje med Aceton eller liknande reingjeringsmiddel.
  9. Mål opp og klipp til dei nye tetningslistene.
  10. Dra av beskyttelsespapiret og fest tetningslistene med den dobbeltsidige teipen som sit på dei.
    - Du kan også feste tetningslistene med stift. Då sit dei ofte lengre sidan teipen kan bli gammal. 

Vindauger og dører på badet og huset si skuggeside er ekstra utsett for skade. 

Har du trekk?

Dersom du oppdagar at du har utette vindauge eller dører, anbefaler vi å ta kontakt med fagfolk og følgje råda til Direktoratet for Byggkvalitet for å sikre ein miljøvenleg og effektiv oppussing.



Sjekk røykvarslarar og brannsløkkingsapparat 

Kvifor?

Ver godt førebudd på om det skulle oppstå brann.

Alle bustadar skal anten ha ein husbrannslange eller eit brannsløkkingsapparat med minst 6 kg pulver eller skum. Det er ingen som ønsker at det skal oppstå brann, men nokre gonger kan uhell skje. Er ein godt førebu og har fungerande røykvarslarar og brannsløkkingsapparat, kan ein evakuere fortare, hindre flammespredning og redusere skadeomfanget betydelig. Heldigvis er det lett å sjekke både røykvarslarar og brannsløkkingsapparat, og å gjere det til ein god rutine.

Kva treng ein? Batteri til røykvarslaren

Få med alle i husstanden for å gjere denne oppgåva og gjenomfør gjerne ein brannøving.


Korleis?

  1. Hald test-knappen på røykvarslaren inne i nokre sekund. Då skal den byrje å pipe. Sjekk at det er røykvaslarar i alle rom. 
  2. Trykk på test-knappen for å stoppe pipinga.
    - Piper den ikkje, må du byte batteri og gjenta testen. 
  3. Sjekk at pila på trykkmålaren på toppen av brannsløkkingapparatet står på det grønne feltet. 
  4. Sjekk at forseglinga eller plomberinga på toppen av brannsløkkingapparatet ikkje er brotne, har skader eller rust. 
  5. Snu brannslokkingapparatet opp-ned nokre gongar og prøv å høyre etter om du kan høyre lyden av pulveret inni som sildrar nedover. 
  6. Rull ut heile husbrannslangen og sjekk at krana fungerar og at slangen ikkje er morken eller har sprukket. 
  7. Sjekk at krana fungerar.

Hugs:

Test røykvarslarar jamleg, helst éin gong i månaden. Bytte batteri i røykvarslaren minst éin gong i året. Gir røykvarslaren frå seg korte pip, betyr det at batteriet er dårleg og må byttast.
Snu brannsløkkingsapparatet opp-ned nokre gonger kvart kvartal slik at pulveret inni ikkje klumpar seg.
Kontrollere husbrannslangen éin gong i året.


Sjekk elektriske kontaktar og brytarar 

Kvifor?

Ver proaktiv og reduser sannsynet for brann. 

Ikke berre er det irriterande at sikringa går ofte, det kan også bety at det er noko galt med det elektriske anlegget som bør sjekkast ut. Fire av ti brannar i Norge oppstår faktisk på grunn av feil i det elektriske anlegget. Det er mykje ein kan sjekke sjølv for å førebygge brann, men viss ein finn noko mistenkeleg, anbefaler vi å kontakte elektrikar med éin gong.

Jordfeilbrytar og overspenningsvernet bør sjekkast jamleg. 
Overspenningsvernet kan slå ut utan at du merkar det og må skiftast etter at det er utløyst.


Korleis?

  1. Kjenn etter varme på skapdøra til sikringsskapet med handflata.
  2. Kjenn etter varme framfor sikringane med handflata.
  3. Sjå etter teikn til misfarging i sikringsskapet.
  4. Kjenn etter om det luktar brent og om du høyrer knitring i sikringsskapet.
  5. Kontakt elektrikar dersom du finn éin eller fleire av feila over.
  6. Sjekk jordfeilbrytaren i sikringsskapet ved å trykke på testknappen. Om straumen koplast ut er alt som det skal med jordfeilbryteren.
    - Jordfeilbrytaren skal kople ut straumen automatisk når det oppstår ein feil i det elektriske anlegget eller i apparat i heimen. Dette er for å hindre brann.
  7. Sjekk overspenningsvernet i sikringsskapet. Er det merka raudt, må det skiftast.
    - Overspenningsvernet beskyttar mot spenningar som overstig det ein elektrisk installasjon er beregna for, for eksempel lynnedslag.
  8. Sjekk at stikkontaktar ikkje er lause.
  9. Kjenn etter varmegang i leidningar, støpsel og stikkontaktar.
  10. Sjekk om det er kutt på leidningar og sørg for at dei ikkje ligg krølla eller bunde saman.
  11. Sjekk at ingen leidningar ligg i klem ved døråpningar, vindauger eller under møblar.
  12. Sjekk alle skjøteleidningar etter varme og krøll på leidningar.
  13. Sjekk om anna elektrisk materiell er øydelagt.

Tips!

Elektriske og elektroniske produkt skal sorterast som EE-avfall. Butikkar der du får kjøpt elektronikk tar imot slike varer i retur, og nokre matbutikkar tar imot småelektronikk.
Skøyteleidningar, også kalla strømpadder eller strømplankar, bør berre vere midlertidige løysingar. Brukar du skøyteleidningar fast bør du vurdere å få installert fleire stikkontaktar.
Dersom du oftast får støt på rom som kjøkken, bad og vaskerom, eller om lyset oftast går, bør du kontakte elektrikar.


Kontrollere trykkvarmar

Kvifor?

Vær proaktiv og reduser sannsynet for brann- og vasskader.

Trykkvarmarar har ei levetid på omtrent 20 år. Sjølv om din gamle trykkvarmar framleis fungerar, vil den ikkje varme opp vatnet like energieffektivt eller halde på varmen like godt som nye varmarar. Det krev meir straum å behalde ein gammal trykkvarmar. Trykkvarmarar kan også skape varmegang i leidningar og støpsel, og kan i verste konsekvens utløyse brann. I tillegg kan eldre trykkvarmarar i større grad utløyse vasskader. Det er lurt og enkelt å få oversikt over tilstanden til ein trykkvarmar.

Redusere risikoen for dårleg kontakt og varmegang ved at trykkvarmaren blir fast tilkopla det elektriske anlegget med ein brytar i staden for at varmaren er kopla gjennom stikkontakt og støpsel.


Korleis?

  1. Kjenn etter varmegang i leidningar, støpslar og stikkontakter knytt til trykkvarmaren.
  2. Ta ut støpselet og sjå etter misfarging og brune merke rundt pinnane på støpselet og rundt hola i stikkontakten.
    - Slik misfarging kan tyde på at det er fare for brann.
  3. Sjekk om leidningane bak dekselet på trykkvarmaren er misfarga eller brent.
    - Før du tek av dekselet må du trekke ut støpselet eller ta sikringa ved fast tilkopling.
  4. Kontakt elektrikar dersom du finn ein eller fleire av feila over.
  5. Sjekk for eventuelle vasslekkasjer, spesielt om trykkvarmaren står i eit rom utan sluk.

I vedlikehaldsmodus?

Gå tilbake til vedlikehaldskalendaren for å sjå oversikta over kva som bør gjerast kvar sesong.

Nyttig om forsikring

Du er sjølv ansvarleg for å vedlikehalde heimen din og melde inn skader med ein gong du ser forhold i heimen din som ikkje er som det skal. Vi anbefaler å jamleg gjere vedlikehaldsarbeid slik at du har god kontroll på feil, manglar og slitasje som kan oppstå.

På denne måten reduserar du skadeomfanget og kan unngå større konsekvensar som fukt-, vatn- og brannskader kan føre til. Dersom det oppstår plutselege skader, sjølv om du er flink til å gjere vedlikehaldsarbeid, kan forsikringa dekke skadene.  

Merk at viss du har ting på loftet eller i kjellaren og dei blir skada av sopp og råte, er ikkje skadene dekka av innbuforsikringa. Slike skader som oppstår over lang tid, burde ha vore førebygd med vedlikehald. Skader som oppstår plutseleg, for eksempel på grunn av styrtregn som trengjer inn i huset, er dekka av forsikringa. Dårleg lufting på loftet eller i kjellaren kan føre til at det oppstår sopp- og råteskader på sjølve bygninga. Slike skader kan dekkast av tilleggsdekninga for sopp og råte.

Logg inn for å sjå kva forsikringar du har i dag

Les meir og kjøp eller oppgrader husforsikring

Les meir og kjøp tilleggsdekning for sopp og råte

Kva lurer andre på?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }